Fall i ledige stillingar
Publisert:
Endret:
Etter ein periode med auke gjekk talet på ledige stillingar ned med 5 600 frå 3. til 4. kvartal 2018. Nedgangen var størst innan varehandel.
- Tala er henta frå
- Ledige stillingar
- Artikkelen er del av serien
- Ledige stillingar (arkiv)
Talet på ledige stillingar gjekk ned med 5 600 frå 3. til 4. kvartal 2018, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,3 i 4. kvartal 2018, ein nedgang på 0,2 prosentpoeng samanlikna med kvartalet før.
Nedgangen i talet på ledige stillingar kommer etter en periode med oppgang. Figur 1 viser at det sesongjusterte talet over ledige stillingar har hatt ein positiv utvikling frå 3. kvartal 2017 til den same perioden i 2018, og trendtalet har vore positivt heilt sidan 1. kvartal 2016 fram til 3. kvartal i fjor.
Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend
Sesongjustert | Trend | |
4. kv. 2010 | 63100 | 63500 |
1. kv. 2011 | 66100 | 66500 |
2. kv. 2011 | 71600 | 70100 |
3. kv. 2011 | 69900 | 70600 |
4. kv. 2011 | 70000 | 69400 |
1. kv. 2012 | 66300 | 67300 |
2. kv. 2012 | 65000 | 64600 |
3. kv. 2012 | 63400 | 64000 |
4. kv. 2012 | 65600 | 65200 |
1. kv. 2013 | 64800 | 65900 |
2. kv. 2013 | 67600 | 65400 |
3. kv. 2013 | 61500 | 62000 |
4. kv. 2013 | 57300 | 58300 |
1. kv. 2014 | 59000 | 57800 |
2. kv. 2014 | 59000 | 58200 |
3. kv. 2014 | 56800 | 57500 |
4. kv. 2014 | 59600 | 57200 |
1. kv. 2015 | 57800 | 56700 |
2. kv. 2015 | 56600 | 54900 |
3. kv. 2015 | 52200 | 52600 |
4. kv. 2015 | 50100 | 51100 |
1. kv. 2016 | 53000 | 51000 |
2. kv. 2016 | 51400 | 52300 |
3. kv. 2016 | 54700 | 53800 |
4. kv. 2016 | 54000 | 55500 |
1. kv. 2017 | 55800 | 57200 |
2. kv. 2017 | 59700 | 58500 |
3. kv. 2017 | 59400 | 60300 |
4. kv. 2017 | 63900 | 63200 |
1. kv. 2018 | 65700 | 66400 |
2. kv. 2018 | 69000 | 68800 |
3. kv. 2018 | 71200 | 69100 |
4. kv. 2018 | 65600 | 65700 |
Størst nedgang i varehandel
Frå 3. til 4. kvartal gjekk talet på ledige stillingar i varehandelen ned med 27 prosent, frå 7 800 til 5 700. Sjølv om talet endrar seg mykje mellom kvartala i denne næringa, har det ikkje vore lågare sida 1. kvartal 2017.
Ei anna næring med nedgang siste kvartal var sosiale omsorgstenester utan butilbod. Her gjekk talet på ledige stillingar ned frå 4 700 til 3 400 siste kvartal, ein nedgang på 28 prosent.
Framleis auke i olje og gass
Til tross for fallet i totaltalet på ledige stillingar finnast det også næringar som fortset å vekse. Innan bergverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, auka talet på ledige stillingar med 13 prosent til 1 700 siste kvartal, det høgaste sida 1. kvartal 20141.
1 Årstallet ble endret 15. februar 2019.
Faktaside
Kontakt
-
Erik Herstad Horgen
-
Øyvind Bruer-Skarsbø
-
Mahari Tikabo
-
SSBs informasjonstjeneste