I januar 2023 betalte eit gjennomsnittleg norsk hushald om lag 2 539 kroner i månaden for ein barnehageplass. I tillegg kravde barnehagane i snitt inn 354 kroner for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Eit års fulltidsopphald i norske barnehagar, inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter, kosta i snitt 31 832 kroner i januar 2023. Dette er ei nedgang på 6,8 prosent samanlikna med januar i fjor, syner nye tal frå statistikken Foreldrebetaling i barnehagar.

Eit viktig bidrag til lågare foreldrebetaling i barnehagar er ei nedgang i maksimalprisen. Maksimalprisen vart satt ned i to omgangar i 2022. Fyst frå 3 315 kroner til 3 050 kroner i august, dernest til 3000 kroner gjeldande frå 1. januar 2023.  Dette gir ein nominell nedgang på 9,5 prosent frå januar i fjor. Dei aller fleste barnehagar følgjer denne nasjonalt bestemte satsen. Ei auke på 5,6 prosent i gjennomsnittlege kostpengar og tilleggsutgifter frå januar 2022 til januar 2023 dempa den nominelle nedgangen. 

Tala er rekna ut ifrå eit rikt datagrunnlag, med tilnærma fullteljing av både private og kommunale barnehagar. Dette gjev oss eit godt bilete av gjennomsnittleg foreldrebetaling for barn i barnehager. For meir detaljar, sjå rapporten «Foreldrebetaling i barnehager, januar 2023»

Små skilnadar mellom fylka

I januar 2023 hadde Møre og Romsdal fylke høgast gjennomsnittleg årsbetaling på 32 554 kroner, ei nedgang på 7,8 prosent frå januar 2022.  Lågast gjennomsnittleg årsbetaling hadde Agder, med ei årsbetaling på 31 058 kroner.

Samanlikna med Møre og Romsdal vart ein større del av barna omfatta av moderasjonsordningar i Agder. Dette svara til blant anna moderasjon i form av friplass, reduksjon i foreldrebetaling og søskenmoderasjon.  

Figur 1. Gjennomsnittleg årsbetaling for eit barn, etter fylke. Alle barnehager. Januar 2023. Kroner
Figur 1. Gjennomsnittlig årsbetaling for et barn, etter fylke. Alle barnehager. Januar 2023. Les mer om 
innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren

Figur 1 viser gjennomsnittleg årsbetaling for eit barn inkludert friplass, kostpengar og tilleggsutgifter per fylke og hele landet. Tal i kroner.

Dei fleste barnehagar krevjar kostpengar

Tala visar at 98 prosent av barnehagane kravde  kostpengar utover maksimal månadleg sats i januar 2023. I underkant av 4 prosent av barnehagane kravde dekking for andre tilleggsutgifter. Foreldre og foresatte med barn i private barnehagar betaler i gjennomsnitt noko meir i kostpengar og andre tilleggsutgifter enn dei som har barn i kommunale barnehagar.

I januar 2023 betalte eit gjennomsnittleg hushald rundt 307 kroner månadleg i kostpengar og andre tilleggsutgifter for et barn i kommunal barnehage. Tilsvarande snitt for barn i private barnehagar var om lag 402 kroner.