Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Ny avgrensingsmetode for tettstader
Frå og med tettstadstatistikken for 1. januar 1999 har Statistisk sentralbyrå (SSB) teke i bruk ein ny metode for automatisk avgrensing av tettstader. Dette medfører at SSB no vil produsere befolkningsstatistikk for tettstader basert på årleg oppdaterte tettstadsgrenser. Tala som no ligg føre er førebels.
Statistikken over tettstader byggjer framleis på registeropplysningar frå Det sentrale folkeregister (DSF) og Noreg sitt offisielle register for grunneigedomar, adresser og bygningar (GAB). Tidlegare har kommunane sjølve utarbeida forslag til tettstadsgrenser basert på lokalkunnskap og kriteria i SSB sin definisjon. Denne manuelle avgrensinga vart revidert i samband med folke- og bustadtellingane kvart tiande år. Automatisk avgrensing av tettstader har sin styrke i at tettstadsgrenser og arealstatistikk byggjer på strengt objektive kriterium, noko som gjer det mogleg å samanlikna statistikk over tid og mellom tettstader.
Sjølv om tettstadsdefinisjonen er den same, vil den nye avgrensingsmetoden få konsekvensar for befolkningsstatistikk for tettstader. Tal frå gamal og ny metode kan såleis ikkje samanliknast direkte. Meir informasjon om den nye metoden finst i "Om statistikken".
Førebels folketal
Tettstadtala som her ligg føre er førebels. Endelege tal for 1. januar 1999 vil truleg vere klare i mai i år. Det er også planlagt å produsere tettstadstal etter den nye metoden bakover i tid, så langt det let seg gjera. Metoden gjev også grunnlag for at arealtal for tettstader vil kunne liggja føre når endelege befolkningstal kjem. Ein ventar ikkje store endringar frå førebels til endelege tal, men det er eit mål å redusere talet på uplasserte personar. For landet som heilskap vil endringane for personar i tettbygde og spreiddbygde strok vera små, men for enkeltkommunar og -tettstader kan dei førebels tala bli endra vesentleg. Det er forventa at spesielt i fylka Rogaland og Hordaland, og til dels Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, vil talet på uplasserte gå ned når endelege tal ligg føre.
Talet på tettstader har auka
Per 1. januar 1998 var talet på tettstader i Noreg 890. Ved den førebels avgrensinga per 1. januar 1999 var talet 970. Denne auken er ikkje reell, men kjem i stor grad av at den nye metoden er meir presis. Mange av dei nye tettstadene ligg like over grensa på 200 innbyggjarar, slik at det er vanskeleg å seia om den nye tettstaden kjem av reell folkeauke eller utbygging, eller om det kjem av at tettstaden ikkje vart fanga opp med den gamle metoden. Ved å lage tilbakegåande avgrensingar kan ein finna ut om den nye metoden også ville ha avgrensa den aktuelle tettstaden ved eit tidlegare tidspunkt. Men i ein del tilfelle er folketalet i tettstaden såpass stort at det er rimeleg å tru at endringa kjem av omlegginga av metode.
Samanslåing av tettstader
Ved den nye avgrensinga er fleire tettstader, som før var to separate, no blitt slått saman. Til dømes er Fredrikstad og Sarpsborg blitt slått saman til ein tettstad, medan dei før var delt. Det same gjeld Porsgrunn /Skien og Stavanger/Sandnes. Også mindre stader som Revetal og Bergsåsen i Vestfold er no slått saman. Slike endringar kan kome av at den nye metoden ikkje tek omsyn til kommunegrenser, medan ein før stundom tok slike omsyn. Endringane kan også skuldast at to tettstader har vakse saman, men det vil ein fyrst sjå når ein får tilbakegåande avgrensingar etter den nye metoden. Det er rimeleg å tru at endringane i større mon kjem av meir nøyaktig metode enn faktiske endringar.
Desse samanslåingane får konsekvensar for lista over dei største tettstadene i landet. Etter Oslo og Bergen, som framleis er dei største tettstadene, følgjer no Stavanger/Sandnes, Trondheim, Fredrikstad/Sarpsborg, Porsgrunn/Skien og Drammen. Blant dei seks største tettstadene i Noreg er det altså tre samanslåtte tettstader som før vart rekna som to ulike tettstader. Det gjev eit meir korrekt bilete av den faktiske situasjonen å slå desse saman, sidan det faktisk er eitt samanhengande urbanisert område, sjølv om tettstaden er delt av ei administrativ grense.
Kryssing av kommunegrenser
Den nye avgrensingsmetoden har ført til at fleire tettstader enn før kryssar kommunegrenser. Ein del tettstader har hovudtyngda av innbyggjarane i ein kommune, medan ein liten del er busette i nabokommunen. Dette kjem nok igjen av den meir presise metoden for avgrensing enn reelle endringar. No vert det ikkje teke omsyn til administrative grenser som kommune- eller fylkesgrenser. I prinsippet skulle ein ikkje ta slike omsyn utifrå den gamle metoden heller, men det har nok i mange tilfelle vore naturleg å setja grensa ved kommunegrensa.
Stabil prosentdel som bur tett
Dei førebels tala viser at delen som bur tett i Noreg er 75,3 prosent. Per 1. januar 1998, etter gamal metode, var dette talet på 74,6 prosent. Det er såleis ikkje store endringar. Utanom Oslo er Akershus framleis det fylket i landet med størst prosentdel busette (87,1) i tettbygde strok, og Sogn og Fjordane det med den minste (49,1). Det er framleis ein del kommunar der alle bur i spreiddbygde strok.
Tabeller:
Kontakt
-
Even Høydahl
E-post: even.hoydahl@ssb.no
tlf.: 95 77 79 06
-
Dana Moe
E-post: dana.moe@ssb.no
tlf.: 99 85 23 42
-
Vilni Verner Holst Bloch
E-post: vilni.verner.holst.bloch@ssb.no
tlf.: 94 82 25 32
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42