Innvandringa opp att i tredje kvartal
Publisert:
Befolkninga i Noreg vaks med 9 800 personar i tredje kvartal. Dermed var folketalet 5 384 576 ved utgangen av september. Etter at innvandringa i andre kvartal var særs låg, bidrog ein auke i innvandringa i tredje kvartal til oppgangen.
- Tala er henta frå
- Befolkning
- Artikkelen er del av serien
- Befolkning (arkiv)
I tredje kvartal i 2020 var den totale innvandringa på 12 000, viser nye tal frå statistikken Befolkning. Som vi kan sjå av figuren nedanfor, liknar dette nivået på innvandringa frå tidlegare kvartal, bortsett frå det mykje spesielle andre kvartalet i 2020.
Figur 1. Innvandring til Norge, per kvartal
Innvandring | |
2016K3 | 20573 |
2016K4 | 16170 |
2017K1 | 15247 |
2017K2 | 12440 |
2017K3 | 16793 |
2017K4 | 13752 |
2018K1 | 13325 |
2018K2 | 10747 |
2018K3 | 15585 |
2018K4 | 12895 |
2019K1 | 12333 |
2019K2 | 10641 |
2019K3 | 15009 |
2019K4 | 14191 |
2020K1 | 10498 |
2020K2 | 5248 |
2020K3 | 12042 |
Det er flest norske statsborgarar som flytta til Noreg
Tala for tredje kvartal syner at det – med unnatak av førre kvartal – for fyrste gong sidan andre kvartal 2015 var fleire norske statsborgarar som flytta til Noreg enn som utvandra. I andre kvartal 2020 var det 80 fleire norske statsborgarar som flytta til Noreg enn som flytta frå landet, men i tredje kvartal auka dette talet til 530. Ei så høg nettoinnvandring blant norske statsborgarar er ikkje vanleg, og lyt sjåast i samband med at utvandringa av norske statsborgarar var uvanleg låg samanlikna med same kvartal dei siste åra - medan talet på innvandringar er meir normalt. Det er ikkje urimeleg å tenkje at korona-pandemien har hatt noko å seie for dette uvanlege mønsteret.
Etter norske statsborgarar er det polske, svenske og danske statsborgarar som har flest innvandringar til Noreg i tredje kvartal. Innvandringstala for fleire av dei største gruppene var i tredje kvartal på eit nivå som kan jamførast med tidlegare år, i motsetnad til i andre kvartal, då dei var eksepsjonelt låge.
Figur 2. Innvandring etter statsborgarskap, kvartalsvis for 2020
Kolonne1 | 2020K1 | 2020K2 | 2020K3 |
Norge | 1499 | 1181 | 2942 |
Polen | 1161 | 432 | 1075 |
Sverige | 472 | 241 | 668 |
Danmark | 233 | 107 | 463 |
Litauen | 629 | 242 | 437 |
Fødde og døde fylgjer utviklinga frå tidlegare år
Talet på fødde og døde fylgjer utviklinga frå same kvartal i tidlegare år, både for landet og for fylka. Det vart fødd 14 100 born i tredje kvartal, medan 9700 personar døde. Talet på fødde er dermed noko lågare enn for tredje kvartal i tidlegare år, og her vil ikkje moglege korona-effektar verte synlege før dels i fjerde kvartal, men fremst i 2021. Når det gjeld dødelegheita, så kan ein ikkje sjå korkje over- eller underdødelegheit ut frå desse tala. Dette er likt med perioden frå mars og ut juni, kor SSB har sett nøyare på dødelegheita i denne artikkelen.
Oslo kan passere 700 000 innbyggjarar før 2021
Ved utgangen av tredje kvartal hadde Oslo 697 550 innbyggjarar. Det tyder at Oslo kommune vil passere 700 000 innbyggjarar i fjerde kvartal dersom folkeauken vert omlag like stor som i tilsvarande kvartal dei siste åra. Om dette vert tilfelle er usikkert, no som Oslo og landet elles er inne i ein ny runde med korona-tiltak som mellom anna kan bremse opp innvandringa att.
Innlandet fylke med folkeauke for fyrste gong
Troms og Finnmark og Nordland var fylka med nedgang i folketalet i tredje kvartal, medan Innlandet hadde fyrste kvartalsvise auke i befolkninga sidan fylket tok til i byrjinga av 2020. Vestland, Trøndelag og Oslo har igjen folkeauke no når innvandringa har auka att, etter at dei hadde folkenedgang i andre kvartal.
Figur 3. Folkeauke etter fylke, kvartalsvis 2020
2020K1 | 2020K2 | 2020K3 | |
Viken | 1412 | 3199 | 3050 |
Oslo | 1163 | -571 | 3463 |
Innlandet | -575 | -328 | 62 |
Vestfold og Telemark | 296 | 1023 | 470 |
Agder | 351 | -13 | 861 |
Rogaland | 882 | 567 | 442 |
Vestland | 679 | -199 | 1045 |
Møre og Romsdal | -78 | 54 | -1 |
Trøndelag - Trööndelage | 659 | -380 | 1444 |
Nordland | -184 | -155 | -555 |
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku | 170 | -745 | -512 |
Kontakt
-
Ane Margrete Tømmerås
-
Magnus Haug
-
SSBs informasjonstjeneste