276922
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
276922
statistikk
2017-05-18T08:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
true

Skatterekneskap

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

1,3 %

auke i samla skatteinnbetalingar hittil i år jamført med same periode i fjor.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
April 2016April 2017April 2016April 2017
Rettet 23. mai 2017.
I alt270 256273 732-7,61,3
Ordinær skatt til staten12 49214 79216,718,4
Ordinær skatt på utvinning av petroleum8 8076 807-49,6-22,7
Særskatt på utvinning av petroleum13 75711 060-52,7-19,6
Fellesskatt til staten89 77189 546-4,3-0,3
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)9 1829 6553,95,2
Ordinær skatt til primærkommunen43 43146 1975,36,4
Medlemsavgift til folketrygda39 23440 7123,83,8
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda53 03654 516-0,92,8
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar546448

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert. Millionar kroner og endring fra fjoråret i prosent

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert. Millionar kroner og endring fra fjoråret i prosent
April 2015April 2016April 2017April 2015 - April 2016April 2016 - April 2017
1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
3Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
Rettet 23. mai 2017.
Fordelte skattar i alt292 333270 256273 732-7,61,3
Ordinær skatt til staten10 70812 49214 79216,718,4
Ordinær skatt på utvinning av petroleum17 4648 8076 807-49,6-22,7
Særskatt på utvinning av petroleum29 08413 75711 060-52,7-19,6
Fellesskatt til staten93 81589 77189 546-4,3-0,3
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)18 8419 1829 6553,95,2
Ordinær skatt til primærkommunen41 25443 43146 1975,36,4
Medlemsavgift til folketrygda37 80539 23440 7123,83,8
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda253 52253 03654 516-0,92,8
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar-158546448
 
Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift190 057193 831199 0812,02,7
Ordinær skatt til staten7 1989 75113 43735,537,8
Fellesskatt til staten43 24940 24235 912-7,0-10,8
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)18 5838 9389 3844,15,0
Ordinær skatt til primærkommunen39 91442 14044 7715,66,2
Medlemsavgift til folketrygda37 72939 17140 6033,83,7
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda253 52253 03654 516-0,92,8
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar-138554458
 
Upersonlege skattytarar101 98776 18474 213-25,3-2,6
Ordinær skatt til staten3 4782 7211 319-21,8-51,5
Ordinær skatt på utvinning av petroleum17 4648 8076 807-49,6-22,7
Særskatt på utvinning av petroleum29 08413 75711 060-52,7-19,6
Fellesskatt til staten50 48649 46153 507-2,08,2
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1227221235-2,66,3
Ordinær skatt til primærkommunen1 2481 2181 286-2,45,6
 
Renter m.m.289241438-16,681,7
Ordinær skatt til staten322036-37,580,0
Fellesskatt til staten8069127-13,884,1
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1312336-25,856,5
Ordinær skatt til primærkommunen9274139-19,687,8
Medlemsavgift til folketrygda7663109-17,173,0
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2.....
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar3-20-8-10

Tabell 2 
Skatteinngang i alt, etter fylke. Akkumulert. Millionar kroner og endring fra fjoråret i prosent

Skatteinngang i alt, etter fylke. Akkumulert. Millionar kroner og endring fra fjoråret i prosent
Skatteinngang i altProsentvis endring fra fjoråret
April 2015April 2016April 2017April 2016April 2017
Rettet 23. mai 2017.
Østfold9 70310 22110 6555,34,2
Akershus30 39830 97232 6301,95,4
Oslo54 24053 56258 357-1,29,0
Hedmark6 2096 4656 6844,13,4
Oppland6 2476 3146 5371,13,5
Buskerud11 78711 97012 4061,63,6
Vestfold8 7929 1399 3033,91,8
Telemark6 0936 1506 5600,96,7
Aust-Agder3 8764 0463 9964,4-1,2
Vest-Agder8 7478 8918 2971,7-6,7
Rogaland26 52925 89624 854-2,4-4,0
Hordaland23 49823 25024 001-1,13,2
Sogn og Fjordane4 3404 3624 4500,52,0
Møre og Romsdal10 88610 61510 726-2,51,0
Sør-Trøndelag13 36613 54513 6481,30,8
Nord-Trøndelag4 2014 3954 5344,63,1
Nordland7 8398 1708 6994,26,5
Troms - Romsa5 3695 9276 12610,43,4
Finnmark - Finnmárku1 8481 9302 0184,54,5
Svalbard126105131-16,424,5

Om statistikken

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelt på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar. Skatteinnbetalingane er også delt mellom dei ulike skattekreditorane, som stat, kommune, fylke og folketrygd.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt
Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift
Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsår t. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk trekkast av arbeidsgjevar før lønn utbetalast, og svarer til den skatten som forventast å bli utlikna for inntektsåret. Forskotsskatt betalast av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast forskotstrekk i.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift betalt inn av upersonlege skattytarar og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar
Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i inntektsår t+1.

Renter m.m.
Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten
Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidligere toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum
Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og rørleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum
Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten
Fellesskatt til staten betalast av alle som er pliktig å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)
Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen
Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda
Folketrygda finansierast mellom anna av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda reknas ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda
Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Den bereknast som ei prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsa avhenger av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard
Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til Folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).


Kreditorar
Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd. Innbetalt skatt blir etter frådrag for avsetning til margin fordelt av skatteoppkrevjar på ulike skattekreditorar delvis ved hjelp av utrekna fordelingstal.
Lokal eigedomsskatt er ikkje inkludert i statistikken, men formue knytt til eigedom kan påverke totalsumma av ordinære skattar. Statistikk for eigedomsskatt publiserast årleg.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Skatterekneskap
Emne: Offentlig sektor

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for offentlige finanser

Regionalt nivå

Kommune.

Kor ofte og aktualitet

Månadleg. Publiserast mellom den 15. og den 20. i månaden etter innbetalingsmånad.

Internasjonal rapportering

Skatterekneskapen inngår i berekninga av kvartalsvise inntekter og utgifter for offentlig forvaltning som rapporterast til Eurostat.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnlagsdata lagrast i SAS-datasett og arkiverast på flate filar på Linux-server.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å gje ein månadleg oversikt over innbetalt skatt på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå.

Brukarar og bruksområde

Dei viktigaste brukarane er Finansdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KS (tidlegare Kommunanes Sentralforbund), kommunar og fylkeskommunar.

Statistikken blir mellom anna nytta for løypande oppfølging og styring av kommuneøkonomien i samband med nasjonalbudsjett, revidert nasjonalbudsjett, kommuneøkonomiproposisjonen og som grunnlagstal for rapportar frå Det tekniske berekningsutval for kommunanes og fylkeskommunane sin økonomi. Den blir også nytta av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i utrekning av rammeoverføringane til kommunane i samband med løypande inntektsutjamning.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Skattestatistikken inngår i arbeidet med å estimere kommunanes inntekter i samband med nasjonalrekneskapen og nasjonalbudsjetta. Skattestatistikken er og ei av kjeldene som blir nytta i samband med rapportering til Eurostat for korttidsindikatorar for offentlege finansar.

Lovheimel

Statistikkloven § 3-2 (administrative data-systemer).

EØS-referanse

Rådsforordning 2223/96, Kommisjonsforordning 264/2000, Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1221/2002.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar innbetalt skatt til kommunekasseraren/kemneren. I tillegg inngår skatt for personar utan varig tilknyting til landet (frå Skatteoppkrever utland) samt skattar på utvinning av petroleum. Grunnlagstala er fordelt på ulike skattekreditorar (kommunar, fylkeskommunar, staten, folketrygda) og ulike skatteordningar (forskottskatt, etterskottskatt, arbeidsgjevaravgift og trygdepremiar).

Datakjelder og utval

Administrative register: Statistikken baserer seg på månadsoppgjøret i skatterekneskapen. Grunnlagstal blir henta inn frå kommunane av Skattedirektoratet elektronisk og sett saman i ei fil for vidare sending til SSB gjennom eit lukka system for filoverføring. Registrerte petroleumsskattar (ordinær skatt og særskatt) frå skattefuten i Oslo og Akershus blir sendt til SSB på e-post.

SSB mottek også ei fil med tal for tilbakebetalingar og renter av skatt på utbytte for utanlandske aksjonærar på e-post frå skatteetaten.

Datainnsamling, editering og beregninger

Grunnlagstal blir innhenta frå kommunekasserarane 2. virkedag etter månadsslutt via ulike dataleverandørar til Skattedirektoratet (SKD). SKD kontrollerer dataa og tilrettelegg ei fil for overføring til SSB i løpet av tre dagar. Dataa blir lagt inn i SSBs database og blir der supplert med oljeskattar på utvinning av petroleum, samt at det blir gjennomført ulike kontroller på "inputdataa". Skatteoppkrevjar fordeler skatten mellom alle skattekreditorar direkte, ned på kvar enkelt kommune.

I databasen blir det kjørt ulike kontrollprogram, mellom anna talet på kommunar, bruk av ugyldige kommunenummer eller ugyldige kontoar, og kontroller mot summar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Dessutan sjekkar ein den interne konsistensen i skatterekneskapen.

Sesongjustering

Skatterekneskapsstatistikken blir ikkje sesongjustert.

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune. Fordimånadsfilene blir akkumulert, vart ikkje brot i tidsserien eliminert før ved utgangen av 2000.

I 2008 innførde Skattedirektoratet eit nytt rapporteringssystem for skatt (SOFIE) som medførde nokre endringar. Frå 2008 kan ein også gje ut skattetal for Svalbard. SSB starta difor ein ny tidsserie i Statistikkbanken frå august 2008.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Etter at fylkeskommunen er blitt eigen skattekreditor er differansen mellom bokført skatt i kommunerekneskapen og dataa oversendt frå SKD blitt mindre, men ikkje heilt eliminert. Dette kan skuldast at innbetalt skatt for tidlegare år er blitt fordelt etter den gamle metoden. Differansane vil etter kvart bli eliminert ettersom all innbetalt skatt vil bli fordelt direkte til fylkeskommunen.

SKD sender ikkje fila til SSB før data frå alle kommunane er innkomne.

Ingen utvalsfeil grunna fullteljing.

I einskilde tilfelle kan forskyving mellom månader i innbetaling/føring av skattane for enkeltkommunar medføre store endringstal samanlikna med same periode året før. Dette vil normalt jamne seg ut over året.

Revisjon

Publiserte tal reknast som endelege og blir normalt ikkje revidert.

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB