253410
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
253410
statistikk
2017-05-18T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
true

Ledige stillingar

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

58 300

ledige stillingar i 1. kvartal 2017

Ledige stillingar
1. kvartal 2017Endring frå året før
Ledige stillingar58 3003 000
Prosent ledige stillingar2,10,1

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Ledige stillingar, etter næring

Ledige stillingar, etter næring1
ÅrsgjennomsnittKvartalsgjennomsnittEndring siste år2
201520164. kvartal 20151. kvartal 20162. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 20171. kvartal 2016 - 1. kvartal 2017
1Runda av til næraste 100
2Avvik kan oppstå på grunn av avrunding
01-96 I alt54 40053 10045 00055 30056 20052 30048 70058 3003 000
01-03 Jordbruk, skogbruk og fiske300300200200300100300400200
05-09 Bergverksdrift og utvinning500300400300200300500400100
10-33 Industri2 1001 9001 7002 2001 8002 0001 6002 700500
35-39 Elektrisitet, vatn og renovasjon400400300400500400400400-
41-43 Byggje- og anleggsverksemd4 0003 8002 3003 9003 5003 9003 8003 800-100
45-47 Varehandel, motorvognreparasjonar5 3005 1005 1004 4006 6005 4004 0006 0001 600
49-53 Transport og lagring1 7001 5001 4001 9001 5001 4001 3002 700800
55-56 Overnattings- og serveringsverksemd2 0002 0001 3001 7002 3002 6001 4002 400600
58-63 Informasjon og kommunikasjon2 1002 7002 0002 5002 7002 7003 0002 900400
64-66 Finanstenester600700600800600800600800-
68 Omsetning og drift av fast eigedom5006004004005001 100500400-100
69-75 Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting2 7003 5002 6005 0002 9003 3002 9003 300-1 700
77-82 Forretningsmessig tenesteyting5 9005 4005 1006 2005 1005 0005 3006 400200
84 Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting3 5003 2003 6003 4003 2002 7003 4004 000600
85 Undervisning4 1003 4002 4003 5005 2002 0002 9004 9001 400
86 Helsetenester4 4005 0003 8004 7005 2005 8004 2005 6001 000
87 Pleie- og omsorgstenester i institusjon8 1006 8007 2007 0007 0007 3005 9005 800-1 100
88 Sosiale omsorgstenester utan butilbod4 3004 7003 3004 5005 0004 2005 1003 000-1 600
90-93 Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar5009005001 1007007009001 100-
94-96 Personlig tenesteyting1 2001 0008001 1001 5008008001 300200

Tabell 2 
Prosent ledige stillingar, etter næring. Ledige stillingar i prosent av talet på stillingar (ledige stillingar og arbeidstakarforhold) i kvar gruppe

Prosent ledige stillingar, etter næring. Ledige stillingar i prosent av talet på stillingar (ledige stillingar og arbeidstakarforhold) i kvar gruppe
ÅrsgjennomsnittKvartalsgjennomsnittEndring i prosentpoeng siste år1
201520164. kvartal 20151. kvartal 20162. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 20171. kvartal 2016 - 1. kvartal 2017
1Avvik kan oppstå på grunn av avrunding
01-96 I alt2,01,91,62,02,01,91,72,10,1
01-03 Jordbruk, skogbruk og fiske1,00,80,60,91,00,30,91,40,5
05-09 Bergverksdrift og utvinning0,80,60,60,50,30,51,00,70,2
10-33 Industri1,00,90,81,00,80,90,71,30,2
35-39 Elektrisitet, vatn og renovasjon1,21,30,91,31,51,11,21,30,0
41-43 Byggje- og anleggsverksemd1,91,71,11,91,61,81,71,8-0,1
45-47 Varehandel, motorvognreparasjonar1,41,31,31,21,71,41,11,60,4
49-53 Transport og lagring1,21,01,01,31,00,90,91,90,6
55-56 Overnattings- og serveringsverksemd2,01,91,21,72,12,21,32,30,5
58-63 Informasjon og kommunikasjon2,43,02,22,73,03,03,33,20,4
64-66 Finanstenester1,41,51,21,71,41,61,31,80,1
68 Omsetning og drift av fast eigedom2,12,51,61,82,14,01,81,6-0,3
69-75 Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting2,02,61,93,72,22,52,12,5-1,2
77-82 Forretningsmessig tenesteyting4,13,73,54,53,53,33,54,4-0,1
84 Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting2,01,72,01,91,71,51,82,20,3
85 Undervisning1,81,41,01,52,10,91,22,00,5
86 Helsetenester2,02,21,72,12,32,51,82,40,3
87 Pleie- og omsorgstenester i institusjon4,43,74,03,93,93,73,23,2-0,7
88 Sosiale omsorgstenester utan butilbod2,02,21,52,12,31,92,31,4-0,7
90-93 Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar1,11,81,22,31,41,51,82,2-0,1
94-96 Personlig tenesteyting2,52,11,62,33,01,61,62,60,4

Om statistikken

Statistikken viser kor mange ledige stillingar det var på eit referansetidspunkt kvart kvartal, og dessutan talet på ledige stillingar i prosent av alle stillingar. Statistikken gis for heile landet sett under eitt, og er delt opp etter 20 næringsgrupper.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Ledige stillingar

Det viktigaste aspektet ved definisjonen av ledig stilling er at stillinga må vere utlyst, formelt eller uformelt, slik at eksterne skal kunne søkje på ho. Formelle utlysningar vil til dømes vere annonsering i aviser, på internett, registrering hos NAV eller rekrutteringsfirma. Uformelle utlysningar vil vere til dømes oppslag i butikkvindauge eller oppslagstavler eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som utelukkande er ope for interne søkarar (internt i føretaket, organisasjonen eller konsernet) reknast ikkje som ledige etter denne definisjonen. Stillingen må vere betalt.

Vi skil ikkje mellom deltids- og heiltidsstillingar, slik at ein ledig deltidsstilling vert talt som éin ledig stilling. Vi skil ikkje mellom ledige stillingar som er nyoppretta (ledige stillingar der ingen er tilsette) og stillingar som er utlyste for å erstatte ein person som skal ut i permisjon eller slutte (ledige stillingar der nokon er tilsette).

Tidsaspektet er også viktig for å definere ledige stillingar. Gitt definisjonen ovafor er ein stilling ledig frå det tidspunktet at kunnskapen om at ho er ledig er gjort tilgjengeleg for nokre eksterne. Ein ledig stilling er difor ikkje ledig om det berre er teken ein intern avgjerd om å tilsette ein ny person utan at det er gjort kjent for eksterne på eit eller anna vis. Vidare er stillingen ledig inntil det tidspunktet ein kandidat er tilsett (definert heilt presist som det tidspunktet der arbeidskontrakt er underskriven) eller inntil det tidspunktet der ein av ein eller annan grunn har teke ei avgjerd om likevel ikkje å tilsette nokre nye.

Del av ledige stillingar

Del av ledige stillingar er ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av stillingar med tilsette og ledige stillingar. Vi nyttar omgrepet stillingar med tilsette i samsvar med talet på arbeidstakarforhold slik dette kjem fram i registra.

Ledige stillinger

Det er eit brot i variabelen prosentdel av ledige stillingar mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015. Dette er forklart i avsnittet nedanfor.

Arbeidstakarforhold

Fram til 2015 henta vi opplysningar om talet på arbeidstakarforhold frå NAV sitt Aa-register(via VoF). Arbeidsgjevarar plikta å registrere sine tilsette i dette registeret om det var slik at arbeidsforholdet skulle vare i minst sju dagar og arbeidstida truleg ville vere i gjennomsnitt minst fire timar per veke. Frå 1. kvartal 2015 har vi henta opplysningar om talet på arbeidstakarforhold frå a-meldinga. Rapportering av løns- og tilsettingsforhold til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå (SSB) er samla i a-meldinga og skal verte sendt inn kvar månad av alle som betalar ut løn, pensjon og andre ytingar. I a-ordninga fangar vi opp arbeidstakarforhold som ikkje blei fanga opp av Aa-registeret mellom anna fordi tidsavgrensinga er tatt bort. Disse kvalitetsforbetringane gjer at ein får inn fleire arbeidstakarforhold enn ein gjorde i Aa-registeret. Det er difor eit brot i talet på arbeidstakarforhold mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015. Disse blir ikkje publisert i denne statistikken, men dei inngår i nevneren til prosentdelen ledige stillingar. Dette betyr at det er eit brot i prosentdelen av ledige stillingar mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015.

Referanseperiode

Referanseperioden for alle omgrepa er sett til utgangen av midtarste månad i kvartalet. Vi reknar at denne referanseperioden er representativ for resten av kvartalet. Vi gjennomfører datainnsamlinga for kvart kvartal rundt denne perioden, og vi refererar til denne tidsperioden i spørsmålsformuleringa om ledige stillingar. Omgrepa talet på arbeidstakarforhold og næring vert henta frå tilrettelagde tal frå a-ordninga, og frå et situasjonsuttak av Verksemnds- og føretaksregisteret.

Standard klassifikasjonar

Næring er koda etter Standard for næringsgruppering, SN2007 .

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Ledige stillingar
Emne: Arbeid og lønn

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for arbeidsmarkedsstatistikk

Regionalt nivå

Det vert gitt tal for heile landet sett under eitt.

Kor ofte og aktualitet

Kvartalsvis statistikk. Talene vert publiserte omtrent 10-11 veker etter utløpet av perioden. Oversikt over datoar for publiseringar for de næraste 4 månadene finnast i statistikkalenderen.

Internasjonal rapportering

Statistikken vert rapportert til Eurostat etter EU si Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr 453/2008.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnfilar vert lagra permanent.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken over ledige stillingar skal kaste lys over utviklinga av og nivået på etterspurnaden etter arbeidskraft totalt sett og fordelt etter næring. Dette gir kunnskap om utviklinga av arbeidsmarknaden og økonomien meir generelt. Statistikken skal også kunne vere samanliknbar med tilsvarande statistikk i andre europeiske land som er omfatta av EU- forordninga nemnt over.

Data om ledige stillingar brytt ned etter næring kan nyttast til å overvake og analysere strukturelle ubalansar i arbeidsmarknaden.

Undersøkinga vart starta opp 1. kvartal 2010, med fyrste publisering i 2011.

Brukarar og bruksområde

Viktige brukarar er styresmaktene, forskarar, media, partane i arbeidslivet, verksemder og internasjonale organisasjonar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

NAV lagar statistikk over ledige stillingar for kvar månad, men statistikken har ikkje det omfang og den avgrensing av ledig stilling som ligg i EU-forordninga nemnt over. NAV sin statistikk over ledige stillingar omfattar ledige stillingar som anten vert meldt til NAV-kontora som oppdrag, registrert av arbeidsgjevar på nav.no eller som er offentliggjorte i media (avisar, tidsskrift o.l.). NAV sin statistikk dekkjer dermed ikkje uformelle utlysningar eller ledige stillingar som utelukkande vert lyste ut på anna sett enn ved metodane nemnt ovanfor (til dømes utlysningar på eigne heimesider på internett). Sidan denne typen utlysningar er svært vanleg, spesielt i visse næringar, får Statistisk sentralbyrå høgare tal for talet på ledige stillingar enn det NAV får. Dette kjem framfor alt av at definisjonane er ulike.

Det er mogleg å samanlikne denne statistikken med NAV sin statistikk over ledige stillingar som kjem kvar månad, men ein må sjølvsagt vere merksam på at definisjonane er ulike. Ein samanlikning med NAV sine behaldningstal vil vise at SSB sine tal ligg monaleg over NAV sine. I perioden 1. kvartal 2010 - 4. kvartal 2014 utgjorde NAV sine tal i gjennomsnitt 30 prosent av talene frå SSB si undersøking om ledige stillingar.

Lovheimel

Statistikklovens § 2-2 om oppgåveplikt og Statistikklovens §2-3 om tvangsmulkt.

EØS-referanse

Europaparlaments- og Rådsforordning (EF) nr. 453/2008 av 23. april 2008 om kvartalsvis statistikk over ledige stillingar i Fellesskapet.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar verksemder (med tilsette) i alle næringar sett bort frå næringshovudområda 97 (arbeid med løn i private hushald) og 99 (internasjonale organisasjonar).

Datakjelder og utval

Statistikken over ledige stillingar baserer seg på data rapportert av eit utval verksemder.

Eit stratifisert tilfeldig utval av omtrent 8000 verksemder vert trekt frå Verksemds- og føretaksregisteret (VoF). Verksemdene vert delt inn i grupper/strata etter næring og storleik. Alle verksemdene i populasjonen som skal kunne bli trekt ut vert delt inn i 4 grupper avhengig av talet på tilsette i verksemda. Stratuma etter næring er kvar 5-siffer kode i Standard for næringskoding, SN2007. Dette sikrar god representasjon i alle næringar og blant store og små verksemder.

Innafor kvar av dei 4 gruppene etter storleik har vi danna 35 næringsblokker, slik at det gjer 140 grupper. Innafor kvar av desse gruppene er det for alle verksemdene like sannsynleg at dei vert trekte ut.

Kor sannsynleg det er at ei verksemd vert trekt ut varierar mellom næringsblokkene, og aukar med talet på tilsette i verksemda. Verksemder med færre enn 5 tilsette utgjer eigne gruppar, og vert ikkje trekte ut, medan alle store verksemder vert trekte ut. For ein del næringsblokker er grensa for at vi trekk med alle verksemdene, fleire enn 100 tilsette, medan grensa er fleire enn 250 tilsette i andre næringsblokker. I nokre få næringar vil alle verksemder vere med i undersøkinga. På dette viset sender vi ut skjema til nesten 2 prosent av verksemdene, men dei tilsette i disse verksemdene utgjer over 25 prosent av det totale talet på tilsette i populasjonen.

Dei største verksemdene må vere med heile tida, medan dei andre er med i 2 år av gangen. Ein gang per år oppdaterar vi difor nesten halve utvalet.

Utvalstrekkinga er samordna med fleire andre utval i SSB for å gi en jamnare fordeling av oppgåvebyrda til verksemdene.

Datainnsamling, editering og beregninger

SSB sender ut brev om at spørjeskjema er klart i Altinn den fyrste veka etter den midtarste månaden i kvart kvartal. Dette brevet vert sendt til verksemdene.  Vedtaksbrev om at føretaket er trekt ut til å vere med i undersøkinga er tidlegare sendt til føretaka. Svarfristen er satt til omtrent 3 veker.

Omtrent 99 prosent av verksemdene svarer på undersøkinga gjennom Altinn. Her får respondenten ein åtvaring om talet for ledige stillingar som vert rapportert inn, er svært høgt eller svært lågt i høve til talet på tilsette i verksemda. En del feilrapportering som følgje av tastefeil vert unngått på dette viset.

Alle svara vert lagt inn i eit editeringssystem der kontrollen slår ut om talet på ledige stillingar som vert rapportert inn er svært høgt eller svært lågt i høve til talet på tilsette i verksemda. Vi kontaktar desse verksemdene per e-post eller telefon og ber dei om å stadfeste det innrapporterte talet. Slik unngår vi ein del feilrapportering frå verksemder i føretak som har fleire underliggande verksemder og som difor kan misforstå kva for eit nivå dei skal rapportere på.

Ved estimeringa av ledige stillingar er det rutinar for å undersøkje enda nærare verksemder med ekstremverdiar. Resultatet av disse vurderingane kan vere å halde dei innrapporterte data frå desse verksemdene utanfor estimeringa.

Estimeringa av ledige stillingar byggjer på at kvar verksemd i utvalet reknast for å representere fleire verksemder, slik at vi kan rekne ut talet på ledige stillingar for heile populasjonen av verksemder. I estimeringa nyttar vi registerinformasjon om tal på arbeidstakarforhold og næring for kvar verksemd i heile populasjonen. Talet på arbeidstakarforhold hentar vi frå VoF, som igjen har henta opplysninga frå a-meldinga. Opplysninga om talet på arbeidstakarforhold byggjer difor på føretakas eigne rapporteringar til a-meldinga.

For å blåse utvalsdataa om ledige stillingar opp til populasjonsnivå, det vil si til å gjelde alle verksemder i dei aktuelle næringane i Noreg, nyttar vi ein stratifisert modellbasert rateestimator. I den stratifiserte ratemodellen antek vi at variabelen tal på arbeidstakarforhold i verksemda (x) bidreg til å forklåre variabelen tal på ledige stillingar ved verksemda (y) og at samanhengen mellom dei to variablane er tilnærma lineær innanfor kvart stratum. På bakgrunn av utvalsdataa (talet på arbeidstakarforhold og rapportert tal på ledige stillingar) estimerar vi samanhengen, representert ved stigningstalet β, mellom talet arbeidstakarforhold og talet på ledige stillingar. Samanhengen β vert estimert med vekta minste kvadraters metode i kvart enkelt nærings- og størrelsesstratum. Innanfor kvart enkelt stratum vert det totale talet på ledige stillingar (y) estimert av talet på arbeidstakarforhold (x) i det stratumet multiplisert med stigningstalet β for det stratumet, pluss eit individuelt feilledd ε:

y = βx + ε

Med stratum meiner vi her ein av de 35 næringsblokkene innanfor eitt av dei 4 storleiksstrata, til saman 140 slike grupper.

Sidan dei minste verksemdene ikkje er med i undersøkinga, legg vi til grunn at samanhengen mellom talet på arbeidstakarforhold og ledige stillingar er det same i gjennomsnitt for verksemder med 1-4 tilsette, som for verksemder med 5-9 tilsette.

Sesongjustering

For å gjera tolkinga av endringar mellom dei siste kvartalsvise tala enklare, blir tala sesongjusterte ved bruk av X12-ARIMA.

Talet på ledige stillingar og talet på arbeidstakarforhold blir sesongjustert etter 20 næringsgrupper. Det er dermed 40 seriar som vert direkte sesongjustert. Tala på arbeidstakarforhold blir ikkje publisert, men inngår i nemnaren i prosentdelen ledige stillingar. Sesongjusterte tal for dei to totalane får vi ved å summere dei sesongjusterte delseriane. Sesongjusterte tal blir også gitt etter 10 næringsgrupper. Fem av desse gruppene er direkte sesongjustert og inngår også i oppdelinga etter 20 næringsgrupper, medan dei fem andre er indirekte sesongjustert ved at sesongjusterte tal for dei resterande 15 næringsgruppene vert summert til fem grupper.  

Vi overlèt til sesongjusteringsprogrammet å avgjere om additiv eller multiplikativ dekomponering av seriane gir best resultat, i tillegg til val av ARIMA-modell, og sesong- og trendfilter. Desse optimale vala blir vanlegvis låste for eit år av gongen. Vi lar X12-ARIMA berekne sesongkomponentane og parametrane i prekorrigerings-regresjonane på nytt kvart kvartal. Dette er beste praksis for innstillingar av sesongjusteringsprogrammet, ifølgje EUROSTAT, og blir gjort for å få lite revisjon av dei sesongjusterte tidsseriane gjennom året.

Vi lar sesongjusteringsprogrammet prekorrigere tidsseriane ved bruk av regresjonsanalyse. Vi har spesifisert høgresidevariablar for å ta omsyn til ekstreme verdiar, nivåskift og endringar i sesongmønster. Trenden og dei sesongjusterte tala på arbeidstakarforhold er òg justert for overgangen frå Aa-registeret til A-ordninga.

Konfidensialitet

Tal som kan identifisere grupper av mindre enn tre verksemder vert ikkje offentliggjort.

Samanlikningar over tid og stad

Rørlege helligdagar vil ikkje kunne verke inn på nivået på talet på ledige stillingar (1. påskedag kan til dømes ikkje hamne utanfor tidsrommet 22. mars – 25. april, slik at påsken aldri vil hamne innanfor våre referanseperiodar).

Vi samanliknar kvart kvartal med tilsvarande kvartal året/-a før. I ein del næringar kan det vere vanleg å lyse ut ledige stillingar på visse tider av året. Svært mange skolar lyser til dømes ut ledige stillingar i all hovudsak i perioden før førre skoleår sluttar. Dette gjer at det estimerte talet på ledige stillingar i utdanningsnæringen som regel er høgare i 2. kvartal enn i dei resterande kvartala. Liknande sesongvariasjon kan finne stad innanfor andre næringar, og det er difor mest korrekt å samanlikne resultata frå kvart kvartal med resultata frå tilsvarande kvartaler.

Som nemnt over skal statistikken vere samanliknbar med tilsvarande statistikk i de andre landa i EU/EØS-området. Landa er pålagte å lage statistikk over ledige stillingar etter same definisjon, nemleg slik han står skrive i EU-forordninga nemnt over.

På grunn av kvalitetsforbetringar som følgje av bytte av registergrunnlag, begynte ein i 2015 å få inn fleire arbeidstakarforhold enn tidlegare. Dette er nærare omtalt under punktet novanfor om definisjonar. Tala på arbeidstakarforhold blir ikkje publisert i denne statistikken, men dei inngår i nemnaren til prosentdelen ledige stillingar. Dette inneberer at det er eit brot i prosentdelen av ledige stillingar mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Det kan oppstå feil ved alle ledd av datafangsten. Respondentane kan fylle ut feil ved rapporteringa. Data som vert mottekne manuelt kan verte registrert feil. Ein kan også gjere feil i editeringa. Kontrollane nemnt over gjer at mange feil vert oppdaga og retta.

Eventuelle ulike tolkingar av omgrepet ledig stilling kan gi uriktige svar. Slike feil prøver vi å unngå ved å ha med vegleiingstekst i spørjeskjemaet, ved å ha ein eigen instruks til bruk for Statistisk sentralbyrås svarteneste og ved å la fagpersonar vere tilgjengelege for å svare på spørsmål frå respondentane om definisjonen av ledige stillingar.

Fråfall kan bidra til skeive estimat jamvel om estimeringsmetoden er relativt robust for vridingar i næringsstrukturen og endringar i storleiken på verksemdene. Av di det er oppgåveplikt knytt til undersøkinga om ledige stillingar, er fråfallet ganske lite. Ein del naturleg fråfall vil ikkje vere til å unngå, til dømes som følgje av opphørte verksemder. I løpet av heile 2014 forsvann i underkant av 500 verksemder frå utvalet, i all hovudsak som følgje av naturlig fråfall.  I perioden 2011 til 2014 har brutto svarprosent (med det opphavleg trekte utvalet i nemnaren) lege på mellom 91 og 96 prosent, medan netto svarprosent har lege på mellom 95 og 99 prosent.

Alle utvalsundersøkingar har ein viss usikkerheit. Usikkerheiten som er knytt til estimatet vert målt ved eit estimert standardavvik. Om standardavviket var kjent, kunne ein finne eit intervall der den sanne verdien (den verdien ein ville ha fått om ein hadde hatt totalteljing i staden for ein utvalsundersøking) med ein bestemt sannsynlegheit vil vere. Dette intervallet vert kalla konfidensintervallet. Kallar vi den estimerte verdien M og standardavviket s, vil til dømes intervallet med grensene M ±2med 95 prosent sannsynlegheit innehelde den sanne verdien av estimatet. I fjerde kvartal 2014 var det estimerte talet på ledige stillingar for heile landet 52 700 og det estimerte standardavviket rundt 2 200, noko som gav eit konfidensintervall på omtrent 48 200 til 57 100 på 95-prosentsnivå.

Rateestimatoren er ikkje forventningsrett, men den er ikkje mykje skeiv sidan utvalet er stort og fråfallet relativt lite.

Sidan de minste verksemdene vert haldne utafor utvalet, er det knytt særleg usikkerheit til tala som er rekna ut for denne gruppa .

Revisjon

Ved publiseringa av 1. kvartal 2017 blei det samstundes publisert reviderte tal for perioden 2014-2016. Frå januar 2014 blei det gjort endringar i noko av datagrunnlaget for statistikken då ein gjekk frå å lage to situasjonsuttak frå Verksemds- og foretaksregisteret (VoF) kvar månad til eitt. Før 2014 brukte vi talet på tilsette (brukt i estimeringa av ledige stillingar) frå situasjonsuttak nummer to, som refererte til midtarste månad i kvartalet. Etter endringa i 2014, då det berre var eitt situasjonsuttak, skulle vi gått over til å bruke det neste situasjonsuttaket for å sikre at talet på tilsette framleis refererte til midtarste månad i kvartalet. Det gjorde vi ikkje, noko vi retta opp i 2017 og publiserte reviderte tal for perioden 2014-2016. I tillegg gjekk vi frå 2015 (etter innføringa av a-ordninga) over til å bruke tal på tilsette direkte frå same kjelde som VoF. På den måten får vi tal på tilsette for rett månad, medan annan informasjon frå VoF blir henta ut på same tidspunkt som tidlegare.

Kontakt

Faktaside

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB