Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire polakkar flyttar ut enn inn
I 3. kvartal voks folketalet med 15 300 og var per 1. oktober på 5 252 166. Utvandringa er framleis høg, særskilt blant polske statsborgarar. 1 400 polakkar flytta frå Noreg, medan nær 1 300 flytta til Noreg i 3. kvartal.
3. kvartal 2016 | 3. kvartal 2015 | Endringar frå tilsvarande periode året før | |
---|---|---|---|
Folketalet ved inngangen av kvartalet | 5 236 826 | 5 189 435 | 47 391 |
Fødde | 15 455 | 15 962 | -507 |
Døde | 9 518 | 9 371 | 147 |
Fødselsoverskot | 5 937 | 6 591 | -654 |
Innvandring | 20 573 | 20 484 | 89 |
Utvandring | 11 170 | 11 076 | 94 |
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring | 9 403 | 9 408 | -5 |
Folkevekst | 15 340 | 15 999 | -659 |
Folketalet ved utgangen av kvartalet | 5 252 166 | 5 205 434 | 46 732 |
Totalt innvandra det 20 600 personar, medan 11 200 utvandra frå Noreg i 3. kvartal 2016. Det gir ei nettoinnvandring på 9 400, omtrent same nivå som i 3. kvartal 2015. Talet på inn- og utvandringane var òg omtrent lik tala i fjor. Ikkje sidan 3. kvartal 2006 har nettoinnvandringa vore så låg som han var 3. kvartal dei to siste åra. Dette heng saman med ei aukande utvandring.
Størst innvandring av syriske statsborgarar
I alt 3 900 syriske statsborgarar vart registrert innvandra til Noreg i 3. kvartal, og nær 1 300 polakkar innvandra. Talet på innvandrarar med statsborgarskap frå land med konfliktar veks medan innvandrarar som kjem på grunn av arbeid minkar. Dei andre større gruppene som innvandra i 3. kvartal var svenskar, filippinarar og litauarar.
Størst utvandring av polske og svenske statsborgarar
Utvandringa av utanlandske statsborgarar i 3. kvartal var på linje med utvandringane 3. kvartal i fjor, men høgare enn tilsvaranda kvartal tidlegare år. Blant utvandrarane var det 1 400 polske og 1 000 svenske statsborgarar, noko som gjer desse til dei klart største gruppene utanlandske statsborgarane som utvandra. Blant polske og svenske statsborgarar var det fleire som utvandra enn innvandra. For dei andre større gruppene av innvandrarar til Noreg: syriske, afghanske og eritreiske statsborgarar, var det høgare innvandring enn utvandring.
Låge fødselstal
Fødselsoverskotet var 5 900 i 3. kvartal, 650 lågare enn i 3. kvartal i fjor. Det vart født nær 15 450 born, medan om lag 9 500 personar døydde. Talet på fødde var 500 lågare enn tilsvarande kvartal i fjor, og ein må attende til tredje kvartal 2007 for å finne lågare tal på fødde. Talet på døde var 150 høgare enn same kvartal i fjor.
Med unntak av Hedmark var det fødselsoverskot i alle fylka i 3. kvartal. Fødselsoverskotet var størst i Oslo med 1 700.
Flytteoverskot frå utlandet i alle fylka
Alle fylka hadde flytteoverskot frå utlandet. Det var størst nettoinnvandring sett i høve til folketalet i Sogn og Fjordane, med ei nettoinnvandring på 500.
Når ein ser på både innanlandske flyttingar og flyttingar til og frå utlandet under eitt, så var det totalt sett fleire inn- enn utflyttingar i alle fylka med unntak av Rogaland og Finnmark. Rogaland hadde størst flyttetap totalt sett i 3. kvartal, med vel 300 fleire ut- enn innflyttingar. Eit flytteoverskot frå utlandet på 650 dekte delvis opp for eit innanlandsk flyttetap til andre fylker på 950.
Seks av fylka hadde innanlandsk flyttegevinst. Sett i høve til folketalet hadde Sør-Trøndelag størst innalandsk nettoinnflytting i 3. kvartal med ei nettoinnflytting på vel 1 600, medan Oslo og Akershus kom på andre og tredje plass. Størst innanlandsk flyttetap sett i høve til folketalet hadde Finnmark, Nordland og Rogaland.
Lågare folketilvekst hittil i år
Nedgangen i folketilveksten held fram, noko som heng saman med den aukande utvandringa. I dei tre fyrste kvartala auka folketalet med 38 200, som er 1 500 lågare enn dei tre fyrste kvartala førre året.
I dei tre fyrste kvartala i år vart det født 45 800 born, som er likt med førre året. Frå 2013 har tala for fødde heldt same nivå, frå 45 600 til 45 850 i dei tre fyrste kvartala. Talet på dei som døydde er til no i år 30 100, noko som er nær 500 færre enn i fjor.
Oslo og Akershus hadde størst vekst i folketalet med 15 600, og stod for 40 prosent av folketilveksten her i landet. Folketilveksten for Oslo og Akershus var om lag 1 000 lågare enn førre året. Etter Oslo og Akershus fylgjer Sør-Trøndelag med ein folketilvekst på 3 300 hittil i år.
Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk
Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Dei siste åra har ei slik opprydding vore vanleg. 27 prosent av dei registrerte utvandringane i 2. kvartal har si årsak i denne oppryddinga.
AsylsøkjararÅpne og lesLukk
Det er berre personer med registrert flytting dei siste seks månadene som er med i statistikken. Asylsøkjarar er ikkje med, men desse tala kan ein finne på UDI si nettside.
Kontakt
-
Magnus Haug
E-post: magnus.haug@ssb.no
tlf.: 40 81 14 91
-
Karstein Sørlien
E-post: karstein.sorlien@ssb.no
tlf.: 47 70 16 35
-
Linn Krokedal
E-post: linn.krokedal@ssb.no
tlf.: 95 47 97 47
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no