236236
236236
Færre produsentar, men fleire storfe
statistikk
2016-04-08T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Husdyrhald1. januar 2016, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Færre produsentar, men fleire storfe

I alt 14 100 storfeprodusentar søkte om produksjonstilskott for 848 000 storfe per 1. januar 2016. Dette er i underkant av 2 prosent færre produsentar enn året før, men 1,5 prosent fleire storfe.

Husdyrhald per 1. januar
2016Prosent endring fra
2015 - 20162007 - 2016
Mjølkeku227 371-0,5-12,0
Ammeku75 6335,134,3
Sau1 095 6693,57,0
Mjølkegeit33 5957,0-16,9
Alssvin92 571-1,3-5,6
Verpehøner4 380 605-0,730,7
Slaktekylling63 310 792-14,336,3

28 400 husdyrprodusentar søkte om produksjonstilskott per 1. januar 2016, og det er 200 færre enn året før. Størst prosentvis nedgang var det i talet på bedrifter med slaktekylling og mjølkekyr. Talet på bedrifter med slaktekylling blei redusert med 4 prosent til 650, medan talet på bedrifter med mjølkekyr gjekk ned med knapt 3 prosent til 8 600.

Det samla talet på storfe auka frå 2015 til 2016, og det var talet på ammekyr og andre storfe enn mjølkekyr som auka. Talet på ammekyr auka med 3 700 til 75 600, medan talet på andre storfe auka med 9 900 til 544 700. I same perioden gjekk talet på mjølkekyr ned med 1 100 til 227 400.

Talet på sau auka med 3,5 prosent til 1 095 700 i 2016. Det var om lag 12 500 bedrifter med sau i 2015, ein auke på 1,4 prosent frå året før.

Frå 2015 til 2016 gjekk talet på alssvin ned med 1,3 prosent til 92 600, medan talet på slaktesvin auka med knapt 1 prosent til 1 565 800.

Talet på bedrifter med slaktekylling gjekk ned med 1,8 prosent til 650, medan talet på bedrifter med verpehøner auka med knapt 2 posent til 2 100. I same perioden gjekk talet på verpehøner ned med 0,7 prosent til 4,38 millionar, medan talet på slaktekylling gjekk ned med 14,3 prosent til 63,3 millionar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB