84064_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealdekke/arkiv
84064
Oppdaterte arealtal for grunnkrinsar
statistikk
2012-08-27T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Svalbard
no
arealdekke, Areal av land og ferskvatn, arealdekke, landareal, ferskvassareal, høgd over havetNatur og miljø, Areal, Natur og miljø, Svalbard
false

Areal av land og ferskvatn1. januar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppdaterte arealtal for grunnkrinsar

Tal for grunnkrinsar, kommunar og fylke er oppdaterte og lagt ut i Statistikkbanken.

Areal for kommunane 1723 Mosvik og 1729 Inderøy er slått saman til kommunen 1756 Inderøy som vart ny ved årsskiftet. I samband med dette er det også gjort ei omkoding av grunnkrinsane i denne kommunen. Vidare har det ved deling av gamle krinsar kome nokre nye grunnkrinsar i kommune 1902 Tromsø. Sjå standard for inndeling av grunnkrinsar for detaljar (lenkje til SSBs standard for grunnkrinsinndeling).

Om å få ut tal frå Statistikkbanken

Om ein ynskjer å få ut tal for den enkelte grunnkrins, eller alle grunnkrinsar i heile landet, må dette gjerast i fleire steg.

Etter å ha valt den rette tabellen:

1. Gå til fana som heiter ”Velg via grupper”

2. Vel så ”region” i rullemeny, og vel ei gruppering i rullemenyen nedanfor.

3. Trykk så på knappen ”Velg som enkeltverdier”. Du kan no gå attende til fanen ”Min tabell” og fortsetje på vanleg vis for å få ut tal.

Tal for busette etter grunnkrins er òg i Statistikkbanken, sjå tabell: 04317: Befolkning, etter grunnkrets (G) (1999-2012) .

Sjå meir hjå Kartverket: http://www.statkart.no/nor/Land/Fagomrader/Arealer_og_tall/Arsutgaver_av_arealstatistikken/