222306
222306
Regionale forskjellar i barnehagesatsane
statistikk
2015-06-29T10:00:00.000Z
Utdanning;Priser og prisindekser
no
barnegenniv, Eigenbetaling i barnehagar, nivåtal, foreldrebetaling, barnehagesatser, private barnehager, offentlige barnehager, inntektsavhengig betaling, søskenmoderasjonKonsumpriser, Barnehager, Priser og prisindekser, Utdanning
true

Eigenbetaling i barnehagar, nivåtal2015, januar

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Regionale forskjellar i barnehagesatsane

Det er store regionale skilnader mellom dei kommunane som har inntektsgraderte satsar for foreldrebetalinga i barnehagar. Medan eit hushald med bruttoinntekt på 250 000 kroner betalar 1 653 kroner i månaden for eit barn i kommunal barnehage i Rogaland, er tilsvarande sats i Nordland 2 476 kroner.

Barnehagesatsar. Hushaldets gjennomsnittlege månadlege eigenbetaling i kommunale barnehagar, etter inntektsnivå
Minimumssatsen250 000 kr375 000 kr500 000 krMaksimumssatsen
20151 6562 1992 3372 4162 471
20141 5992 1872 2962 3662 394
20131 5642 1252 2582 2982 326
20121 5922 1452 2622 2972 324
20111 5732 0902 2292 2702 298
20101 5492 0792 2182 2622 292
Figur 1.Maksimalgrense og gjennomsnittlig månadsbetaling eks. kost og andre tilleggsutgifter i kommunale barnehagar, etter årsinntekt og minimums- og maksimumssats. Januar 2015

På landsbasis var den gjennomsnittlege månadssatsen for eit barn, med fulltidsopphald i kommunal barnehage, 2 199 kroner for hushald med ei bruttoårsinntekt på 250 000 kroner. Tala gjeld for januar 2015. Tilsvarande satsar for hushald med 375 000 og 500 000 kroner i inntekt var respektive 2 337 og 2 416 kroner. I gjennomsnitt var den kommunale minimumssatsen i januar 2015 1 656 kroner, medan maksimumssatsen var 2 471 kroner i snitt. I desse beløpa er kostpengar og tilleggsutgifter fjerna, så langt dei kan identifiserast.

Dei regionale prisforskjellane held fram

Dei fleste kommunane som er registrerte med låge minimumssatsar, ligg på Sør-Austlandet, medan flest kommunar med høge minimumssatsar ligg i Midt- og Nord-Noreg. Hovudårsaka til denne ulikskapen er at inntektsgradert betalingsordning oftare vert nytta på Sør-Austlandet enn i Midt- og Nord-Noreg. 61 prosent av kommunane har innført ein maksimumssats som er lik maksimumsprisen vedteken av Stortinget: 2 480 kroner. Dersom vi samanlinar med den gamle maksimumsprisen - på 2405 kroner - rapporterer 90 prosent av kommunane at dei har lik eller høgare pris enn den tidlegare maksimumsprisen.

I dei private barnehagane var gjennomsnittleg månadsbetaling for eit barn 2 426 kroner i januar 2015. Kostpengar og tilleggsutgifter er heller ikkje her inkluderte om dei er spesifiserte. Om lag 64 prosent av dei private barnehagane i utvalet opplyser at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett maksimumspris på 2 480 kroner. Om vi tar utgangspunkt i den gamle maksimumsprisen på 2 405 kroner, rapporterer 94 prosent ein maksimumspris lik eller høgare enn denne.

Liten auke i kostpengar

Ifølgje forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar kan betaling av kost kome i tillegg til månadsbetalinga. Når det vert berekna årsbetaling for eit barn i barnehage, er betalinga avhengig av kostpengar og andre utgifter, samt talet på betalingsmånader.

Nesten alle dei kommunale barnehagane krev inn kostpengar separat. I januar i år betalte hushald med eit barn i kommunal barnehage gjennomsnittleg 260 kroner i kostpengar per månad. Det er 10 kroner meir enn i januar 2014.

Om lag 86 prosent av dei private barnehagane krev inn kostpengar i tillegg til sjølve opphaldsbetalinga.

Inntektsgradering mest utbredt i folkerike kommunar

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby barnefamiliar med lågast betalingsevne ein reduksjon i, eller fritak frå, foreldrebetaling. Kommunane kan likevel sjølv avgjere om dei ynskjer å tilby inntektsgradert betalingsordning.

Rundt 24 prosent av kommunane opererer med eit system for inntektsgradering innafor det ordinære betalingssystemet i barnehagen. Det er dei mest folkerike kommunane som nyttar inntektsgraderte betalingssatsar. Blant dei private barnehagane er det om lag ein fjerdedel som rapporterer at dei nyttar inntektsgraderte satsar.

Søskenrabatt i alle kommunar

Alle kommunane tilbyr søskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. Av kommunar som rapporterer at dei har private barnehagar i kommunen, svarar 89 prosent at dei private barnehagane følgjer dei same moderasjonsordningane som dei kommunale.

Tala i artikkelen er henta frå rapporten Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2015.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB