Innhald
Publisert:
Statistikken skulle publiseres den 27. oktober 2017, men er utsatt på ubestemt tid.
Fire av ti føretak har berre mannlege tilsette
45 prosent av alle føretaka hadde både mannlege og kvinnelege tilsette per 1. januar 2015. I 38 prosent av føretaka var det berre menn i arbeidsstokken, medan det arbeidde berre kvinner i 17 prosent av føretaka.
2015 | 2015 | 2012-2015 | |
---|---|---|---|
Føretak | Nyetableringar | Høgvekstføretak | |
Totalt tal på føretak med tilsette | 134 972 | 4 679 | 847 |
Delen føretak med berre mannlege tilsette | 38,2 | 54,0 | 6,0 |
Delen føretak med berre kvinnelege tilsette | 16,6 | 19,3 | 0,6 |
Delen føretak med både mannlege og kvinnelege tilsette | 45,1 | 26,7 | 93,4 |
Kjønnssamansetjinga varierer frå næring til næring. I 63 prosent av føretaka innanfor transport og lagring, i tillegg til i bygg og anlegg, var alle tilsette menn.
Kvinnedominans i anna tenesteyting
Derimot hadde 60 prosent av føretaka innanfor anna tenesteyting og 44 prosent av føretaka innanfor helse- og sosialtenester berre kvinnelege tilsette.
Dei fleste føretaka hadde få tilsette, og 79 prosent hadde færre enn ti tilsette.
Grunn- og vidaregåande skule dominerer
Nesten halvparten av føretaka hadde berre tilsette som hadde si høgaste utdanning frå grunn- eller vidaregåande skule. Tre næringar skilde seg ut gjennom at rundt 70 prosent av føretaka berre hadde tilsette med utdanning på dette nivået:
- anna tenesteyting
- transport og lagring
- bygg og anlegg
I 14 prosent av føretaka hadde alle tilsette tatt utdanninga si på høgskule eller universitet. Dette galdt særleg føretak innanfor fagleg, vitskapelig og teknisk tenestyting, i tillegg til informasjon og kommunikasjon, der høvesvis 39 og 33 prosent av føretaka berre hadde tilsette med høgare utdanning.
Statistikken omfattar føretak som har tilsetteÅpne og lesLukk
Statistikken omfattar føretak (unnateke offentleg forvaltning og primærnæringane) som har tilsette, og beskriv kjenneteikn knytte til desse. Statistikken omfattar ikkje eigarar av personleg eigde føretak, det vil seie innehavarar av einskildpersonføretak (ENK). Deltakarar i ansvarlege selskap (ANS) eller selskap med delt ansvar (DA) inngår heller ikkje i statistikken.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Føretak, Kvartalvis.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35