Stabilt tal på ledige stillingar
Publisert:
Det sesongjusterte totale talet på ledige stillingar var stabilt frå 2. til 3. kvartal 2017. Det var oppgang innan byggje- og anleggsverksemd, og nedgang innan sosiale omsorgstenester utan butilbod.
- Tallene er hentet fra
- Ledige stillingar
- Artikkelen er en del av serien
- Ledige stillingar (arkiv)
Frå 2. til 3. kvartal 2017 heldt det sesongjusterte talet på ledige stillingar seg nesten uendra. I 3. kvartal var det 59 600 ledige stillingar, viser statistikken ledige stillingar. Trendtalet for ledige stillingar har auka sidan starten av 2016, men gjekk noko ned i 3. kvartal 2017 (sjå figur 1). Dette treng ikkje nødvendigvis å bety at talet på ledige stillingar er på veg ned, for det er større uvisse knytt til trendtala for dei aller siste observasjonane, enn for resten av serien.
Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend
Sesongjustert | Trend | |
3. kv. 2010 | 65800 | 63200 |
4. kv. 2010 | 63100 | 63600 |
1. kv. 2011 | 66100 | 66500 |
2. kv. 2011 | 71300 | 70000 |
3. kv. 2011 | 70200 | 70600 |
4. kv. 2011 | 70100 | 69400 |
1. kv. 2012 | 66200 | 67300 |
2. kv. 2012 | 64900 | 64700 |
3. kv. 2012 | 63600 | 64100 |
4. kv. 2012 | 65600 | 65300 |
1. kv. 2013 | 64600 | 65900 |
2. kv. 2013 | 67500 | 65400 |
3. kv. 2013 | 61600 | 62100 |
4. kv. 2013 | 57400 | 58300 |
1. kv. 2014 | 58800 | 57800 |
2. kv. 2014 | 59100 | 58200 |
3. kv. 2014 | 56800 | 57600 |
4. kv. 2014 | 59800 | 57500 |
1. kv. 2015 | 57500 | 56600 |
2. kv. 2015 | 56800 | 54200 |
3. kv. 2015 | 52100 | 52500 |
4. kv. 2015 | 50300 | 51700 |
1. kv. 2016 | 52800 | 51400 |
2. kv. 2016 | 51500 | 52100 |
3. kv. 2016 | 54800 | 53700 |
4. kv. 2016 | 53900 | 55300 |
1. kv. 2017 | 55600 | 57500 |
2. kv. 2017 | 59700 | 59000 |
3. kv. 2017 | 59600 | 57500 |
Auke i byggje- og anleggsverksemd
Innan byggje- og anleggsverksemd var det ein oppgang på 1 000 ledige stillingar frå 2. til 3. kvartal. For denne næringa låg talet på ledige stillingar ganske stabilt gjennom heile 2016 og for 1. og 2. kvartal 2017, da det var mellom 3 500 og 3 900 ledige stillingar. I 3. kvartal i år var det 4 800 ledige stillingar innan denne næringa.
Etter ein kraftig oppgang mellom 1. og 2. kvartal i talet på ledige stillingar innan sosiale omsorgstenester utan butilbod, var det ein nedgang frå 2. til 3. kvartal. Justert for sesongvariasjonar var det for denne næringa 4 800 ledige stillingar i 3. kvartal, mot 6 100 ledige stillingar i 2. kvartal. Det var også ein nedgang i næringa transport og lagring. Her var det sesongjusterte talet på ledige stillingar 1 900 i 3. kvartal, mot 2 700 i 2. kvartal 2017. I dei fleste andre næringane var det berre små endringar frå 2. til 3. kvartal.
Kontakt
-
Torunn Heggland
-
Erik Herstad Horgen
-
SSBs informasjonstjeneste