Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mannsoverskottet auka sterkt i 2011
Det var 2 498 900 menn og 2 487 000 kvinner registrerte som busett i Noreg ved årsskiftet. Dermed var det 11 900 fleire menn enn kvinner, noko som gjorde at mannsoverskottet auka i fjor.
Medan mannsoverskottet var på nærare 12 000 ved siste årsskifte, var det til samanlikning 1 400 eitt år før. Fordelinga på kjønn har endra seg frå eit klårt kvinneoverskott da Noreg hadde 4 millionar innbyggjarar til eit klårt mannsoverskott når den 5. millionen truleg blir nådd måndag 19. mars 2012. Kvinneoverskottet var på vel 25 000, eller over 1 prosent, i 1975.
Statistisk sentralbyrå har rekna ut at Noreg truleg rundar 5 millionar innbyggjarar måndag 19. mars 2012 . Folketalet i Noreg nådde sin første million i 1822, sin andre i 1890, sin tredje i 1942 og sin fjerde million i 1975. |
Relativt færre førskolebarn og fleire gamle sidan vi var 4 millionar
Alderssamansetjinga i befolkninga har også endra seg mykje dei siste tiåra. Eit eksempel på det er at i 1975, då folketalet nådde 4 millionar, utgjorde barn under seks år 9,5 prosent av folketalet, medan dei no utgjer 7,5 prosent. Samstundes har dei eldste, 80 år og over, auka sin prosentdel frå berre 2,4 i 1975 til 4,4 prosent no. Auken av dei eldste er altså like stor som reduksjonen av førskolebarn, 2,0 prosentpoeng.
Tal for folkemengd etter kjønn og alder ved årsskiftet blir publiserte samtidig med endringstal for 4. kvartal 2011 og for heile kalenderåret 2011 , og samtidig med tal for inngåtte ekteskap og skilsmisser . Meir detaljert statistikk om folkemengd etter statsborgarskap og sivilstand vil liggje føre 14. mars. Meir om inngåtte ekteskap og skilsmisser blir publisert 23.august. |
Tabeller:
- Tabell 1 Folkemengd, etter alder og fylke. Absolutte tal. 1. januar 2012
- Tabell 2 Folkemengd, etter alder og fylke. 1. januar 2012. Prosent
- Tabell 3 Folkemengd, etter kjønn og alder. Kommune. 1 januar 2012. østfold
- Tabell 4 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Akershus
- Tabell 5 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Oslo
- Tabell 6 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Hedmark
- Tabell 7 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Oppland
- Tabell 8 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Buskerud
- Tabell 9 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Vestfold
- Tabell 10 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Telemark
- Tabell 11 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Aust-Agder
- Tabell 12 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Vest-Agder
- Tabell 13 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Rogaland
- Tabell 14 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Hordaland
- Tabell 15 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Sogn og Fjordane
- Tabell 16 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Møre og Romsdal
- Tabell 17 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Sør-Trøndelag
- Tabell 18 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Nord-Trøndelag
- Tabell 19 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Nordland
- Tabell 20 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Troms Romsa
- Tabell 21 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2012. Finnmark Finnmárku
Kontakt
-
Magnus Haug
E-post: magnus.haug@ssb.no
tlf.: 40 81 14 91
-
Karstein Sørlien
E-post: karstein.sorlien@ssb.no
tlf.: 47 70 16 35
-
Linn Krokedal
E-post: linn.krokedal@ssb.no
tlf.: 95 47 97 47
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no