Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oslo veks framleis mest
Folketalet i Noreg var på 5 223 300 personar per 1. april 2016. Første kvartal i år vaks folketalet med 9 300 personar eller 0,2 prosent. Det gir ein folkevekst som er nær 2 000 lågare enn i same kvartal i fjor. Det er framleis Oslo som har den største folkeveksten.
1. kvartal 2016 | 1. kvartal 2015 | Endringar frå tilsvarande periode året før | |
---|---|---|---|
Folketalet ved inngangen av kvartalet | 5 213 985 | 5 165 802 | 48 183 |
Fødde | 14 533 | 14 074 | 459 |
Døde | 11 022 | 11 526 | -504 |
Fødselsoverskot | 3 511 | 2 548 | 963 |
Innvandring | 14 496 | 16 926 | -2 430 |
Utvandring | 8 736 | 8 278 | 458 |
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring | 5 760 | 8 648 | -2 888 |
Folkevekst | 9 271 | 11 196 | -1 925 |
Folketalet ved utgangen av kvartalet | 5 223 256 | 5 176 998 | 46 258 |
Om lag 14 500 personar vart registrerte som innvandra, medan om lag 8 700 utvandra. Utvandringa var lågare enn i dei to siste kvartala i 2015 då om lag 11 000 og 10 000 utvandra. Fødselsoverskotet var om lag 1000 høgare enn i same kvartal i fjor. Det vart født 14 500 born, medan 11 000 personar døydde.
Oslo med størst vekst igjen
Enda ein gong toppar Oslo fylkeslista med den største folkeveksten og det største fødselsoverskotet. Folketalet i Oslo auka med 0,39 prosent i 1. kvartal, tett fulgt av Akershus som auka folketalet med 0,37 prosent. Deretter følgjer Sør-Trøndelag og Østfold. Møre og Romsdal var det einaste fylket som hadde nedgang i folketalet. Det største fødselsunderskotet finn ein i Hedmark med 200 fleire døde enn fødde. Vest-Agder og Rogaland hadde i relative tall nest høgaste og tredje høgaste fødselsoverskot.
Nettoinnflytting til nær alle fylka
Alle fylka, bortsett frå Vest-Agder og Møre og Romsdal, hadde nettoinnflytting i 1. kvartal. Akershus hadde den høgaste innflyttinga totalt, medan Oslo hadde den høgaste innflyttinga frå utlandet og størst innanlandsk inn- og utflytting. Akershus og Buskerud hadde óg høg innanlandsk innflytting.
Polakkane framleis klårt største innvandringsgruppe
Dei siste fem åra har nettoinnvandringa av personar med arbeidsinnvandringsbakgrunn minka, og nettoinnvandringa av personar med flyktningbakgrunn auka. Dei to siste åra er nettoinnvandringa av polakkar om lag halvert og nettoinnvandringa av litauarar har minka med 75 prosent. Det er framleis ein del som innvandrar frå europeiske land, men det er óg mange frå desse landa som utvandrar. Dette gjeld hovudsakeleg statsborgarar frå Polen, Litauen, Spania, Latvia, Storbritannia og Sverige. Det var stor nettoinnvandring i 1. kvartal frå Syria, Eritrea, Afghanistan og Somalia. Den registrerte nettoinnvandringa er framleis låg sett i høve til nettoinnvandringa dei ti siste åra. Mange asylsøkjarar oppheld seg i landet men dei vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret. Dette skjer berre dersom dei får opphaldsløyve i Noreg.
Utfyllande statistikk og informasjon om innvandring er å finne på UDI sine nettsider.
Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk
Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Skattedirektoratet har ein pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret.
AsylsøkjararÅpne og lesLukk
Det er berre personer med registrert flytting dei siste seks månadene som er med i statistikken. Asylsøkjarar er ikkje med, men desse tala kan ein finne på UDI si nettside.
Kontakt
-
Magnus Haug
E-post: magnus.haug@ssb.no
tlf.: 40 81 14 91
-
Karstein Sørlien
E-post: karstein.sorlien@ssb.no
tlf.: 47 70 16 35
-
Linn Krokedal
E-post: linn.krokedal@ssb.no
tlf.: 95 47 97 47
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no