Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Reduksjon i folketilveksten
Ved årsskiftet var det 4 524 0001 busette i Noreg. Veksten vart totalt på 20 600 i 2001, ein reduksjon på 4 300 frå året før. Dette utgjer ein auke på 0,46 prosent. Hovudforklaringa var at fødselsoverskotet sank noko, og at innflyttingsoverskotet frå utlandet vart redusert.
Folkemengda auka med 20 600 personar i fjor. Dette er den lågaste veksten i folketalet sidan 1990. Den naturlege auken i folketalet, det vil seie fødselsoverskotet, var 12 500 (førebelse tal). Fødselsoverskotet er dermed det lågaste sidan 1988.
Fylka Nordland (800), Finnmark (350), Sogn og Fjordane (310), Oppland (180), Troms (100), Hordaland (60) og Hedmark (30) hadde alle reduksjon i folketalet samanlikna med året før. Folketalet auka mest i Rogaland (6 100), Akershus (5 300) og Oslo (3 800). Sterk nedgang i folketalet kjem av utflytting, vekstfylka har både fødseloverskot, samt stor innflytting frå resten av landet og utlandet.
Aldersgruppa 40-69 år veks mest
Dei seinare åra er det storleiken på aldersgruppa 40-69 år, det vil seie dei eldste yrkjesaktive aldersgruppene, som har vakse mest. Dei som går ut av gruppa, tilhøyrer dei særs små fødselskulla frå tidleg på 1930-talet, medan dei som går inn i den, høyrer til dei store fødselskulla frå 1960-talet. Gjennom åra har det òg vore ei monaleg innvandring i denne aldersgruppa. Mengda born i skulealder, 6-19 år, veks òg noko, medan mengda personar i aldersgruppa 20-29 år minka med over 12 700. Årsaka til dette er dei små fødselskulla utover 1970-talet. Difor synk mengda potensielle foreldre år for år, noko som truleg vil gje færre fødslar i åra som kjem. I fjor fall talet på mengda "unge pensjonistar", medan dei i aldersgruppa 80 år og eldre auka med 4 500.
1 | Tall rettet 24.02.2003. |
Dei kommunane som har flest 0-5-åringar i
forhold til folketalet |
Kommune | Barn 0-5 år i prosent av folkemengda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1246 Fjell | 10,81 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1120 Klepp | 10,68 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1142 Rennesøy | 10,43 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2012 Alta | 10,40 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1026 åseral | 10,31 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 10,17 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1836 Rødøy | 10,14 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1146 Tysvær | 10,03 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 9,98 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1662 Klæbu | 9,95 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1119 Hå | 9,91 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1256 Meland | 9,81 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1247 Askøy | 9,80 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1432 Førde | 9,75 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1516 Ulstein | 9,72 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0233 Nittedal | 9,64 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1222 Fitjar | 9,55 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 9,52 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 9,49 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 9,48 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei kommunane som har flest personar
80 år og over i forhold til folketalet |
Kommune | Eldre 80 år og over i prosent av folkemengda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1915 Bjarkøy | 12,45 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0432 Rendalen | 9,25 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1917 Ibestad | 9,21 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1227 Jondal | 9,17 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1234 Granvin | 9,13 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1524 Norddal | 9,08 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1644 Holtålen | 8,94 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1842 Skjerstad | 8,61 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1867 Bø | 8,45 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1613 Snillfjord | 8,43 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1412 Solund | 8,36 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1838 Gildeskål | 8,26 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1223 Tysnes | 8,23 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1265 Fedje | 8,18 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1567 Rindal | 8,16 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 8,15 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1417 Vik | 8,13 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0121 Rømskog | 7,91 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1633 Osen | 7,90 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1636 Meldal | 7,88 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mange born i Rogaland, flest eldre i Hedmark
Store endringar i alderssamansetninga hjå innbyggjarane får konsekvensar for eit samfunn, mellom anna av at dei ulike aldersklassene treng ulike tenester. Aldersfordelinga er langt frå lik i heile landet. Sett i høve til folketalet har Rogaland størst mengd førskuleborn, 9 prosent. Landsgjennomsnittet er 7,9. Det same har Troms, Akershus og Finnmark. Samstundes er det i desse fylka me finn færrast personar 80 år og over, alle fylka har under 4 prosent. Landsgjennomsnittet er 4,5 prosent. Størst mengd av personar 80 år og eldre finn me i Hedmark med 5,4 prosent.
Halvdelen av innbyggjarane er ugifte
Stadig færre av landet sine innbyggjarar bur saman i ekteskap. År for år aukar gruppa ugifte og skilde. Ved årsskiftet var 49 prosent av innbyggjarane ugifte, 37 prosent gifte og 14 prosent før gifte (enkjer/enkemenn, separerte og skilde). Personar med annan sivilstand, registrerte partnarar, attlevande partnarar, separerte partnarar og gjenlevande partnarar, utgjorde 0,5 promille. For 10 år sidan var 44 prosent av innbyggjarane ugifte og 46 prosent var gifte. Statistikken er grunna i data frå Det sentrale folkeregisteret i Skattedirektoratet, der den offisielle sivilstandsinndelinga gjeld. Her vert sambuarar ikkje registrerte.
Ved årsskiftet var det i overkant av 2 000 registrerte partnarar i Noreg, ein auke på 200 frå året før. Av desse er 1 200 menn og 800 kvinner.
Flest kvinner over 55
Ser ein innbyggjarane samla sett er det 1 prosent fleire kvinner enn menn. I aldersgruppa under 55 år er det 2 prosent fleire menn enn kvinner, medan det er fleire kvinner i alle aldersgrupper over 55 år. Det er over fire gongar så mange enkjer som enkemenn i Noreg.
Tabeller:
- Tabell 1 Folkemengd etter sivilstand, kjønn og alder. 1. januar 2002
- Tabell 2 Folkemengd etter alder og fylke. Absolutte tal. 1. januar 2002
- Tabell 3 Folkemengd etter alder og fylke. 1. januar 2002. Prosent
- Tabell 4 Folkemengd etter kjønn, alder og sivilstand. Ettårige aldersgrupper. 1. januar 2002
- Tabell 5 Østfold
- Tabell 6 Akershus
- Tabell 7 Oslo
- Tabell 8 Hedmark
- Tabell 9 Oppland
- Tabell 10 Buskerud
- Tabell 11 Vestfold
- Tabell 12 Telemark
- Tabell 13 Aust-Agder
- Tabell 14 Vest-Agder
- Tabell 15 Rogaland
- Tabell 16 Hordaland
- Tabell 17 Sogn og Fjordane
- Tabell 18 Møre
- Tabell 19 Sør-Trøndelag
- Tabell 20 Nord-Trøndelag
- Tabell 21 Nordland
- Tabell 22 Troms
- Tabell 23 Finnmark
- Tabell 24 Østfold
- Tabell 25 Akershus
- Tabell 26 Oslo
- Tabell 27 Hedmark
- Tabell 28 Oppland
- Tabell 29 Buskerud
- Tabell 30 Vestfold
- Tabell 31 Telemark
- Tabell 32 Aust-Agder
- Tabell 33 Vest-Agder
- Tabell 34 Rogaland
- Tabell 35 Hordaland
- Tabell 36 Sogn og Fjordane
- Tabell 37 Møre og Romsdal
- Tabell 38 Sør-Trøndelag
- Tabell 39 Nord-Trøndelag
- Tabell 40 Nordland
- Tabell 41 Troms
- Tabell 42 Finnmark
- Tabell 43 Folkemengd, etter alder og kommune. 1. januar 2002. Prosent
- Tabell 44 Middelfolkemengd etter sivilstand, kjønn og alder. 2001
- Tabell 45 Talet på sambuande, gifte og ikkje i samliv i dei ulike aldersgruppene. Prosent
- Tabell 46 Folkemengd etter kjønn og alder. Oslo. Bydel. 1 januar 2002
- Tabell 47 Folkemengd, etter alder. Prosent. Oslo. Bydel. 1 januar 2002
- Tabell 48 Folkemengd etter kjønn og alder. Stavanger. Bydel. 1 januar 2002
- Tabell 49 Folkemengd, etter alder. Prosent. Stavanger. Bydel. 1 januar 2002
- Tabell 50 Folkemengd etter kjønn og alder. Bergen. Bydel. 1 januar 2002
- Tabell 51 Folkemengd, etter alder. Prosent. Bergen. Bydel. 1 januar 2002
- Tabell 52 Folkemengd etter kjønn og alder. Trondheim. Bydel. 1 januar 2002
- Tabell 53 Folkemengd, etter alder. Prosent. Trondheim. Bydel. 1 januar 2002
Kontakt
-
Magnus Haug
E-post: magnus.haug@ssb.no
tlf.: 40 81 14 91
-
Karstein Sørlien
E-post: karstein.sorlien@ssb.no
tlf.: 47 70 16 35
-
Linn Krokedal
E-post: linn.krokedal@ssb.no
tlf.: 95 47 97 47
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no