Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Fleire innvandrarar frå Asia - flest nye frå Irak
Innvandrarbefolkninga i Noreg talde ved inngangen til 2002 om lag 310 700 personar, og dette utgjer 6,9 prosent av heile folkemengda. Dette er ein auke på 0,3 prosentpoeng sidan i fjor.
I 2001 auka innvandrarbefolkninga i Noreg med 13 000 personar. Av desse var 9 300 førstegenerasjonsinnvandrarar. Av einskildgrupper stod personar med irakisk opphav for den største veksten med 1 300. Det kom 1 200 personar med opphav frå Somalia, 1 000 frå Pakistan og 900 frå Afghanistan.
Som for dei fleste føregåande åra, var personar med opphav frå Pakistan og Sverige dei to største innvandrargruppene i Noreg per 1. januar 2002. Ved årsskiftet budde det 24 600 personar med pakistansk og 22 800 personar med svensk opphav i landet. Dersom ein skil ut førstegenerasjonsinnvandrarane som ein eigen kategori, er det flest svenskar og danskar som for dei siste tiåra. Ser vi nærare på dei ti største gruppene av førstegenerasjonsinnvandrarar i høve til året før, har gruppa med irakisk opphav no vorte den fjerde største gruppa.
Dei ti største nasjonalitetsgruppene. Førstegenerasjonsinnvandrarar og
personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. 1. januar 2002 |
Førstegenerasjonsinnvandrarar | Personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 259 221 | I alt | 51 483 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 21 900 | Pakistan | 11 000 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 17 800 | Vietnam | 4 900 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Pakistan | 14 000 | Tyrkia | 3 700 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Irak | 12 200 | Sri Lanka | 3 400 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bosnia-Hercegovina | 11 800 | Jugoslavia | 2 700 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jugoslavia | 11 800 | Somalia | 2 500 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vietnam | 11 500 | India | 2 100 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Iran | 10 400 | Marokko | 2 000 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 9 400 | Iran | 1 500 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Somalia | 8 700 | Irak | 1 400 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tendensen når det gjeld kva verdsdelar personar med innvandraropphav kjem ifrå, er uendra dei siste åra. Talet på personar med opphav frå Asia aukar framleis i størst grad, over halvdelen i fjor kom frå Asia, og denne gruppa utgjer 108 900 personar. Talet på personar med innvandraropphav frå Nord- og Mellom-Amerika held fram med å gå ned.
Framleis fleire personar med innvandraropphav til Oslo
Oslo hadde ein auke på ikring 4 000 personar. Det er 102 900 personar med innvandraropphav i Oslo. Dette utgjer 20,1 prosent av folketalet i hovudstaden. Kvar tredje innvandrar i Noreg bur i Oslo, og av desse har 69 prosent opphav frå land i Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Tyrkia. Delen ikkje-vestlege innvandrarar er størst i bydelane Søndre Nordstrand, Gamle Oslo, Stovner og Romsås.
45 prosent er norske statsborgarar
140 700 personar, eller 45 prosent, av innvandrarbefolkninga hadde norsk statsborgarskap ved inngangen til 2002. Samanlikna med året før, er dette ein auke på 2 prosentpoeng. Dei fleste nasjonalitetsgruppene hadde om lag same prosentdel norske statsborgarar som i fjor. Unnateke er personar med opphav frå Bosnia. Denne gruppa hadde ein auke i mengda norske statsborgarar med 23 prosentpoeng.
Kven er innvandrarbefolkninga?
Innvandrarbefolkninga omfattar personar som har to foreldre som er fødde i utlandet, eller meir presist; personar som ikkje har foreldre eller besteforeldre som er fødde i Noreg.
Innvandrarbefolkninga vert delt inn i gruppene førstegenerasjonsinnvandrarar utan norsk opphav og personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. Førstegenerasjonsinnvandrarar utan norsk opphav er fødde i utlandet av foreldre som òg er fødde i utlandet. Statistisk sentralbyrå har vedteke at "andregenerasjonsinnvandrar" vert bytt ut med nemninga "person fødd i Noreg av to utanlandsfødde foreldre".
Dei med ein av foreldra fødd i Noreg inngår dermed ikkje i innvandrarbefolkninga. Det same gjeld adopterte frå utlandet, og dei som er fødde i utlandet av norskfødde foreldre.
Tabeller:
- Tabell 1 Fem ulike avgrensingar av personar med innvandringsbakgrunn/utanlandsk bakgrunn, etter statsborgarskap og innvandringskategori. 1. januar 2002
- Tabell 2 Folkemengd 1. januar 2001 og 2002 og endringane i 2001, etter innvandringskategori
- Tabell 3 Folkemengd, etter tre variantar av landbakgrunn, fødeland og statsborgarskap. 1. januar 2002
- Tabell 4 Folkemengd, etter grupperinga av tre variantar av landbakgrunn, fødeland og statsborgarskap. 1. januar 2002
- Tabell 5 Innvandrarbefolkninga og personar med annan innvandringsbakgrunn, etter innvandringskategori, kjønn og landbakgrunn. 1. januar 2002
- Tabell 6 Innvandrarbefolkninga og personar med annan innvandringsbakgrunn, etter innvandringskategori og aldersgrupper. 1. januar 2002
- Tabell 7 Innvandrarbefolkninga og personar med annan innvandringsbakgrunn, etter innvandringskategori og alder. 1. januar 2002
- Tabell 8 Folkemengd, etter landbakgrunn. 1970-2002. Utanlandsk landbakgrunn gjeld innvandrarbefolkninga
- Tabell 9 Folkemengd, etter norsk /utanlandsk statsborgarskap og innvandrarbefolkninga sin landbakgrunn1. 1. januar 2002
- Tabell 10 Folkemengd, etter alder, kjønn og innvandrarbefolkninga sin landbakgrunn. 1. januar 2002
- Tabell 11 Folkemengd, etter sivilstand, innvandrarbefolkninga sin landbakgrunn og kjønn. 1. januar 2002
- Tabell 12 Innvandrarbefolkninga, etter landbakgrunn og kommune. Sortert etter storleiken på innvandrarbefolkninga. 1. januar 2002
- Tabell 13 Innvandrarbefolkninga, etter fem grupper av landbakgrunn og kommune. 1. januar 2002
- Tabell 14 Innvandrarbefolkninga, etter landbakgrunn og fylke. 1. januar 2002
- Tabell 15 Innvandrarbefolkninga, etter landbakgrunn (dei største gruppene). Utvalde kommunar. 1. januar 2002
- Tabell 16 Innvandrarbefolkninga, etter to grupper av landbakgrunn. Bydelar i Oslo. 1. januar 2002
- Tabell 17 Innvandrarbefolkninga, etter fem grupper av landbakgrunn. Bydelar i Oslo. 1. januar 2002
- Tabell 18 Førstegenerasjonsinnvandrarar, etter tid busett i Noreg2. 1. januar 2002
Kontakt
-
Oppdrag innvandring
E-post: oppdraginnvandring@ssb.no
-
Alice Steinkellner
E-post: alice.steinkellner@ssb.no
tlf.: 90 72 90 51
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42