Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka innvandring gjev folketilvekst
Ved årsskiftet var det 4 552 200 busette i Noreg. Veksten i folkemengda vart samla sett på 28 200 i 2002. Dette utgjer ein auke på 0,62 prosent. Fødselsoverskotet heldt fram med å søkke, medan innflyttingsoverskotet frå utlandet auka.
Folkemengda auka med 28 200 personar i fjor. Dette er den største auken på 30 år, unnateke åra 1998 og 1999, og utgjer ein auke på 7 500 i høve til 2001. Den naturlege auken i folketalet, det vil seia fødselsoverskotet, var 10 700 – førebelse tal. Fødselsoverskotet er dermed det lågaste sidan 1987. Ser ein bort frå innvandringa, ville auken i folkemengda i 2002 berre ha vore på 0,24 prosent. Den sterke auken i innvandringa i 2002 har samanheng med redusert saksbehandlingstid i Utlendingsdirektoratet, noko som har redusert ventetida, særleg for familiesameining.
Tre fylke hadde reduksjon i folketalet samanlikna med året før: Nordland (-550), Finnmark (-220) og Sogn og Fjordane (-10). Sterk nedgang i folketalet kjem i hovudsak av utflytting. Folketalet auka mest i Akershus (6 000), Oslo (4 800) og Rogaland (3 600). Vekstfylka har både fødselsoverskot og stor innflytting frå resten av landet og utlandet. Førebelse tal syner at Oslo og Akershus hadde til saman 45 prosent av fødselsoverskotet i 2002. Dei innanlandske flyttingane bidreg til at det framleis føregår ei sentralisering av folkemengda til fylka ikring Oslofjorden.
Dei 20 kommunane som hadde størst vekst1 i folketalet i 2002. Prosent |
Kommune | Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
0235 Ullensaker | 4.51 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0238 Nannestad | 3,34 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1662 Klæbu | 2,79 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0119 Marker | 2,68 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1259 Øygarden | 2,35 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 2,32 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1663 Malvik | 2,29 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1256 Meland | 2,28 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1247 Askøy | 2,15 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0127 Skiptvet | 2,12 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0234 Gjerdrum | 2,07 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1129 Forsand | 1,99 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1246 Fjell | 1,94 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1002 Mandal | 1,83 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1245 Sund | 1,81 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1920 Lavangen | 1,81 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0236 Nes | 1,76 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0136 Rygge | 1,74 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0720 Stokke | 1,73 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0919 Froland | 1,68 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | I nokre kommunar, særleg dei minste, kan stor vekst kome av at kommunen har asylmottak. |
Dei 20 kommunane som hadde størst reduksjon i folketalet i 2002. Prosent |
Kommune | Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2015 Hasvik | -6,50 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2014 Loppa | -4,94 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1633 Osen | -4,77 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | -4,59 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | -3,86 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2027 Unjárga-Nesseby | -3,83 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1915 Bjarkøy | -3,79 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1227 Jondal | -3,69 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2002 Vardø | -3,48 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1572 Tustna | -3,44 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1816 Vevelstad | -3,41 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1836 Rødøy | -3,11 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0137 Våler | -3,01 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1526 Stordal | -2,93 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1723 Mosvik | -2,93 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1839 Beiarn | -2,86 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1739 Røyrvik | -2,84 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1573 Smøla | -2,71 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1874 Moskenes | -2,65 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1613 Snillfjord | -2,56 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ullensaker hadde størst auke og Hasvik størst reduksjon i folketalet
Det er eit særs interessant trekk som kjem fram ved å sjå på tabellen over dei kommunane som hadde størst vekst i 2002. Desse kommunane er i nærleiken av byar og vekstsenter. Ullensaker og Nannestad er på topp. Ser me vidare på lista, er alle dei 20 første kommunane i nærområda til byar eller større vekstsenter.
Tabellen over den største reduksjonen i folketalet, syner den motsette tendensen. Her er det mindre utkantkommunar som har reduksjon, men desse tala må ein sjå på med atterhald, då mange av desse kommunane har lågt folketal, og relativt små tal kan slå kraftig ut. Men ser ein på dei to tabellane samla sett, så kan det sjå ut til at det går føre seg ei sentralisering og vekst i nærområda til dei store byane og vekstsentra. Samstundes har dei mindre utkantkommunane ein reduksjon i folketalet.
Mange born i Rogaland, flest eldre i Hedmark og Sogn og Fjordane
Store endringar i alderssamansetninga hjå innbyggjarane får konsekvensar for samfunnet, mellom anna av di dei ulike aldersklassene treng ulike tenester. Det er merkbare skilnader i aldersfordelinga mellom fylka. Sett i høve til folketalet har Rogaland flest førskuleborn, med 8,8 prosent. Akershus og Finnmark har 8,4. Landsgjennomsnittet er 7,8 prosent. Samstundes er det i desse fylka, i tillegg til Troms, ein finn færrast personar som er 80 år eller eldre. Hedmark, Telemark og Oppland er dei fylka som har færrast born i førskulealder. Flest personar 80 år og eldre har Hedmark og Sogn og Fjordane med 5,5 prosent. Vidare har Oppland og Telemark 5,3 prosent. Landsgjennomsnittet er 4,5 prosent.
Stabilt giftemønster
Tendensen til færre giftarmål og auke av ugifte held seg. Gruppa ugifte auka med 3 000 personar i 2002. Endringane siste året gjev ikkje utslag i prosentdelen i høve til 2001.Ved årsskiftet var 49 prosent av innbyggjarane ugifte, 37 prosent gifte og 14 prosent før gifte; enkjer/enkjemenn, separerte og skilde. Personar med annan sivilstand, registrerte, attlevande, separerte og gjenlevande partnarar, utgjorde 0,6 promille. Statistikken er grunna i data frå Det sentrale folkeregister i Skattedirektoratet, der den offisielle inndelinga av sivilstand gjeld. Her vert sambuarar ikkje registrerte.
Ved årsskiftet var det i underkant av 2 300 registrerte partnarar i Noreg, ein auke på 200 frå året før. Av desse er 1 400 menn og 900 kvinner.
Statistikken vert lagd ut i Statistikkbanken, ein database der brukaren kan komponera og ta ut sine eigne tabellar. Desse tabellane kan lagrast på eigen pc i ei rekkje format for vidare handsaming.
Tabeller:
- Tabell 1 Folkemengd, etter sivilstand, kjønn og alder. 1. januar 2003
- Tabell 2 Folkemengd, etter alder. Fylke. 1. januar 2003
- Tabell 3 Folkemengd, etter alder. Fylke. 1. januar 2003. Prosent
- Tabell 4 Folkemengd, etter kjønn, alder og sivilstand. 1. januar 2003
-
Folkemengd, etter kjønn og alder. Kommune. 1. januar 2003
- Tabell 5 Østfold
- Tabell 6 Akershus
- Tabell 7 Oslo
- Tabell 8 Hedmark
- Tabell 9 Oppland
- Tabell 10 Buskerud
- Tabell 11 Vestfold
- Tabell 12 Telemark
- Tabell 13 Aust-Agder
- Tabell 14 Vest-Agder
- Tabell 15 Rogaland
- Tabell 16 Hordaland
- Tabell 17 Sogn og Fjordane
- Tabell 18 Møre og Romsdal
- Tabell 19 Sør-Trøndelag
- Tabell 20 Nord-Trøndelag
- Tabell 21 Nordland
- Tabell 22 Troms
- Tabell 23 Finnmark
- Tabell 24 Folkemengd, etter alder. Prosent. Kommune. 1. januar 2003
- Tabell 25 Middelfolkemengd, etter sivilstand, kjønn og alder. 2002
- Tabell 26 Folkemengd etter kjønn og alder. Oslo. Bydel. 1. januar 2003
- Tabell 27 Folkemengd, etter alder. Prosent. Oslo. Bydel. 1. januar 2003
- Tabell 28 Folkemengd etter kjønn og alder. Stavanger. Bydel. 1. januar 2003
- Tabell 29 Folkemengd, etter alder. Prosent. Stavanger. Bydel. 1. januar 2003
- Tabell 30 Folkemengd etter kjønn og alder. Bergen. Bydel. 1. januar 2003
- Tabell 31 Folkemengd, etter alder. Prosent. Bergen. Bydel. 1. januar 2003
- Tabell 32 Folkemengd etter kjønn og alder. Trondheim. Bydel. 1. januar 2003
- Tabell 33 Folkemengd, etter alder. Prosent. Trondheim. Bydel. 1. januar 2003
Kontakt
-
Magnus Haug
E-post: magnus.haug@ssb.no
tlf.: 40 81 14 91
-
Karstein Sørlien
E-post: karstein.sorlien@ssb.no
tlf.: 47 70 16 35
-
Linn Krokedal
E-post: linn.krokedal@ssb.no
tlf.: 95 47 97 47
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no