153289_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
153289
Kraftselskapa auka bruttoinvesteringane
statistikk
2014-03-28T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal2012

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kraftselskapa auka bruttoinvesteringane

Bruttoinvesteringane, som er innkjøp minus sal av varige driftsmiddel, for kraftselskapa gjekk opp frå 14,4 milliardar i 2011 til 16,7 milliardar kroner i 2012.

Elektrisitetsbalanse. Årlig. GWh.
2012AndelProsent
2011 - 2012
Produksjon i alt147 716100,015,7
Vasskraftproduksjon142 81096,717,5
Varmekraftproduksjon3 3582,3-30,0
Vindkraftproduksjon1 5481,020,7
 
Import4 190-62,8
Eksport22 00653,6
 
Bruttoforbruk129 9004,3
Pumpekraftforbruk og annet eget forbruk2 096-10,8
Tap og statistisk differanse9 09825,3
Nettoforbruk118 706100,03,3
Bergverksdrift og industri m.m.51 70243,61,0
Tenesteyting m.m.26 65922,53,7
Hushald og jordbruk40 34534,06,0

Medan bruttoinvesteringar i vasskraftstasjonar kom på 4,4 milliardar kroner, utgjorde bruttoinvesteringane i varmekraft- og vindkraftverk høvesvis 0,4 og 1,5 milliardar. Det vart investert i sentral-, regional- og distribusjonsnett for respektive 2,4, 1,5 og 3,8 milliardar i 2012.

Lågare driftsresultat

Driftsresultatet for kraftselskapa vart 26,5 milliardar kroner i 2012, som er ein nedgang på 13 prosent frå året før. Dette kan sjåast i samanheng med lågare elektrisitetsprisar i 2012. Produksjonsverka hadde det høgaste driftsresultatet: 22 milliardar. Nettselskapa oppnådde eit driftsresultat på 2,7 milliardar, medan driftsresultatet for resterande verk enda på 1,8 milliardar.

Årsoverskotet i kraftsektoren vart 13,2 milliardar i 2012. Dette er eit fall på 14 prosent frå året før.

Rekordhøg straumproduksjon

Produksjonen av elektrisk kraft var 147,7 TWh i 2012. Det er det høgaste nivået som er registrert i den årlege elektrisitetsstatistikken. Medan varmekraft og vindkraft stod for høvesvis 2,3 og 1,0 prosent av samla produksjon, var delen vasskraft 96,7 prosent. I 2012 vart det produsert mest elektrisitet i Hordaland. Straumproduksjonen i dette fylket utgjorde 14 prosent av den totale kraftproduksjonen. Andre fylke med stor produksjon er Sogn og Fjordane og Nordland. Produksjonen i kvart av desse fylka utgjorde 11 prosent av den totale kraftproduksjonen.

Noreg eksporterte 22 TWh i 2012, medan vi importerte 4,2 TWh. Dette ga ein netto eksport på 17,8 TWh.

Oppgang i straumforbruket

Frå 2011 til 2012 var det ein auke i totalt nettoforbruk av straum på 3,3 prosent, og forbruket enda på 118,7 TWh. Oppgangen kan sjåast i samanheng med kaldare vèr i 2012. Hushald og jordbruk stod for om lag ein tredjedel av det totale straumforbruket. Andre næringar med høg del var kraftintensiv industri (29 prosent) og tenesteyting (22 prosent).

Ny tabell om sluttbrukargruppar i kommunaneÅpne og lesLukk

På oppdrag frå Norges vassdrags- og energidirektorat har det blitt utarbeida ein statistikkbanktabell med informasjon om straumforbruk i norske kommunar for ulike sluttbrukargrupper. I samband med arbeidet har einskide 2011-tal for forbruk og prisar blitt reviderte. Meir informasjon er tilgjengeleg i «om statistikken».