Auke i ledige stillingar
Publisert:
Etter eit fall i førre periode gjekk talet på ledige stillingar opp med 6 100 frå 4. kvartal 2018 til 1. kvartal 2019. Det sesongjusterte talet på ledige stillingar har svinga noko dei siste kvartala etter ein lang periode med oppgang.
- Tala er henta frå
- Ledige stillingar
- Artikkelen er del av serien
- Ledige stillingar (arkiv)
Talet på ledige stillingar gjekk opp med 6 100 frå 4. kvartal 2018 til 1. kvartal 2019, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,4 i 1. kvartal 2019, ein oppgang på 0,2 prosentpoeng samanlikna med 4. kvartal 2018.
Oppgangen i talet på ledige stillingar kjem etter eit fall frå 3. til 4. kvartal 2018. Figur 1 viser at det sesongjusterte talet over ledige stillingar har svinga noko dei siste kvartala og at det har vore ein utflating i trendtalet. Dette kjem etter ein periode med positiv utvikling i trendtalet heilt frå 1. kvartal 2016.
Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend
Sesongjustert | Trend | |
1. kv. 2010 | 58200 | 58300 |
2. kv. 2010 | 61400 | 61200 |
3. kv. 2010 | 65600 | 62800 |
4. kv. 2010 | 63100 | 63500 |
1. kv. 2011 | 66100 | 66400 |
2. kv. 2011 | 71600 | 70000 |
3. kv. 2011 | 70000 | 70600 |
4. kv. 2011 | 70100 | 69400 |
1. kv. 2012 | 66300 | 67300 |
2. kv. 2012 | 65000 | 64600 |
3. kv. 2012 | 63500 | 64100 |
4. kv. 2012 | 65600 | 65200 |
1. kv. 2013 | 64700 | 65900 |
2. kv. 2013 | 67600 | 65400 |
3. kv. 2013 | 61500 | 62000 |
4. kv. 2013 | 57300 | 58300 |
1. kv. 2014 | 58900 | 57800 |
2. kv. 2014 | 59000 | 58200 |
3. kv. 2014 | 56900 | 57400 |
4. kv. 2014 | 59700 | 57200 |
1. kv. 2015 | 57600 | 56800 |
2. kv. 2015 | 56600 | 55100 |
3. kv. 2015 | 52300 | 52700 |
4. kv. 2015 | 50200 | 51100 |
1. kv. 2016 | 52700 | 50800 |
2. kv. 2016 | 51500 | 52200 |
3. kv. 2016 | 54800 | 54000 |
4. kv. 2016 | 54100 | 55600 |
1. kv. 2017 | 55400 | 57100 |
2. kv. 2017 | 59800 | 58500 |
3. kv. 2017 | 59700 | 60500 |
4. kv. 2017 | 64100 | 63100 |
1. kv. 2018 | 65000 | 66000 |
2. kv. 2018 | 69300 | 68400 |
3. kv. 2018 | 71600 | 69800 |
4. kv. 2018 | 65700 | 69800 |
1. kv. 2019 | 71800 | 69100 |
Stabilt i olje og gass
Frå 4. kvartal 2018 til 1. kvartal 2019 var det sesongjusterte talet på ledige stillingar i bergverksdrift og utvinning (dominert av olje- og gassverksemd) stabilt. Denne næringa hadde ein auke i talet på ledige stillingar vinteren 2017/2018 – og talet på ledige stillingar i denne næringa har gjennom heile siste år vore på nivå med tida før oljeprisfallet i 2014.
Frå 4. kvartal 2018 til 1. kvartal 2019 gjekk talet på ledige stillingar i varehandelen og forretningsmessig tenesteyting opp med høvesvis 1 900 og 1 500. Men auken kjem etter ein om lag tilsvarande nedgang frå 3. til 4. kvartal 2018 i begge disse næringane.
Faktaside
Kontakt
-
Mahari Tikabo
-
Erik Herstad Horgen
-
Øyvind Bruer-Skarsbø
-
SSBs informasjonstjeneste