Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
4 799 000 busette i Noreg ved årsskiftet
Med 4 799 252 busette her i landet ved årsskiftet har folketalet allereie i januar runda 4,8 millionar. Folketalet auka med 62 100 i 2008, noko som er 6 000 meir enn i 2007.
Sett i høve til folketalet var folketilveksten i 2008 på 1,31 prosent, den høgaste som er registrert etter 1920. Dette var også høgare enn i 1946, då denne tilveksten var 1,26 prosent.
To tredelar bur i sentrale kommunar
I alt 67 prosent av befolkninga her i landet bur i dei mest sentrale kommunane (sentralitet 3), og noko under 10 prosent bur i dei minst sentrale kommunane (sentralitet 0). For definisjon av sentralitet, sjå tekstboks.
SentralitetMed sentralitet meiner ein kor kommunen ligg geografisk, sett i høve til tettstader av ulike kategoriar. Det er fire hovudnivå for sentralitet, koda 3-0, alt etter reisetid frå dei ulike tettstadene. Ein kommune har sentralitet 3 (mest sentrale kommunar) når tyngdepunktet for befolkninga ligg innafor ei reisetid på 75 minuttar frå ein tettstad med minimum 50 000 innbyggjarar (90 minuttar frå Oslo). For å få sentralitet 3 må tettstaden og fungere som regionsenter. Sentralitet 2 (noko sentrale kommunar) tyder at det er maksimal reisetid på 60 minuttar til ein tettstad med minimum 15 000 innbyggjarar. Sentralitet 1 (mindre sentrale kommunar) vil seie at det er ei maksimal reisetid på 45 minuttar til ein tettstad med minimum 5 000 innbyggjarar. Kommunar som ikkje fyller nokre av desse krava (minst sentrale kommunar), får sentralitet 0. |
Ung befolkning i og rundt regionsentra
Gjennomsnittsalderen i befolkninga er 39 år, men det er store skilnader mellom dei ulike delane av landet. Befolkninga er relativt ung i og rundt dei regionale sentra og på kysten av Sør- og Vestlandet.
Fylker | Gjennomsnittsalder | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Hele landet | 39 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
01 østfold | 40 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
02 Akershus | 38 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
03 Oslo | 38 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
04 Hedmark | 42 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
05 Oppland | 42 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
06 Buskerud | 40 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
07 Vestfold | 40 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
08 Telemark | 41 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
09 Aust-Agder | 39 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Vest-Agder | 38 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
11 Rogaland | 37 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
12 Hordaland | 38 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
14 Sogn og Fjordane | 40 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
15 Møre og Romsdal | 40 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
16 Sør-Trøndelag | 39 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
17 Nord-Trøndelag | 40 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
18 Nordland | 40 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
19 Troms Romsa | 39 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
20 Finnmark Finnmárku | 39 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommunane Vadsø, Alta, Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Oslo har ung befolkning, med gjennomsnittsalder frå 36 til 38 år. Også innbyggjarane i omlandskommunane til dei største byane har låg, og ofte enda lågare, gjennomsnittsalder enn i byane. Jæren og kommunane rundt skil seg ut med ei særs ung befolkning. Sju av dei åtte Jæren-kommunane er blant dei ti i landet med lågast gjennomsnittsalder, 34 til 36 år. Stavanger ligg ikkje stort høgare, med 37 år.
Mange eldre i innlandet
Kommunane langs svenskegrensa har mange eldre og få unge. Det same er tilfellet med bortimot alle andre innlandskommunar i heile landet. Nokre unnatak er det, som Bykle, Hemsedal, Kautokeino og Karasjok.
Befolkninga i alle kommunane i Hedmark har gjennomsnittsalder over snittet for landet. Oppland og Telemark har éin kommune kvar som ligg på landsgjennomsnittet, medan alle dei andre ligg over.
Ibestad (Troms), Leka (Nord-Trøndelag) og Rendalen (Hedmark) har høgast gjennomsnittsalder, med 47-48 år. Dette er 10-14 år høgare enn gjennomsnittsalderen i kommunane på Jæren.
Av folkemengda i heile landet var 26 prosent under 20 år, 61 prosent var i aldersgruppa 20-66 år, og 13 prosent var over 66 år. I dei mest sentrale kommunane (sentralitet 3) var denne fordelinga 25-63-12 prosent, og i dei minst sentrale kommunane (sentralitet 0) 25-58-17 prosent. Skilnaden mellom dei mest og minst sentrale kommunane er altså at det relativt sett er færre i yrkesaktiv alder og fleire eldre i dei minst sentrale kommunane.
Tal for folkemengd etter kjønn og alder blir publiserte samtidig med endringstal for 4. kvartal 2008 og for heile kalenderåret 2008, sjå kvartalstala . Meir detaljert statistikk om folkemengd etter statsborgarskap og sivilstand vil liggje føre 12. mars. |
Tabeller:
- Tabell 1 Folkemengd, etter alder og fylke. Absolutte tal. 1. januar 2009
- Tabell 2 Folkemengd, etter alder og fylke. 1. januar 2009. Prosent
- Tabell 3 Folkemengd etter kjønn og alder. Kommune. 1 januar 2009. østfold
- Tabell 4 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Akershus
- Tabell 5 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Oslo
- Tabell 6 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Hedmark
- Tabell 7 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Oppland
- Tabell 8 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Buskerud
- Tabell 9 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Vestfold
- Tabell 10 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Telemark
- Tabell 11 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Aust-Agder
- Tabell 12 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Vest-Agder
- Tabell 13 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Rogaland
- Tabell 14 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Hordaland
- Tabell 15 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Sogn og Fjordane
- Tabell 16 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Møre og Romsdal
- Tabell 17 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Sør-Trøndelag
- Tabell 18 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Nord-Trøndelag
- Tabell 19 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Nordland
- Tabell 20 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Troms Romsa
- Tabell 21 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2009. Finnmark Finnmárku
Kontakt
-
Magnus Haug
E-post: magnus.haug@ssb.no
tlf.: 40 81 14 91
-
Karstein Sørlien
E-post: karstein.sorlien@ssb.no
tlf.: 47 70 16 35
-
Linn Krokedal
E-post: linn.krokedal@ssb.no
tlf.: 95 47 97 47
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no