|
Norwegian (bokmål)
English
|
Namn |
Avling |
Definisjon |
Den delen av jord- og hagebruksvekstane som blir hausta og nytta til mat, fôr eller andre føremål. Avling blir til vanleg rekna i kg per dekar. |
Gyldig frå |
|
Gyldig til |
|
Eigar |
430 -
Seksjon for primærnæring |
Kommentarar |
Den primære tydinga av termen avling er hausta produksjon per arealeining, men avling blir òg nytta i tydinga totalavling. Generelt blir følgjande termar nytta om avling: Biologisk avling = hausta avling + tap under hausting + ikkje hausta Hausta avling = selt avling + eige forbruk + tap og svinn etter hausting Avling som kan nyttast = selt avling + eig forbruk Kva som inngår i avling varierer i den norske jordbruksstatistikken: Korn og oljevekstar: F.o.m. 1990 omfattar avlinga i hovudsak selt avling. Eige forbruk er i hovudsak ikkje medrekna. Hagebruksvekstar: Avlinga omfattar avling som kan nyttast. Potet, eng og andre grovfôrvekstar: Avlinga omfattar hausta avling. Fôrpotet er medrekna i potet. T.o.m. 1994 blei avling frå eng til slått rekna om på energibasis til høy. F.o.m. 1995 blir avling frå eng til slått rekna om via tørrstoff til høy. Avlinga frå eng som blir beita er ikkje medrekna. Utbyttet ved dyrking av blomster og prydvekstar blir òg rekna som avling. Avlinga av slike vekstar blir til vanleg rekna i stk. |
|
Statistisk eining |
Verksemd |
Statistikkemne |
10.04.10 - Jordbruk, jakt, viltstell
|
Statistikk |
Potet- og grovfôravlingar
|
Sensitivitet |
Sensitiv |
|
Lenka til Statistikkbanktabellar |
|