Arbeidskraftkostnadsindeks

Oppdatert: 21. november 2024

Neste oppdatering: 20. februar 2025

Endring siste kvartal for industri
Endring siste kvartal for industri
2. kvartal 2024 - 3. kvartal 2024
-0,3
%
 
Totale arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde.
Totale arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde.
IndeksProsent
3. kvartal 20242. kvartal 2024 - 3. kvartal 20243. kvartal 2023 - 3. kvartal 2024
Akvakultur104,7-16,83,1
Bergverksdrift og utvinning111,4-2,12,6
Industri114,4-0,33,7
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn115,2-3,33,3
Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd115,4-2,03,3
Byggje- og anleggsverksemd115,51,33,3
Varehandel, reparasjon av motorvogner116,53,73,5
Transport og lagring115,4-1,43,2
Overnattings- og serveringsverksemd114,6-0,33,5
Informasjon og kommunikasjon114,61,03,2
Finansierings- og forsikringsverksemd118,40,63,8
Omsetning og drift av fast eigedom115,5-0,23,1
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting115,41,13,2
Forretningsmessig tenesteyting117,21,63,6
Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting111,5-3,03,6
Undervisning113,4-1,43,3
Helse og sosialtenester115,8-0,83,8
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar112,4-1,73,4
Personleg tenesteyting115,00,63,4
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Indeks for totale arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2020=100. Førebelse tal
    Indeks for totale arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2020=100. Førebelse tal
    Indeks for totale arbeidskraftkostnader
    3. kvartal 20234. kvartal 20231. kvartal 20242. kvartal 20243. kvartal 2024
    Bergverksdrift og utvinning108,6115,6119,0113,8111,4
    Industri110,3115,6116,3114,8114,4
    Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn111,5119,9117,9119,1115,2
    Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd111,7115,8114,2117,8115,4
    Byggje- og anleggsverksemd111,8112,6114,7114,0115,5
    Varehandel, reparasjon av motorvogner112,6115,4114,8112,3116,5
    Transport og lagring111,8117,5116,9117,0115,4
    Overnattings- og serveringsverksemd110,7114,1115,7114,9114,6
    Informasjon og kommunikasjon111,1118,5117,3113,5114,6
    Finansierings- og forsikringsverksemd114,1120,7111,9117,7118,4
    Omsetning og drift av fast eigedom112,0117,9113,1115,7115,5
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting111,8117,1116,5114,2115,4
    Forretningsmessig tenesteyting113,1114,3119,5115,3117,2
    Undervisning109,8113,9116,3115,0113,4
    Helse og sosialtenester111,6112,1115,3116,7115,8
    Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar108,7112,9116,6114,3112,4
    Personleg tenesteyting111,2113,2115,6114,3115,0
    Standardteikn i tabellar
  • Indeks for direkte personalkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2020=100. Førebelse tal
    Indeks for direkte personalkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2020=100. Førebelse tal
    Indeks for direkte kostnader
    3. kvartal 20234. kvartal 20231. kvartal 20242. kvartal 20243. kvartal 2024
    Bergverksdrift og utvinning107,5110,7119,1111,5110,9
    Industri109,6112,5117,0113,9114,1
    Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn111,1113,2117,9118,6115,2
    Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd110,6112,8114,4119,7114,3
    Byggje- og anleggsverksemd111,2111,5114,5113,9115,2
    Varehandel, reparasjon av motorvogner112,2112,5114,1112,7116,5
    Transport og lagring111,2113,8116,5116,3115,2
    Overnattings- og serveringsverksemd110,6112,7116,3115,9114,6
    Informasjon og kommunikasjon111,0113,6116,6112,6115,2
    Finansierings- og forsikringsverksemd112,1113,8111,4118,1115,9
    Omsetning og drift av fast eigedom110,2112,4112,2114,9114,4
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting112,1113,5116,7113,0116,1
    Forretningsmessig tenesteyting112,5112,3118,5114,7116,4
    Undervisning109,3111,8116,2115,3113,3
    Helse og sosialtenester111,1110,0115,5116,8115,3
    Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar107,8111,7116,0115,2111,9
    Personleg tenesteyting110,3110,8115,7114,8114,3
    Standardteikn i tabellar
  • Indeks for indirekte personalkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2020=100. Førebelse tal
    Indeks for indirekte personalkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2020=100. Førebelse tal
    Indeks for indirekte kostnader
    3. kvartal 20234. kvartal 20231. kvartal 20242. kvartal 20243. kvartal 2024
    Bergverksdrift og utvinning115,1120,5119,9122,4115,7
    Industri112,7121,3117,3118,1115,2
    Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn116,7128,5120,2127,5118,5
    Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd117,6120,3113,9110,1120,4
    Byggje- og anleggsverksemd114,9119,1116,2113,6116,6
    Varehandel, reparasjon av motorvogner117,9120,7118,3112,4119,9
    Transport og lagring117,0124,4121,6121,3118,0
    Overnattings- og serveringsverksemd116,8117,4115,3110,0120,0
    Informasjon og kommunikasjon114,7124,5124,4118,4114,9
    Finansierings- og forsikringsverksemd124,4124,6116,8118,4130,8
    Omsetning og drift av fast eigedom117,3122,1119,1114,4117,5
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting116,3118,9118,5120,9117,3
    Forretningsmessig tenesteyting120,1119,6124,8122,9125,6
    Undervisning116,2120,0116,7113,4117,0
    Helse og sosialtenester115,3115,7115,7114,5119,9
    Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar116,3115,7119,7108,5118,0
    Personleg tenesteyting116,9113,5116,0112,5119,3
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Indeksane måler endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalt time.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 22. november 2023.

Arbeidskraftskostnadsindeksen

Måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time for totale arbeidskostnader, direkte personalkostnader og indirekte personalkostnader. Dei totale arbeidskraftkostnadene er summen av dei direkte og indirekte personalkostnadene.

Direkte personalkostnader

Utbetalt lønn, honorar og andre kontantytingar som feriepengar, sjukepengar, representasjonsgodtgjersler og opsjonar i arbeidstilhøve med meir. Lønn for ikkje-arbeida tid er rekna med.

Indirekte personalkostnader

Naturalytingar, kostnader knytt til helse-, miljø- og tryggingstiltak, sosiale kostnader, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader med meir.

Lønn for ikkje-arbeida tid

Lønn under sjukdom, lønn i ulike permisjonar, utgifter til ekstra fridagar og anna lønn for ikkje-arbeida tid.

Naturalytingar

Ytingar og fordeler arbeidstakar får i arbeidsforhold i tillegg til kontantlønn.

Kostnader knytt til helse-, miljø- og tryggingstiltak

Summen av kostnader ved bedriftshelseteneste og kostnader til ulike miljø- og vernetiltak som er til tilsette si gode.

Sosiale kostnader

Arbeidsgivars kostnader til lovfesta og frivillige trygde- og pensjonsordningar og forsikringar. Arbeidsgivaravgift er ikkje rekna med.

Opplæringskostnader

Arbeidsgivars kostnader for tilsette si deltaking på eksterne kurs, vidareutdanning, kostnader ved drift av eigen skule og interne kurs, lærlingar, rekrutteringskostnader og kostnader knytt til opplæring av nytilsette.

Sosiale utgifter

Består av utgifter til pensjonsordningar og ulike forsikringar, til dømes yrkesskadeforsikring og ulykkesforsikring.

Timeverk

Indeksen viser utvikling av gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time. Datakjeldene inneheld opplysningar om avtalt arbeidstid og talet på overtidsstimar. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidsstimar.

Arbeidskraftkostnadsindeksen nytter Standard for næringsgruppering 2002 (SN2002) som klassifikasjon t.o.m. 2008. Denne tek utgangspunkt i NACE Rev. 1.1.

F.o.m 2009 tek Statistisk sentralbyrå i bruk ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) som samsvarer med EU sin nye standard NACE Rev.2.

Namn: Arbeidskraftkostnadsindeks
Emne: Arbeid og lønn

20. februar 2025

Seksjon for næringslivets strukturer

Nasjonalt nivå

Arbeidskraftkostnadsindeksen blir utarbeidd kvart kvartal, og blir seinast publisert 70 dagar etter utløpet til kvart kvartal. Tala som blir publisert kan bli editert av endringar i arbeidskraftkostnadsundersøkinga.

EU sitt statistikkontor (Eurostat)

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Føremålet er å visa endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time gjennom året. Det er videre eit mål å etablere ein indeks til bruk i internasjonal samanlikning.

Indeksen er publisert fyste gong for 3. kvartal 2004, med indeksar som går tilbake til 1. kvartal 1998. Indeksen vart editert ved frigiving av 4. kvartal 2009, 2013 og 2018 på bakgrunn av resultatet frå undersøkinga om arbeidskraftkostnader 2008, 2012 og 2016.

Frå 1. kvartal 2009 er ny norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) teke i bruk. Arbeidskraftkostnadsindeksane for perioden 1. kvartal 2000 &– 4. kvartal 2008 er berekna på nytt basert på SN2007. Indeksar etter tidlegare Standard for næringsgruppering (SN2002) vil ikkje bli publisert videre frå og med 2009, men vil vera lagra i statistikkbanken.

I publisering for 1. kvartal 2019 vart namna på næringshovudområda endra i tråd med standard for næringsgruppering.

NæringskodeTidligere presentasjonstekstDagens presentasjonstekst
05-09bOlje- og gassutvinning og bergverksdriftBergverksdrift og utvinning
10-33IndustriIndustri
35Forsyning av elektrisitet, gass, damp og varmtvatnForsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn
36-39Vatn, avløp, renovasjonForsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd
41-43Byggje- og anleggsverksemdByggje- og anleggsverksemd
45-47bVarehandelVarehandel, reparasjon av motorvogner
49-53bSamferdselTransport og lagring
55-56bHotell- og serveringsverksemdOvernattings- og serveringsverksemd
58-63Informasjon og kommunikasjonInformasjon og kommunikasjon
64-66FinanstenesterFinansierings- og forsikringsverksemd
68Omsetning og drift av fast eigedomOmsetning og drift av fast eigedom
69-75Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteytingFagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting
77-82Forretningsmessig tenesteytingForretningsmessig tenesteyting
85UndervisningUndervisning
86-88Helse og sosialtenesterHelse- og sosialtenester
90-93Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetarKulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar
94-96Personlig tenesteytingAnna tenesteyting


Statistisk sentralbyrå sitt nasjonalrekneskap, Det tekniske berekningsutval, Eurostat og næringslivet nyttar statistikken mellom anna i konjunktursamanheng.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Utviklinga i arbeidskraftkostnadsindeksen skal vere i samsvar med utviklinga i arbeidskraftkostnadsundersøkinga og nasjonalrekneskapen.

Statistikk for andre land i Europa presenteres av Eurostat.

Rådsforordning (EF) nr. 450/2003 av 27. februar om arbeidskraftkostnadsindeks.

Regulation (EU) 2019/2152 of the European Parliament and of the Council on European business statistics, repealing 10 legal acts in the field of business statistics (EBS-Regulation)

Commission Implementing Regulation 2020/1197 laying down technical specifications and arrangements pursuant to Regulation (EU) 2019/2152 of the European Parliament and of the Council on European business statistics repealing 10 legal acts in the field of business statistic (General Implementing Act)

Populasjonen omfattar alle føretak i Statistisk sentralbyrå sitt virksomhets- og føretaksregister i næringshovudområde B - S i samsvar med Standard for næringsgruppering (SN2007)

Fram til 2015:

Arbeidskraftskostnadsindeksen er framkomme ved samanstilling av

årleg lønnsstatistikk, kvartalsvis lønnsindeks , arbeidskraftskostnadsundersøkelse og

lønnssumsstatistikk.

Arbeidskraftskostnadsindeksen har ikkje eiget utval.

Frå 2015:

Frå og med 2015 er datagrunnlaget til statistikken basert på opplysningar frå årsrekneskap, institusjonelle opplysingar og a-meldinga. A-meldinga er ei samordna rapportering av lønns- og tilsettingsopplysningar til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå regulert av a-opplysningslova. Data blir innhenta elektronisk frå Skatteetaten ved Etatanes fellesforvaltning (EFF).

Alle arbeidsgivarar som har betalt ut lønn, pensjon, andre kontantytingar, arbeidsgivaravgift eller naturalytingar må levere a-melding. Datamaterialet omfattar dermed alle ytingar i alle føretak i dei næringane lønnsindeksane dekker. Ei rapportering av A-meldinga erstatt fem skjema/oppgåver til tre etatar slik at dataomfanget er meir omfattande enn til tidlegare indekser.

Arbeidskraftskostnadsindeksen har ikkje eigen datainnsamling/skjema. Data innhentes frå a-meldinga, som er heildekkande for omfang og kostnadskomponentar i arbeidskraftkostnadsindeksane.

Indeksane blir kontrollert mot historiske seriar og samanstilles med andre relevante statistikkar (til dømes Nasjonalrekneskapen, strukturstatistikkane, rekneskapsstatistikk).

Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.

Indeksen blei editert ved frigiving av 4. kvartal 2009, 2013 og 2018. Endringane skuldas i all hovudsak resultatet frå undersøkinga om arbeidskraftskostnader 2008, 2012 og 2016.

Nytt felles referanseår for arbeidskraftskostnadindeks etter SN2007 er teke i bruk frå og med publiseringa av 3. kvartal 2018. Basisperioden er no sett lik 2016=100. Alle indeksane er justert i samsvar med dette.

Arbeidskraftskostnadsindeksen er ein Laspeyeres indeks med faste vekter. Ein Laspeyres formel er særprega av at vektgrunnlaget blir heldt konstant over tid. I denne indeksen blir vektene for kostnadene endra ved kvar arbeidskraftskostnadsundersøking, kvart 4. år.

Arbeidskraftskostnadsindeksen er byggja opp som ei sum av delindeksar av de ulike kostnadskomponentane som går inn i dei totale arbeidskraftskostnadane. Til og med 2014 ble det berekna endringar i kostnadene som så ble vekta saman til arbeidskraftskostnadsindeks der vektene byggja på opplysningar frå arbeidskraftskostnadsundersøkinga og nasjonalrekneskapen. Vektene frå nasjonalrekneskapen ble endra kvart år. Frå og med 2015 er data innhenta frå a-meldinga, som er heildekkande for omfang og kostnadskomponentar i arbeidskraftkostnadsindeksane.

Indeksen er ikkje arbeidsdags- eller sesongjustert. Dette betyr at indeksen viser endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnadar for kvar per betalte time utan at ulikt tal på arbeidstimar eller dagar mellom kvartalene gir utslag i indeksen det gjeldande kvartalet.

Indeksane viser gjennomsnittlege kostnadar per betalt arbeidstime i eit kvartal. Betalt time er det talet på timar som er avtalt arbeida i tillegg til alle betalte overtidstimar, til forskjell frå talet på timer som faktisk er arbeida.

Strukturelle endringar i næringa verker inn. Sentrale og lokale lønnsforhandlingar er viktige faktorar for utviklinga i kontantlønn, men også strukturelle endringar i næringane har stor verknad. Spesielt konjunkturavhengige utbetalingar som bonusar og endringar i sysselsettingsmønsteret spiller inn. Kor mange og kva grupper tilsette som går ut og inn av arbeid, endrar arbeidstid, og kor mange som bytter jobb mellom næringane, vil virke inn på utviklinga av direkte kostnadar. Om det er de tilsette med lågast ansiennitet som går ut av bedriftene som følge av oppseiingar eller permitteringar, vil ein slik reduksjon i arbeidsstokken kunne medføre at den gjennomsnittlege lønna for bedriftene aukar.

Bonusutbetalingar knytt seg ofte til resultat som ble oppnådd i en tidlegere periode enn det tidspunktet godtgjersla faktisk blir utbetalt. Indeksane tar ikkje omsyn til når resultata frå forhandlingar ved lønnsoppgjer faktisk gjeld frå, men måler endringa i lønn slik den har kommet til utbetaling på tidspunktet for rapportering.

Ikkje relevant.

Tilsette i SSB har teieplikt.

SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.

SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.

Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.

Utgåver av statistikken Arbeidskraftkostnadsindeks publisert før 6. juni 2017.

Arbeidskraftskostnadsindeksen blei produsert fyste gong med tal for 3. kvartal 2004, og er samanliknbar tilbake til 2000 for alle næringshovudområdane.

Indeksen blei editert ved frigiving av 4. kvartal 2009, 2013 og 2018. Editeringa ble gjort på bakgrunn av resultatet frå undersøkinga om arbeidskraftskostnader 2008, 2012 og 2016, institusjonelle opplysingar og lønnsstatistikk.

Frå og med 1. kvartal 2009 ble Arbeidskraftskostnadsindeksen publisert etter SN2007. Endringane gjaldt for hele indeksserien tilbake til 2000.

For å sjå utviklinga over tid for indeksen må ein samanlikna indeksverdiar frå same versjon av næringsgruppering.

Målefeil

Målefeil i arbeidskraftskostnadsindeksen knyter seg til at definisjonar av variablar kan være avvikande mellom dei ulike datakjeldene.

Tilarbeidingsfeil

Tilarbeidingsfeil knyter seg til å få utnytta datamaterialet frå dei enkelte datakjeldene på ein einsarta måte.

Arbeidskraftskostnadsindeksen har ingen eigen datainnsamling.

Registerfeil

Kvar av datakjeldene har kopla på næringskode frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister, og feil opplysingar i registeret vil kunne medføre at einingar blir setje i feil næring.

Frå og med 2015 er datagrunnlaget til statistikken basert på opplysningar frå a-meldinga. Observasjonar kan også her bli forkasta ut frå manglande opplysningar og/eller feil verdiar på variable.

Innrapporteringane , eller data, for månedane frå mars 2020 og framover kan være påverka av midlertidige endringar i regelverk på grunn av koronaepidimien, for eksempel knytta til permitteringar, sjukefråvær og arbeidsgjevaravgiftssats.

Revisjon er planlagd endring av tal som allereie er publiserte, for eksempel ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal. Sjå også SSBs prinsipp for revisjon.

Revisjon i tidlegare publiserte sesongjusterte tal kan hende når nye observasjonar (eller reviderte tidlegare observasjonar) blir inkluderte i berekningsgrunnlaget. Revisjonsomfanget er som regel størst i den mest aktuelle delen (siste 1-2 år) av sesongjustert tidsserie. Tilsvarande revisjon i trend er òg normalt, særleg på slutten av tidsserien. Omfanget av revisjon i trend og sesongjusterte tal er påverka av revisjonspolicy, jamfør kapittel 4 i retningslinjene for sesongjustering for det europeiske statistikksystemet (ESS) på Eurostats nettstad (berre på engelsk). For meir informasjon om revisjon av sesongjusterte tal, sjå statistikken sin Om sesongjustering.

Talene som blir publisert kan bli editert av endringar frå arbeidskraftkostnadsundersøkinga.

Førebelse indeksar blir endelege når resultata frå dei fireårlege arbeidskraftkostnadsundersøkingane er publisert.

Indeksane blei tidlegare editert 4. kvartal 2009 og 2013, og sist editert ved frigiving av 4. kvartal 2018. Editeringa blei gjort på bakgrunn av resultatet frå undersøkinga om arbeidskraftkostnader 2016 og institusjonelle opplysingar. Endringane gjaldt for indeksseriane frå 1. kvartal 2016 til 3. kvartal 2018.

Kontakt

Heidi Bekkevold Backe

heidi.backe@ssb.no

40 81 13 22

Marianne Mellem

mnm@ssb.no

40 81 14 42