Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Mange nye irakiske innvandrarar
Etter fleire år med mange asylsøkjarar frå Irak, har denne gruppa komme inn blant dei ti største nasjonalitetsgruppene i Noreg. Personar med bakgrunn frå Irak er no den sjuande største gruppa.
Innvandrarbefolkninga i Noreg talde ved inngangen til 2001 om lag 297 700 personar og utgjorde 6,6 prosent av heile befolkninga. Dette er ein auke på 0,3 prosentpoeng sidan same tidspunkt i fjor.
I 2000 auka innvandrarbefolkninga i Noreg med 15 200 personar. Av desse var 11 400 førstegenerasjonsinnvandrarar. Av enkeltgrupper stod personar med irakisk bakgrunn for den største veksten med 4 700 personar.
Dei ti største nasjonalitetsgruppene. Førstegenerasjonsinnvandrarar og personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. 1. januar 2001 |
Førstegenerasjonsinnvandrarar | Personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 249 904 | I alt | 47 827 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 22 100 | Pakistan | 10 027 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 17 728 | Vietnam | 4 649 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Pakistan | 13 554 | Tyrkia | 3 483 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jugoslavia | 13 001 | Sri Lanka | 3 043 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bosnia-Hercegovina | 11 775 | Jugoslavia | 2 468 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vietnam | 11 231 | Somalia | 2 202 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Irak | 11 212 | India | 2 037 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 10 342 | Marokko | 1 849 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Iran | 9 645 | Iran | 1 371 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 8 923 | Danmark | 1 321 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Som dei fleste føregåande åra, var personar med bakgrunn frå Pakistan og Sverige dei to største innvandrargruppene i Noreg per 1. januar 2001. Ved årsskiftet budde det 23 600 personar med pakistansk bakgrunn og 23 000 personar med svensk bakgrunn i landet. Dersom ein skil ut førstegenerasjonsinnvandrarar som ein eigen kategori, toppar svenskar og danskar suverent lista dei siste tiåra.
Talet på personar med bakgrunn frå Asia har auka mest sidan året før, og no er talet oppe i 101 600 personar, medan talet på personar frå Nord- og Mellom-Amerika held fram med å gå ned. Personar med bakgrunn frå Aust-Europa, Asia medrekna Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika (såkalla ikkje-vestleg bakgrunn) utgjer no 68 prosent av innvandrarbefolkninga.
43 prosent er norske statsborgarar
Drygt 129 000 personar, eller 43 prosent, av innvandrarbefolkninga hadde norsk statsborgarskap ved inngangen til 2001. Samanlikna med same tidspunkt året før, er dette ein auke på berre 1 prosentpoeng. Dei fleste nasjonalitetsgruppene hadde om lag same prosentdel norske statsborgarar som i fjor. Unntaket er personar med bakgrunn frå Bosnia og jugoslavar med ein auke i delen norske statsborgarar med respektive 7 og 9 prosentpoeng.
Ein femtedel av befolkninga i Oslo er innvandrarar
Innvandrarbefolkninga i Oslo auka med vel 4 000 personar frå året før, til 98 800, og utgjer no 19,4 prosent av folketalet i hovudstaden. 68 prosent av desse har bakgrunn frå land i den såkalla tredje verda, dei fleste frå Pakistan. Delen ikkje-vestlege innvandrarar er størst i bydelane Gamle Oslo og Søndre Nordstrand.
Endra nemningar i innvandrarrelatert statistikk
Statistisk sentralbyrå sin bruk av nemningar i innvandrarrelatert statistikk er knytt til Standard for innvandrargruppering (Statistisk sentralbyrå 1994). I denne standarden inngår sju kategoriar der to av dei, første- og andregenerasjonsinnvandrarar, inngår i avgrensinga for "innvandrarbefolkninga".
Etter ei høyring om nemninga "andregenerasjonsinnvandrar" har Statistisk sentralbyrå vedteke at "andregenerasjonsinnvandrar" blir bytt ut med nemninga "person fødd i Noreg av to utanlandsfødde foreldre". Den nye nemninga blir brukt frå og med denne frigjevinga.
Tabeller:
- Tabell 1 Fem ulike avgrensningar av personar med innvandringsbakgrunn/utanlandsk bakgrunn, etter statsborgarskap og innvandringskategori. 1. januar 2001
- Tabell 2 Folkemengd 1. januar 2000 og 2001 og endringane i 2000, etter innvandringskategori
- Tabell 3 Folkemengd, etter tre variantar av landbakgrunn, fødeland og statsborgarskap. 1. januar 2001
- Tabell 4 Folkemengd, etter grupperinga av tre variantar av landbakgrunn, fødeland og statsborgarskap. 1. januar 2001
- Tabell 5 Innvandrarbefolkninga og personar med annan innvandringsbakgrunn, etter innvandringskategori, kjønn og landbakgrunn. 1. januar 2001
- Tabell 6 Innvandrarbefolkninga og personar med annan innvandringsbakgrunn, etter innvandringskategori og aldersgrupper. 1. januar 2001
- Tabell 7 Innvandrarbefolkninga og personar med annan innvandringsbakgrunn, etter innvandringskategori og alder. 1. januar 2001
- Tabell 8 Folkemengd, etter landbakgrunn. 1970-2001. Utanlandsk landbakgrunn gjeld innvandrarbefolkninga
- Tabell 9 Folkemengd, etter norsk1. 1. januar 2001
- Tabell 10 Folkemengd, etter alder, kjønn og innvandrarbefolkninga sin landbakgrunn. 1. januar 2001
- Tabell 11 Folkemengd, etter sivilstand, innvandrarbefolkninga sin landbakgrunn og kjønn. 1. januar 2001
- Tabell 12 Innvandrarbefolkninga, etter landbakgrunn og kommune. Sortert etter storleiken på innvandrarbefolkninga. 1. januar 2001
- Tabell 13 Innvandrarbefolkninga, etter fem grupper av landbakgrunn og kommune. 1. januar 2001
- Tabell 14 Innvandrarbefolkninga, etter landbakgrunn og fylke. 1. januar 2001
- Tabell 15 Innvandrarbefolkninga, etter landbakgrunn (dei største gruppene). Utvalde kommunar. 1. januar 2001
- Tabell 16 Innvandrarbefolkninga, etter to grupper av landbakgrunn. Bydelar i Oslo. 1. januar 2001
- Tabell 17 Innvandrarbefolkninga, etter fem grupper av landbakgrunn. Bydelar i Oslo. 1. januar 2001
- Tabell 18 Førstegenerasjonsinnvandrarar, etter tid busett i Noreg2. 1. januar 2001
Kontakt
-
Oppdrag innvandring
E-post: oppdraginnvandring@ssb.no
-
Alice Steinkellner
E-post: alice.steinkellner@ssb.no
tlf.: 90 72 90 51
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42