Fleire ledige stillingar

Publisert:

Talet på ledige stillingar gjekk opp med 3 400 frå 1. kvartal 2019 til 2. kvartal 2019. Dette svarar til ein auke på 5 prosent.

Talet på ledige stillingar gjekk opp med 3 400 frå 1. kvartal 2019 til 2. kvartal 2019, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,6 i 2. kvartal 2019, ein oppgang på 0,1 prosentpoeng samanlikna med 1. kvartal same år.

Det har stort sett vore auke i det sesongjusterte talet på ledige stillingar dei siste par åra. Figur 1 viser positiv utvikling i trendtalet heilt sidan 1. kvartal 2016.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
2. kv. 2010 61400 61200
3. kv. 2010 65600 62800
4. kv. 2010 63100 63500
1. kv. 2011 66100 66400
2. kv. 2011 71600 70000
3. kv. 2011 70000 70700
4. kv. 2011 70100 69400
1. kv. 2012 66300 67200
2. kv. 2012 64900 64500
3. kv. 2012 63500 64000
4. kv. 2012 65600 65200
1. kv. 2013 64700 65900
2. kv. 2013 67500 65500
3. kv. 2013 61500 62100
4. kv. 2013 57400 58300
1. kv. 2014 59000 57800
2. kv. 2014 58900 58200
3. kv. 2014 56900 57400
4. kv. 2014 59700 57100
1. kv. 2015 57700 56600
2. kv. 2015 56400 54800
3. kv. 2015 52300 52700
4. kv. 2015 50400 51200
1. kv. 2016 53000 50800
2. kv. 2016 51000 52100
3. kv. 2016 55000 54000
4. kv. 2016 54300 55900
1. kv. 2017 55800 57500
2. kv. 2017 58900 58800
3. kv. 2017 60000 60700
4. kv. 2017 64400 63600
1. kv. 2018 65700 66100
2. kv. 2018 68100 68000
3. kv. 2018 72100 69000
4. kv. 2018 66100 69600
1. kv. 2019 72700 72100
2. kv. 2019 76100 74300

Auke i varehandelen

Frå 1. til 2. kvartal 2019 gjekk talet på ledige stillingar i varehandelen opp med 1 600. Andre næringar med auke i talet på ledige stillingar inkluderte bygg- og anleggsverksemd, transport og lagring, samt overnattings- og serveringsverksemd.

Faktaside