Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Utvandringa fortset å auke
Folketalet auka med 13 600 i 2. kvartal til nær 5 236 800 busette 1. juli. Utvandringa i 2. kvartal har nådd nye høgder, men likevel auka nettoinnvandringa frå utlandet med 1 000 i høve til same kvartal i fjor. Medan nettoinnvandring på grunn av arbeid minkar, aukar den frå land med konfliktar.
2. kvartal 2016 | 2. kvartal 2015 | Endringar frå tilsvarande periode året før | |
---|---|---|---|
Folketalet ved inngangen av kvartalet | 5 223 256 | 5 176 998 | 46 258 |
Fødde | 15 812 | 15 807 | 5 |
Døde | 9 532 | 9 655 | -123 |
Fødselsoverskot | 6 280 | 6 152 | 128 |
Innvandring | 15 652 | 14 103 | 1 549 |
Utvandring | 8 362 | 7 818 | 544 |
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring | 7 290 | 6 285 | 1 005 |
Folkevekst | 13 570 | 12 437 | 1 133 |
Folketalet ved utgangen av kvartalet | 5 236 826 | 5 189 435 | 47 391 |
Folketilveksten på 13 600 er 1 100 høgare enn i 2. kvartal 2015. Auken i folkeveksten heng i hovudsak saman med ein auke i innvandringa som auka meir enn utvandringa sett i høve til tilsvarande periode i 2015. I tillegg auka fødselsoverskotet med om lag 100 frå 6 200 til 6 300. Auken i fødselsoverskotet skyldast at det var noko færre dødsfall i 2 kvartal i år samanlikna med 2. kvartal i fjor samtidig som det ble født omtrent like mange i dei to kvartala.
Talet på innflyttingar frå utlandet auka med i overkant av 1 500 samanlikna med 2. kvartal i fjor, ein auke som heng saman med at asylsøkjarane som kom i fjor no er komne med i tala på innvandringar. Talet på utvandringar auka med i overkant av 500 til 8400. I høve til første halvår i fjor ser vi likevel ein nedgang i folketilveksten på 800. Det heng saman med at vi i 1. kvartal i år så eit relativt stort fall i innvandringa sett i høve til 1. kvartal i 2015. Hittil i år har vi ein nedgang i nettoinnflyttinga frå utlandet på 1 900 medan fødselsoverskotet er 1 100 høgare enn i fjor.
Stor innvandring frå Syria
Nettoinnvandringa av statsborgarar frå Øst-Europa, som hovudsakeleg har innvandra på grunn av arbeid, fortsetter å minke, medan nettoinnvandringa frå land med konfliktar aukar. I 2. kvartal ble heile 2 900 syriske statsborgarar registrert som innvandra. Det var òg ei stor auke i innvandringa av eritreiske statsborgarar. Svært få statsborgarar frå desse landa utvandra. Innvandringa frå Polen og Litauen fortsetter å minke. Samstundes er det framleis mange statsborgarar frå desse landa som utvandrar.
Nettoinnvandringa frå Sverige har vært negativ i 2. kvartal heilt sidan 2011. Først i 2015 begynte vi å sjå negative tall også i nokon av dei andre kvartala for Sverige. Ser vi heile 2015 under eit var det omtrent like mange svenske statsborgarar som innvandra og utvandra. I 1. kvartal 2016 var nettoinnvandringa av svenske statsborgarar positiv igjen med 58 fleire inn- enn utvandringar, medan det i 2. kvartal reiste 271 fleire svenske statsborgarar enn det kom.
Vekst i alle fylka
Alle fylka hadde befolkningsvekst i 2. kvartal, noko som til stor del skyldast innvandringsoverskotet frå utlandet. Men fødselsoverskotet bidrar relativt meir til folketilveksten no enn for nokre år sidan. I dei fem fylka Oslo, Rogaland, Akershus, Hordaland og Sør-Trøndelag bidrog fødselsoverskotet meir til folketilveksten enn nettoinnflyttinga frå inn- og utland.
Prosentvis auka folketalet mest i Aust-Agder og minst i Oppland i 2. kvartal. Hedmark og Oppland var dei einaste fylka med negativt fødselsoverskot, her døydde det fleire enn det vart fødd. Oslo hadde det største fødselsoverskotet med 1 900 fleire fødde enn døde. Nettoinnflyttinga frå utlandet var relativt sett størst i Aust-Agder, Finnmark samt Sogn og Fjordane. Lågast nettoinnflytting frå utlandet var det i Rogaland. Størst prosentvis nettoinnflytting frå andre delar av landet hadde Akershus, Østfold og Vestfold, medan Troms, Finnmark og Oslo hadde størst netto utflytting til dei andre fylka.
Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk
Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Dei siste åra har ei slik opprydding vore vanleg. 27 prosent av dei registrerte utvandringane i 2. kvartal har si årsak i denne oppryddinga.
Korttidsopphald og asylsøkjararÅpne og lesLukk
Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Asylsøkjarar er ikkje med, men desse tala kan du finne på UDI si nettside.
Kontakt
-
Magnus Haug
E-post: magnus.haug@ssb.no
tlf.: 40 81 14 91
-
Karstein Sørlien
E-post: karstein.sorlien@ssb.no
tlf.: 47 70 16 35
-
Linn Krokedal
E-post: linn.krokedal@ssb.no
tlf.: 95 47 97 47
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no