811 milliardar kroner i samla skatteinnbetalingar i 2017
Publisert:
I 2017 blei det betalt inn 811 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er 55 milliardar kroner meir enn det som vart betalt i 2016.
- Tala er henta frå
- Skatterekneskap
Ifølgje skatterekneskapen auka dei samla skatteinnbetalingane i 2017 med 7,3 prosent samanlikna med 2016. Dette er det fyrste gong sidan 2014 at skatteinnbetalingane veks frå eitt år til det neste.
Den vedvarande reduksjonen i innbetalingane sidan den gang kan delvis forklarast med den kraftige reduksjonen i innbetalingar av petroleumsskattar. Denne reduksjonen heldt fram i tre kvartal i 2017, for så å ta seg opp att.
I 2017 utgjer petroleumsskattane 8 prosent av dei samla innbetalingane, noko som likevel er den nest lågaste delen sidan 2008.
Figur 1. Samla skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar
Del | |
Des. 2008 | 31.7 |
Jun. 2009 | 25.6 |
Des. 2009 | 23.8 |
Jun. 2010 | 17.9 |
Des. 2010 | 22.1 |
Jun. 2011 | 21.4 |
Des. 2011 | 25.8 |
Jun. 2012 | 24.4 |
Des. 2012 | 26.9 |
Jun. 2013 | 25.1 |
Des. 2013 | 23.5 |
Jun. 2014 | 20.6 |
Des. 2014 | 20.3 |
Jun. 2015 | 15.8 |
Des. 2015 | 13 |
Jun. 2016 | 8.2 |
Des. 2016 | 5.4 |
Feb. 2017 | 6.6 |
Apr. 2017 | 6.5 |
Jun. 2017 | 6.1 |
Aug. 2017 | 7.4 |
Okt. 2017 | 8.6 |
Des. 2017 | 8.0 |
Dei personlege skattytarane stod for 659 milliardar kroner av dei samla innbetalingane. Dei upersonlege skattytaran utanom petroleumsselskapa betalte inn 85 milliardar. Sidan 2009 har dei personlege skattytarane auka sin del av innbetalingane frå over 60 prosent til drygt 80 prosent i 2017.
Figur 2. Andel av samla skatteinnbetalingar
Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift | Upersonlege skatteytarar utanom petroleumsskattane | Petroleumsskattar | |
2009 | 66.9 | 9.5 | 23.8 |
2010 | 68.0 | 10.1 | 22.1 |
2011 | 64.0 | 10.1 | 25.8 |
2012 | 64.2 | 8.8 | 26.9 |
2013 | 67.6 | 8.8 | 23.5 |
2014 | 70.9 | 8.8 | 20.3 |
2015 | 78.4 | 8.5 | 13.0 |
2016 | 85.4 | 9.1 | 5.4 |
2017 | 81.3 | 10.5 | 8.0 |
Innbetalingane til statsforvaltninga, eksklusiv petroleumsskattar, utgjorde 251 milliardar kroner i 2017, noko som svarar til ein auke 13 milliardar samanlikna med i fjor. I kommuneforvaltninga har innbetalingane auka med 8 milliardar kroner, som gjev samla innbetalingar på 189 milliardar i 2017. Dei samla innbetalingane til folketrygda ligg på 303 milliardar kroner.
Figur 3. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - desember akkumulert. Prosentvis endring
2016-2017 | 2015-2016 | |
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen | 4.7 | 3.1 |
Finnmark Finnmárku | 4.6 | 3.1 |
Troms Romsa | 8.4 | 5.1 |
Nordland | 5.4 | 4.4 |
Nord-Trøndelag | 2.5 | 3.6 |
Sør-Trøndelag | 1.4 | 4.9 |
Møre og Romsdal | 2.6 | -0.6 |
Sogn og Fjordane | 5.3 | 2.3 |
Hordaland | 3.0 | 1.3 |
Rogaland | -4.0 | 0.6 |
Vest-Agder | -2.9 | 0.9 |
Aust-Agder | 4.2 | 2.6 |
Telemark | 3.8 | 2.7 |
Vestfold | 2.6 | 3.3 |
Buskerud | 3.1 | 2.7 |
Oppland | 3.2 | 3.8 |
Hedmark | 3.4 | 4.1 |
Oslo | 12.8 | 3.9 |
Akershus | 5.8 | 5.0 |
Østfold | 3.2 | 5.3 |
Faktaside
Kontakt
-
Eivind Andreas Sirnæs Egge
-
Aina Johansen
-
Christopher Okazaki Hansen
-
Bjørn Gran-Henriksen
-
SSBs informasjonstjeneste