Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
4 503 000 busette ved årsskiftet
Det var busett 4 503 000 personar i Noreg 1. januar 2001. Folketalet auka med 25 000 i 2000, ein auke på 0,6 prosent. Året før steig folketalet med 0,7 prosent.
Mest på grunn av eit bortimot halvert innvandringsoverskot frå utlandet frå 1999 til 2000, vart folketilveksten 8 200 personar lågare enn førre året.
Flest 0-5-åringar i Rogaland
I heile landet er 8 prosent av folketalet barn under skolepliktig alder. Flest 0-5-åringar er det i Rogaland, Finnmark og Akershus med respektive 9,2, 8,9 og 8,6 prosent.
Hedmark har høgaste delen av alle fylka i aldersgruppene mellom 50 og 90 år, og lågast blant nokon av dei yngre. Oslo har flest unge vaksne i aldersgruppa 25-34 år, slik ein kunne vente.
Flest eldre 80 år og over er det i Sogn og Fjordane, der 5,3 prosent av folketalet er 80 år og over, deretter følgjer fylka Hedmark (5,2), Oppland (5,1) og Telemark (5,1). Færrast er det i Akershus med 3 prosent. For heile landet sett under eitt er 4,4 prosent av folketalet 80 år og over.
Flest i aldersgruppa 30-34 år
Dei store fødselskulla frå åra 1966-1970 er personar som no er i aldrane 30-34 år. Dei utgjer den største 5-årige aldersgruppa, og står for 7,8 prosent av heile folketalet. I 1971 utgjorde dei 5,3 prosent av det totale folketalet.
I 1971 utgjorde dei som var under 15 år, heile 33 prosent av folketalet, mot 20 prosent i 2001. Personar i yrkesaktiv alder, 20-66 år, utgjer ein større del av folketalet no (61 prosent), enn for 30 år sidan (57 prosent). Personar over 66 år står for 14 prosent, mot 11 prosent i 1971.
Annankvar 30-årig kvinne er ugift
Halvparten av alle 30-årige kvinner har aldri vore gifte. I 1971 hadde kvar tiande 30-årige kvinne aldri vore gift. Blant 30-årige menn har så mange som 66 prosent aldri vore gift, og i 1971 var talet berre 20 prosent.
Ved årsskiftet hadde 35 prosent av dei busette ugifte personar 15 år og over aldri vore gifte. 30 år tidlegare, i 1971, var tilsvarande del 27 prosent. Frå 1971 har denne gruppa auka med 468 000 personar til 1 273 000. Denne utviklinga har samanheng med at fleire vel sambuarskap framfor tradisjonelt ekteskap, og at giftermålsalderen stig.
Dei kommunane som har flest 0-5-åringar
i forhold til folketalet. Prosent |
Kommune | Barn 0-5 år i prosent av folkemengda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1120 Klepp | 11,01 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1246 Fjell | 11,01 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2012 Alta | 10,84 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 10,37 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 10,28 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1432 Førde | 10,20 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1662 Klæbu | 10,19 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0618 Hemsedal | 10,12 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1146 Tysvær | 9,93 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1256 Meland | 9,85 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1142 Rennesøy | 9,85 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0233 Nittedal | 9,85 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1516 Ulstein | 9,84 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1026 åseral | 9,80 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1027 Audnedal | 9,80 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1119 Hå | 9,80 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 9,79 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1221 Stord | 9,72 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 9,70 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1129 Forsand | 9,68 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei kommunane som har flest personar 80 år
og over i forhold til folketalet. Prosent |
Kommune | Eldre 80 år og over i prosent av folkemengda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1915 Bjarkøy | 12,46 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1644 Holtålen | 9,33 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1227 Jondal | 9,11 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1842 Skjerstad | 9,05 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1412 Solund | 8,96 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1524 Norddal | 8,96 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1917 Ibestad | 8,87 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1234 Granvin | 8,78 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1867 Bø | 8,52 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1613 Snillfjord | 8,39 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0432 Rendalen | 8,36 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1633 Osen | 8,16 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1838 Gildeskål | 8,11 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1223 Tysnes | 8,00 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1265 Fedje | 7,85 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1711 Meråker | 7,79 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1632 Roan | 7,79 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1636 Meldal | 7,77 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 7,76 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1417 Vik | 7,71 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tabeller:
- Tabell 1 Folkemengd etter sivilstand, kjønn og alder. 1. januar 2001
- Tabell 2 Folkemengd etter alder. Absolutte tal. Fylke. 1. januar 2001
- Tabell 3 Folkemengd, etter alder. Fylke. 1. januar 2001. Prosent
- Tabell 4 Folkemengd etter kjønn, alder og sivilstand, ettårige aldersgrupper. 1. januar 2001
- Tabell 5 Østfold
- Tabell 6 Akershus
- Tabell 7 Oslo
- Tabell 8 Hedmark
- Tabell 9 Oppland
- Tabell 10 Buskerud
- Tabell 11 Vestfold
- Tabell 12 Telemark
- Tabell 13 Aust-Agder
- Tabell 14 Vest-Agder
- Tabell 15 Rogaland
- Tabell 16 Hordaland
- Tabell 17 Sogn og Fjordane
- Tabell 18 Møre og Romsdal
- Tabell 19 Sør-Trøndelag
- Tabell 20 Nord-Trøndelag
- Tabell 21 Nordland
- Tabell 22 Troms
- Tabell 23 Finnmark
- Tabell 24 Østfold
- Tabell 25 Akershus
- Tabell 26 Oslo
- Tabell 27 Hedmark
- Tabell 28 Oppland
- Tabell 29 Buskerud
- Tabell 30 Vestfold
- Tabell 31 Telemark
- Tabell 32 Aust-Agder
- Tabell 33 Vest-Agder
- Tabell 34 Rogaland
- Tabell 35 Hordaland
- Tabell 36 Sogn og Fjordane
- Tabell 37 Møre og Romsdal
- Tabell 38 Sør-Trøndelag
- Tabell 39 Nord-Trøndelag
- Tabell 40 Nordland
- Tabell 41 Troms
- Tabell 42 Finnmark
- Tabell 43 Folkemengd, etter alder. Kommune. 1. januar 2001. Prosent
- Tabell 44 Middelfolkemengd etter sivilstand, kjønn og alder. 2000
- Tabell 45 Talet på sambuande, gifte og ikkje i samliv i dei ulike aldersgruppene. Prosent
- Tabell 46 Folkemengd etter kjønn og alder. Oslo. Bydel. 1. januar 2001
- Tabell 47 Folkemengd, etter alder. Prosent. Oslo. Bydel. 1. januar 2001
- Tabell 48 Folkemengd etter kjønn og alder. Stavanger. Bydel. 1. januar 2001
- Tabell 49 Folkemengd, etter alder. Prosent. Stavanger. Bydel. 1. januar 2001
- Tabell 50 Folkemengd etter kjønn og alder. Bergen. Bydel. 1. januar 2001
- Tabell 51 Folkemengd, etter alder. Prosent. Bergen. Bydel. 1. januar 2001
- Tabell 52 Folkemengd etter kjønn og alder. Trondheim. Bydel. 1. januar 2001
- Tabell 53 Folkemengd, etter alder. Prosent. Trondheim. Bydel. 1. januar 2001
Kontakt
-
Magnus Haug
E-post: magnus.haug@ssb.no
tlf.: 40 81 14 91
-
Karstein Sørlien
E-post: karstein.sorlien@ssb.no
tlf.: 47 70 16 35
-
Linn Krokedal
E-post: linn.krokedal@ssb.no
tlf.: 95 47 97 47
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no