Over 20 000 tapte arbeidsdagar i 2019
Publisert:
I 2019 gjekk 21 532 arbeidsdagar tapt i totalt åtte arbeidskonfliktar. Samanlikna med tidlegare år med mellomoppgjer er dette talet på tapte arbeidsdagar høgt.
- Tala er henta frå
- Fagforeiningsmedlemmer og streikar
- Artikkelen er del av serien
- Fagforeiningsmedlemmer og streikar (arkiv)
I dei åtte arbeidskonfliktane i 2019 gjekk totalt 21 532 arbeidsdagar tapt, viser statistikken Fagforeiningsmedlemmer og streikar. Konfliktane involverte til saman 1 934 arbeidstakarar. Av desse var 748 tilsett i samferdsel og 670 i helse- og sosialtenester, noko som innebar høvesvis 8 101 og 10 799 tapte arbeidsdagar i dei to næringane, eller nærmare 90 prosent av alle dei tapte arbeidsdagane i 2019. Ved førre mellomoppgjer i 2017 gjekk 8 942 arbeidsdagar tapt i 10 arbeidskonfliktar. Her var berre 401 arbeidstakarar involvert.
Det er vanlegvis færre arbeidskonfliktar og tapte arbeidsdagar i år med mellomoppgjer. Gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar for dei ni åra med mellomoppgjer i perioden frå 2001 til 2017 var om lag 6 900, mens det gjennomsnittlege talet på arbeidstakarar involvert var 445. Samtidig var det i gjennomsnitt nærmare fem arbeidskonfliktar. 2019 var altså et år der alle tre indikatorar for omfanget av arbeidskonfliktar var høgare enn normalen.
Figur 1. Arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar. År med mellomoppgjer
Arbeidstakarar involverte | Tapte arbeidsdagar | |
2001 | 29 | 619 |
2003 | 95 | 962 |
2005 | 591 | 10998 |
2007 | 519 | 3954 |
2009 | 36 | 180 |
2011 | 114 | 526 |
2013 | 1385 | 10849 |
2015 | 831 | 25329 |
2017 | 401 | 8942 |
2019 | 1934 | 21532 |
For dei arbeidstakarane som var i arbeidskonflikt i 2019, var gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar per arbeidstakar i overkant av 11. Tilsvarande tal for mellomoppgjera i perioden 2001-2017 samla sett var nærmare 16.
Stadig medlemsauke i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar
De fire hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, LO, UNIO, YS og Akademikerne, hadde alle ein auke i talet på medlemmer i 2019. Alle desse opplevde også ein auke i talet på yrkesaktive medlemmer. Som i fjor var auken i absolutte tal størst for LO, med i underkant av 15 700 nye medlemmer, mens Akademikerne igjen hadde den sterkaste prosentvise auken i medlemsmassen på 5,5 prosent.
Figur 2. Medlemmer i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar
LO | YS | UNIO | Akademikerne | |
2005 | 822629 | 201713 | 244253 | 142937 |
2006 | 834221 | 206361 | 267748 | 131005 |
2007 | 844438 | 209334 | 274175 | 137250 |
2008 | 865392 | 216104 | 280976 | 143848 |
2009 | 865573 | 217600 | 288044 | 148189 |
2010 | 871360 | 217457 | 295621 | 154313 |
2011 | 880938 | 222114 | 300486 | 162562 |
2012 | 895257 | 226624 | 311091 | 170387 |
2013 | 897740 | 221578 | 322058 | 177948 |
2014 | 909552 | 222038 | 331824 | 186753 |
2015 | 913732 | 215878 | 339812 | 193536 |
2016 | 917122 | 215591 | 349219 | 199174 |
2017 | 925605 | 217724 | 359054 | 203102 |
2018 | 936711 | 222392 | 367978 | 208597 |
2019 | 952394 | 225794 | 375181 | 220005 |
Faktaside
Kontakt
-
Magnus Berglund Johnsen
-
Erik Herstad Horgen
-
SSBs informasjonstjeneste