Talet på Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. gjekk ned med 11 700 frå 3. til 4. kvartal 2024 som tilsvarer 11,7 prosent, viser sesongjusterte tal frå statistikken ledige stillingar. Statistikken viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet.

Fall i etterspørselen etter arbeidskraft

I 2021 starta nivået på ledige stillingar å auke betydeleg og har fortsett å halde seg høgt, med over 100 000 ledige stillingar kvart kvartal i over to år. I løpet av 2024 har nivået avtatt frå 115 800 i 1. kvartal, og ned til 88 500 på slutten av året.

– Nivået på ledige stillingar er framleis høgt i eit historisk perspektiv, men tala viser ein nedgåande trend. Vi må tilbake til starten av 2021 for å finne eit lågare nivå på ledige stillingar, seier Stine Bakke, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal

Lågare etterspørsel etter arbeidskraft innan helsetenester og pleie- og omsorgstenester

Talet på ledige stillingar i helsetenester har nesten halvert seg gjennom 2024, frå 12 700 til 6 400. Frå 3. til 4. kvartal var nedgangen på 23 prosent. Næringa pleie- og omsorgstenester i institusjon har hatt flest ledige stillingar dei tre siste kvartala i 2024. Frå 3. til 4. kvartal gjekk talet på ledige stillingar ned frå 13 200 til 11 100 som svarar til ein nedgang på 15 prosent.

Samanhengen mellom ledige stillingar og arbeidsløyse

Statistikken Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) viser at arbeidsløysa har auka frå 3,9 prosent i 1. kvartal til 4,0 prosent i 4. kvartal.

Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortsett å gå ned, frå 3,6 på starten av året til 2,8 på slutten av året. Prosentdelen har ikkje vore under 3 prosent sidan 1. kvartal 2021. Når prosentdelen ledige stillingar går ned samstundes som arbeidsløysa har ein svak auke, kan det tyde på at verksemdene klarer å fylle dei ledige stillingane raskare enn før.

Talgrunnlag for Beveridgekurva: Ledige stillingar (Statistikkbank-tabell 11587) og Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal (Statistikkbank-tabell 07458).