Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja

Oppdatert: 5. juni 2024

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
2024
757 464
 
Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som søker om offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar
Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som søker om offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar
2024Endring i prosent
MedlemmerProsentdel2023 - 20242020 - 2024
I alt757 464100,04,58,6
Baha'i1 0750,10,7-1,5
Buddhisme22 7683,02,55,6
Hinduisme13 8711,85,614,1
Islam190 45225,14,34,2
Jødedom7410,1-1,9-6,7
Kristendom381 05950,31,22,3
Sikhisme4 3560,60,96,8
Livssyn139 39818,415,540,1
Andre trus- og livssynssamfunn3 7440,59,341,9
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som søker om offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar. Absolutte tal og prosent
    Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som søker om offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar. Absolutte tal og prosent
    20232024
    Medlemmer i trus- og livssynssamfunnAndelMedlemmer i trus- og livssynssamfunnAndel
    I alt724 803100,0757 464100,0
    Baha'i1 0670,11 0750,1
    Buddhisme22 2123,122 7683,0
    Hinduisme13 1411,813 8711,8
    Islam182 60725,2190 45225,1
    Jødedom7550,17410,1
    Kristendom376 55552,0381 05950,3
    Sikhisme4 3160,64 3560,6
    Livssyn120 72616,7139 39818,4
    Andre trus- og livssynssamfunn3 4240,53 7440,5
    Standardteikn i tabellar
  • Trus- og livssynssamfunn som søker om offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar
    Trus- og livssynssamfunn som søker om offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar
    Antall trus- og livssynssamfunn
    20232024
    I alt740758
    Baha'i11
    Buddhisme2325
    Hinduisme1920
    Islam263283
    Jødedom22
    Kristendom399393
    Sikhisme44
    Livssyn1210
    Andre trus- og livssynssamfunn1720
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken synleggjer talet på medlemmer i dei trussamfunna og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja (Dnk) som søker om statstilskot. Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk byggjer på oppgåver frå statsforvaltarane over dei samfunna som har søkt om statstilskot.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 18. desember 2023.

Hovedkode

3-sifret kode for hovedretning av religion eller livssyn, se Standard klassifikasjoner.

Namn: Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
Emne: Kultur og fritid

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Nasjonalt nivå.

Statistikken vert publisert årleg, og blir publisert same året som statistikken gjeld for.

Ikkje relevant

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Hovudføremålet med denne statistikken er å synleggjere talet på medlemmer i dei trussamfunna og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja (Dnk) som søker om statstilskot. Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk byggjer på oppgåver frå statsforvaltarane til Brønnøysundregistra (BR) over dei samfunna som har søkt om statstilskot.

Før 1970 publiserte SSB tabellar over personar fordelt etter trussamfunn grunna i folketeljingsdata.

SSB har produsert offisiell statistikk over medlemmer i trus- og livssynssamfunn sidan 1971 grunna i oppgåver som statsforvaltarane fekk inn i samband med tildeling av statstilskot.

Frå 2005 er det lagt til grunn eit nytt registreringssystem for talet på medlemmer, og datagrunnlaget for statistikken er endra i og med at SSB får dette frå BR.

Frå 2021 vart det ikkje lengre bustadkommune knytt til organisasjonane i filene SSB mottok, derfor er det heller ikkje fylkesinndeling lengre i statistikken. Også frå 2021 vart det innført eit minstetal medlemmer i eit samfunn for utbetaling av statstilskot på 50 medlemmer.

Tidlegare gjaldt også følgjande lovar:

Trussamfunn: Godkjent trussamfunn etter lov om trudomssamfunn og ymist anna, lov-1969-06-13-25 (lovdata.no).

Livssynssamfunn: Godkjent livssynssamfunn etter lov om tilskot til livssynssamfunn, lov-1981-06-12-64 (lovdata.no).

Barne- og familiedepartementet, kultur- og likestillingsdepartementet, forskingsinstitusjonar, trus- og livssynssamfunn, media og studentar.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Denne statistikken kan sjåast i samanheng med statistikk for Den norske kyrkja.

Den kan også sjåast i samanheng med tallene som legges ut på regjeringen sine nettsider (regjeringen.no) om trus- og livssynssamfunn som søker om statstilskot, samt Statsforvalteren sin digitale løsning (truoglivssyn.statsforvalteren.no) om samfunn som mottek statstilskot.

Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).

Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk 2024–2027, hovedområde Kultur og fritid, delområde Religion og livssyn.

Ikkje relevant

Alle trus- og livssynssamfunn som er godkjende hjå statsforvaltaren og som søker om statstilskot for rapportert tal på medlemmer i samfunnet er med i populasjonen for statistikken. Eininga i statistikken er det enkelte samfunn. Einskilde samfunn vel å ikkje søke om statstilskot sjølv om dei er registrerte og godkjende hjå statsforvaltaren. Døme på slike samfunn som ikkje søker om statstilskot er Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagers Hellige. Registrerte og uregistrerte trus- og livssynssamfunn som ikkje har søkt om statstilskot det enkelte år, er ikkje med i statistikken. Statistikken inneheld ikkje opplysningar om talet på menigheiter.

Rapporteringseining er samfunnene sjølv. Observasjonseining er også samfunnene sjølv. Analyseeining er hovedretning av trus- eller livssynssamfunn.

Datakjelde for statistikken er elektroniske data frå Brønnøysundregistra (BR). Frå 2005 vart medlemslistene til trus- og livssynssamfunn som søkte om statstilskot via statsforvaltarane sende til BR for kontroll. Etter at kontrollane i BR er utførd, mottar SSB datafil frå BR. Datafilen inneheld blant annet organisasjonsnummer for samfunnene som søker om statstilskot og antall tilskotsteljande medlemmer i samfunnene, men inneheld ikkje personsensitive opplysninger som fødselsnummer.

Datainnsamling

Datafila vert sendt elektronisk frå Brønnøysundregistra (BR) til SSB når dei har utført den naudsynte kontrollen av medlemslistene dei har fått frå statsforvaltarane. Innsamlingsperioden er frå 1. januar i statistikkåret til fristen for å søke om tilskot 1. mars i statistikkåret.

Editering

Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.

BR har ansvaret for kontrollen etter oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. BR har utført dei naudsynte kontrollane av organisasjonsnummer og fødselsnummer, slik at det ikkje er dublettar. Kontrollen går i hovudsak ut på å sjekke for dobbelt medlemskap (på individnivå), mot opplysningar frå Folkeregisteret, mot andre trus- og livssynssamfunn og mot medlemsregisteret til Den norske kyrkja (Dnk). Datafila som SSB mottek er ei aggregert fil og inneheld opplysningar om talet på medlemmer per samfunn (altså per organisasjonsnummer).

SSB kodar den mottekne fila etter hovudretning. Nye samfunn som søker om statstilskot blir oppdaga og klassifisert etter hovudretning, medan samfunn som har vore ein del av statistikken tidlegare år blir klassifiserte med den same hovudretninga som tidlegare år.

Berekningar

Statistikken over trus- og livssynssamfunn er ein summarisk statistikk, det vil seia at statistikken og tabellar berre summerer tal over medlemmer nasjonalt, og fordelt på ulike hovudretningar. Utover oppsummering av innrapporterte tal det enkelte år, vert det ikkje gjort nokre særskilde analysar.

Ikkje relevant

Tilsette i SSB har teieplikt.

SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.

SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.

Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.

Før 1970 publiserte SSB tabellar over personar fordelt etter trussamfunn grunna i folketeljingsdata. SSB har produsert offisiell statistikk over medlemmer i trus- og livssynssamfunn sidan 1971 grunna i oppgåver som statsforvaltarane fekk inn i samband med tildeling av statstilskot.

Frå 2005 er det lagt til grunn eit nytt registreringssystem for talet på medlemmer, og datagrunnlaget for statistikken er endra i og med at SSB får dette frå Brønnøysundregistra (BR). Ein kan såleis ikkje samanlikne statistikken med tidlegare år.

Ein bør òg vere varsam med samanlikningar særskild mellom åra 2005–2007 då arbeidet med å rydde opp i dobbeltmedlemskap hadde særskild fokus i desse åra.

Fordelinga etter fylke er frå 2006 gjort ut frå bukommune der samfunnet er registrert. Dette fell ikkje alltid saman med bustadfylket til det enkelte medlem.

Frå 2021 vart det ikkje lengre bustadkommune knytt til organisasjonane i filene SSB mottok, derfor er det heller ikkje fylkesinndeling lengre i statistikken. Også frå 2021 vart det innført eit minstetal medlemmer i eit samfunn for utbetaling av statstilskot på 50 medlemmer. Dette kan påverka kor mange samfunn som søker om statstilskot.

Nokre samfunn er ikkje med i statistikken kvart år, og nye samfunn kjem til. Ein gjer merksam på at på grunn av slike høve må ein vere varsam med direkte samanlikningar over tid og mellom kategoriar, da dette til dels kan gi store utslag i ein kategori.

Dekningsfeil

Det er liten eller ingen risiko for over- eller underdekning. Alle som søker om statstilskot skal i utgangspunktet vera med i populasjonen for statistikken.

Måle- og bearbeidingsfeil

Det er liten risiko for målefeil fordi samfunna sjølv må senda inn medlemslister, og Brønnøysundregistra (BR) gjer kontroll for dobbeltmedlemsskap. Det er også liten risiko for bearbeidingsfeil fordi me får aggregerte tal for samfunna sendt elektronisk.

Frafallsfeil

Det er liten eller ingen risiko for frafallsfeil. Alle som søker om tilskot skal i utgangspunktet vera med i populasjonen for statistikken.

Utvalgsfeil

Det er liten eller ingen risiko for utvalgssfeil. Alle som søker om tilskot skal i utgangspunktet vera med i populasjonen for statistikken.

Revisjon er planlagd endring av tal som allereie er publiserte, for eksempel ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal. Sjå også SSBs prinsipp for revisjon.

Revisjonar er mindre hyppige og blir gjort ved behov.

Kontakt