Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
4,8 prosent meir i løn og honorar
Samla utbetaling av løn og honorar utgjorde 584 milliardar kroner, syner førebelse tall for 2002. Dette var 27 milliardar kroner eller 4,8 prosent meir enn i 2001. Til samanlikning var auken i slike utbetalingar frå 2000 til 2001 på 32 milliardar kroner, eller 6,1 prosent.
Dei førebelse tala syner at vel 2 615 000 personar mottok i gjennomsnitt 223 500 kroner i løn og honorar. Til samanlikning mottok vel 2 617 600 personar i gjennomsnitt 213 000 kroner i løn og honorar året før.
Sterk auke i utbetalingar av dagpengar
Utbetaling av dagpengar auka frå i underkant av 6,6 milliardar kroner i 2001 til nesten 8,2 milliardar i 2002, eller med 24,1 prosent. Talet på personar som fekk utbetalt dagpengar, har auka frå 181 900 i 2001 til heile 194 500 i 2002. Gjennomsnittlege utbetalingar per mottakar har òg auka, frå 36 100 kroner i 2001 til 41 900 kroner i 2002.
Talet på personar med løn, honorar med vidare, dagpengar, sjuke- og
fødselspengar og pensjonar. 20011 og 20022 |
Talet på personar | Sum beløp i millionar kroner | Endring i prosent 2001-2002 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
20011 | 20022 | 20011 | 20022 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Løn, honorar med vidare | 2 617 585 | 2 615 027 | 557 468 | 584 339 | 4,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dagpengar | 181 876 | 194 538 | 6 573 | 8 156 | 24,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjuke-/fødselspengar | 316 910 | 324 462 | 12 448 | 13 694 | 10,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Pensjonar og liknande | 1 433 861 | 1 452 729 | 150 052 | 162 051 | 8,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Endelege tal. |
2 | Førebelse tal. |
Sjuke- og fødselspengar
Samla utbetaling av sjuke- og fødselspengar var på 13,7 milliardar kroner. Dette var om lag 1,2 milliardar, eller 10,0 prosent meir enn i 2001. Til samanlikning var auken i slike utbetalingar frå 2000 til 2001 på 0,75 milliardar kroner, eller 6,4 prosent.
Pensjonar og liknande
Det blei totalt utbetalt 162,1 milliardar kroner i pensjonar og liknande, ein auke på 8,0 prosent samanlikna med 2001. Beløpet omfattar utbetalingar frå folketrygda, som til dømes alders- og uførepensjon, og ulike utbetalingar av pensjonar utanom folketrygda. Totalt var det vel 1 452 700 personar som mottok pensjonar og liknande, eller 18 900 fleire personar enn i 2001.
Løn for leiarar
Leiarar i selskap med 25 til 50 tilsette hadde i gjennomsnitt ei løn på 506 100 kroner, ein auke på 5,3 prosent frå 2001. I selskap med 50 til 100 tilsette hadde leiarane ei løn på 615 500 kroner, som tilsvarar ein auke på 5,2 prosent frå året før. Til samanlikning var leiarløna i selskap med 100 til 250 tilsette på 791 900 kroner, ein auke på 4,3 prosent. I dei største selskapa med 250 eller fleire tilsette, utgjorde leiarløna 1 178 100 kroner. Dette var ein auke på 8,2 prosent samanlikna med 2001.
Leiar er definert som den personen i det enkelte selskap med høgast utbetaling av løn to år etter kvarandre. Som tilsett er her nytta talet på lønsoppgåver for same person i same selskap, noko som ikkje er identisk med talet på tilsette i selskapet. Løn er her definert som løn, honorar, fordel ved opsjonar og naturalytingar.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken byggjer på førebelse tal frå Løns- og trekkoppgåveregisteret i Skattedirektoratet for inntektsåret 2002. Dette omfattar opplysningar om løn og andre ytingar frå arbeidsgivar til arbeidstakar, som arbeidsgivar har plikt til å rapportere.
Tabeller:
- Tabell 1 Utvikling i løn for leiarar i aksjeselskap og børsnoterte selskap. Selskap med 25 lønsforhold3 og over. Identiske menn og kvinner. 2001-2002. Førebelse tal
- Tabell 2 Gjennomsnittleg løn, etter kvartil for leiarar i aksjeselskap og børsnoterte selskap. Selskap med 25 lønsforhold og over. Identiske menn og kvinner. 2001 og 2002. Førebelse tal
Statistikken publiseres nå sammen med Skatt for personer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42