Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nesten ein halv milliard brukt på kyrkjebygg
Tala viser at både brutto- og netto driftsresultat har gått ned i 2014. Nedgangen skyldast ei rekneskapsmessig endring, og reelt sett er resultata på same nivå som året før. Nesten ein halv milliard kroner brukas til investeringar i kyrkjebygg.
Millionar kroner | Endring i prosent | ||
---|---|---|---|
2014 | 2013 | 2013 - 2014 | |
Tilskot frå eigen kommune | 2 683 | 2 589 | 3,6 |
Statlege tilskot | 352 | 283 | 24,4 |
Løn og sosiale utgifter | 2 575 | 2 522 | 2,1 |
Kjøp av varer og tenester | 1 107 | 1 054 | 5,0 |
Brutto driftsresultat | 129 | 263 | -51,0 |
Netto driftsresultat | 93 | 233 | -60,1 |
Investeringsutgifter | 755 | 832 | -9,3 |
Frå og med rekneskapsåret 2014 inntektsførast MVA-kompensasjon for investeringsutgifter i investeringsrekneskapet og ikkje i løyvingsregnskapet, slik det vart i perioden 2004–2013. Denne endringa påverkar rekneskapsstorleikar både i løyvings- og investeringsrekneskapet. Endringa er berre rekneskapsteknisk og inneber inga endring i inntektsnivået til fellesråda, kun ei flytting av MVA-kompensasjonsinntektene. For 2014 er MVA-kompensasjonen for investeringsutgifter til fellesråda samla estimert til 141 millionar kroner.
Driftsutgiftene i dei kyrkjelege fellesråda har hatt ein mindre nedgang i 2014. Dei var rundt 4,1 milliardar kroner i 2014, mot om lag 4,2 milliardar i 2013. Dette er ein nedgang på 44 millionar kroner. Driftsinntektene til fellesråda var om lag 4,3 milliardar kroner i 2014, mot 4,4 milliardar året før. Dette er eit fall på 178 millionar kroner. Korrigert for endringa i rekneskapsføring er det ei svak auke i driftsinntektene på 37 millionar kroner frå 2013 til 2014.
Brutto driftsresultat for fellesråda anslås til 129 millionar kroner i 2014, mot 263 millionar året før. Korrigert for endringa i rekneskapsføring på 141 millionar viser tala derfor ei svak auke frå året før.
Fellesrådas netto driftsresultat anslås til 93 millionar kroner i 2014, ei nedgang på 140 millionar frå året før. Korrigert for rekneskapsendringa på141 millionar er netto driftsresultat på same nivå som i 2013.
94 millionar meir frå eigne kommunar
I 2014 overførte kommunane om lag 2,7 milliardar kroner til dei kyrkjelege fellesråda, mot i overkant av 2,5 milliardar kroner i 2013. Dette er ein auke på 94 millionar kroner, eller 3,6 prosent, frå året før.
I perioden 2011–2014 har tilskota frå eigen kommune auka med 308 millionar, og dei utgjorde 63 prosent av driftsinntektene i 2014.
Tilskot frå fellesråda og sokneråda gikk ned frå 12 millionar kroner i 2013 til 8 millionar i 2014. Tala for 2014 visar at statlege tilskot vart på 352 millionar kroner, mot 283 millionar kroner året før. Brukarbetalingane auka frå 375 millionar i 2013 til 438 millionar i 2014.
Refusjonar og overføringar frå andre gikk tilsynelatande ned med 397 millionar kroner frå 2013 til 2014. Korrigert for den rekneskapsmessige endringa av MVA-kompensasjonen på 141 millionar vart den reelle nedgangen i refusjonar og overføringar på omlag 256 millionar frå året før. Refusjonar frå andre fellesråd gjekk ned med omtrent 100 millionar og interne overføringar gikk ned med 173 millionar frå året før.
Løn og sosiale utgifter er største utgiftspost
I 2014 var løn og sosiale utgifter om lag 2,6 milliardar kroner, ein auke på 53 millionar kroner frå året før. Dette er ei auke på berre 2,1 prosent frå året før mot ei auke på 11,8 prosent frå 2011–2013.
I 2011 utgjorde desse utgiftene 62,8 prosent av de totale driftsutgiftene, mot 62,3 prosent i 2014.
Kjøp av varer og tenester utgjorde 1,1 milliardar kroner i 2014 og auka med 53 millionar kroner frå året før. Som del av dei totale driftsutgiftene har desse utgiftene svinga noko meir i perioden 2011–2014. I 2011 utgjorde dei om lag 25,3 prosent av driftsutgiftene, mens dei gikk dei opp til 26,8 prosent i 2014.
I 2014 var driftsutgiftene til tenester for kyrkja litt over 1,4 milliardar kroner. Dette var ein svak nedgang på 45 millionar kroner frå året før. Storparten av driftsutgiftene til kyrkja går til løn, energiforbruk og vedlikehald av kyrkjebygga.
Investeringane til kyrkjebygg aukar
Investeringsutgiftene totalt gikk ned frå 832 millionar kroner i 2013 til 755 millionar i 2014, noko som var ein reduksjon på 9,3 prosent. Investeringane til kyrkjebygg er den klart største utgifta og auka med 32 millionar frå 2013. I 2014 utgjorde disse investeringane 484 millionar kroner , eller 64 prosent, av dei totale investeringsutgiftene. Medan det i 2013 vart investert for 138 millionar kroner i anna verksemd i kyrkjene, er tala for 2014 berre 10 millionar. Det er grunn til å tru at mesteparten av desse investeringsutgiftene i 2013 gjeld barnehagar, sjølv om det ikkje er rapportert på barnehagefunksjonen. Investeringane til gravplassar auka med 83 millionar frå 2012 til 2013, og i 2014 held dei seg på omtrent uendra nivå og utgjer 229 millionar .
54 prosent av dei totale investeringsutgiftene vart finansiert ved refusjonar, tilskot, gåver og eigne midel. Bruken av lån til investeringar gjekk opp frå 296 millionar kroner i 2013 til 340 millionar i 2014, ein auke på 44 millionar kroner.
Fellesrådene aukar si langsiktige gjeld
I 2014 var den langsiktige gjelda om lag 1,3 milliardar kroner, mot nær 1 milliard kroner i 2013. Medan dei langsiktige låna auka med 218 millionar kroner frå 2013, gjekk kortsiktig gjeld på same tid opp med 33 millionar kroner. Dei kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på om lag 12 milliardar kroner i 2014. Det var 11,6 prosent meir enn i 2013.
24 fellesråd har ikkje levert rekneskapetÅpne og lesLukk
I rekneskapsåret 2014 er det 24 fellesråd (inkludert sokneråd i kommunar med berre eit sokn) som ikkje har levert, av totalt 415. I variablane for driftsrekneskapet er det teke omsyn til dette ved at data for dei fellesråda som manglar, er estimerte på bakgrunn av innbyggjartal. Variablane frå investeringsrekneskapet og balansen er ikkje estimert og er basert på dei rekneskapa som er innrapportert.
Kontakt
-
Corretta Aluoch Arodi
E-post: cos@ssb.no
tlf.: 40 90 26 56
-
Anne Brit Thorud
E-post: anne.brit.thorud@ssb.no
tlf.: 40 90 26 59