255195
255195
Rekordbesøk i musea i 2015
statistikk
2016-05-25T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur, Kultur og fritid, Kultur og fritid, Svalbard
true

Museum og samlingar2015

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Rekordbesøk i musea i 2015

For første gong vart det registrert over elleve millionar besøk i dei norske musea. Dette er ein auke på over 4 prosent sidan 2014.

Museum og samlingar. Besøk og årsverk
20062015Endring i prosent
Besøk
Totalt besøk9 330 58711 315 28321,3
Enkeltbesøk6 786 3838 877 70930,8
Gruppebesøk2 544 2042 437 574-4,2
Betalande besøkjande4 462 3225 869 54231,5
 
Årsverk
Lønte årsverk3 397,14 015,118,2
Årsverk i faste stillingar2 517,23 085,422,6
Prosentandel faste stillingar74,177

I 2015 vart det registrert 11,3 millionar besøkjande på musea i Noreg. Det utgjer ein auke på over 450 000 besøk sidan 2014. Sjølv om besøkstalet var litt lågare i 2014 i høve til 2013, er auka reell, og det er første gongen musea har over elleve millionar besøk. Besøkstala har auka nesten kvart år sidan 2006. Frå 2006 til 2015 auka besøket i alt med 21 prosent. Enkeltbesøk utgjorde 78 prosent av alle museumsbesøka i 2015. I 2006 utgjorde enkeltbesøka 73 prosent av alle besøka i musea. I den same perioden, frå 2006 til 2015, auka enkeltbesøka med 30 prosent. Godt over halvparten av museumsbesøka, 52 prosent, var betalte besøk i 2015. I 2006 var delen betalande besøkjande under 50 prosent.

Drygt 41 prosent av alle museumsbesøka var på musea i Oslo, med 4,6 millionar besøk. Musea i Hordaland hadde 9 prosent av alle museumsbesøka, medan musea i Sør-Trøndelag stod for 8 prosent.

Samlingane aukar

Museumssamlingane består av ulike type gjenstandar eller objekt. Storleiken på samlingane var på nesten 56 millionar gjenstandar eller objekt i 2015, 5 prosent større i høve til førre året. Siste året har samlinga av arkeologiske gjenstandar auka med nær 6 prosent, og i 2015 var det i alt 6,7 millionar arkeologiske gjenstandar. Dei arkeologiske gjenstandane utgjer 12 prosent av dei totale samlingane, medan dei naturhistoriske gjenstandane utgjer 19 prosent. Fotografi utgjer største del av samlinga med 61 prosent, nærare 34 millionar foto. I 2015 var 34 prosent av samlingane elektronisk registrert.

Færre utstillingar

I 2014 var det mange vandreutstillingar i musea og totalt over 3 000 utstillingar. I 2015 var nivået om lag på det same som tidligare år med totalt 2 850 utstillingar. Mens basisutstillingane har auka med 27, har både temporære utstillingar og vandreutstillingar gått ned med høvesvis 60 og 149 til 1 026 og 255 utstillingar i 2015.

Stabil del offentlege løyvingar

Musea hadde samla driftsinntekter på 4,8 milliardar kroner i 2015. Dei totale driftskostnadene for dette året var på 4,6 milliardar kroner. Musea fekk 3,4 milliardar i offentlege tilskot. I 2015 var 71 prosent av musea sine inntekter offentlege tilskot, den same delen som i 2014. I 2006 utgjorde dei offentlige tilskota 67 prosent av inntektene til musea.

4 000 lønte årsverk

Totalt var det 4 000 lønte årsverk i musea i 2015, ein auke på 4 prosent samanlikna med førre året. 55 prosent av dei lønte årsverka var kvinnelege, ein auke på 0,4 prosentpoeng frå året før. 77 prosent av dei lønte årsverka var faste stillingar. I tillegg til dei lønte årsverka vart det utført 198 friviljuge årsverk. Talet på dei friviljuge årsverka har halde seg nokolunde stabilt dei siste 10 åra.

Konsolideringa gir færre museumseiningarÅpne og lesLukk

I alt 115 einingar er grunnlaget for rapporteringa i 2015. Dei har alle heldt ope i året dei rapporterer om, og har hatt minst eit årsverk på museet.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB