8081_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/osi/arkiv
8081
Framleis vekst i ordreindustrien
statistikk
2001-01-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
osi, Ordreindeks for industri (opphørt), ordretilgang, ordrereserve, hjemmemarked, eksportmarkedIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Ordreindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2000

Publisering av statistikken Ordreindeks for industri er opphørt fra og med 1. kvartal 2018. En årsak er at statistikken tidligere var en del av Eurostats forordning om korttidsstatistikk, men dette kravet ble fjernet i 2012. Det publiseres imidlertid indikatorer for ordretilgang og ordrebeholdning i Konjunkturbarometer for industri og bergverk.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis vekst i ordreindustrien

Ordretilgangen for 4. kvartal 2000 var 44 prosent høgare enn på same tid året før, og er om lag 40 prosent høgare enn i 3. kvartal 2000. Samla ordrereservar syner jamn stigning gjennom heile året.

Den samla ordretilgangen for industrien viser ein markant vekst i 4. kvartal 2000. Hovudårsaka til dette er at aktivitetsnivået innan verftsrelatert verksemd har auka voldsomt, noko ein kan sjå i samanheng med at verftsstøtta fall bort frå og med 1. januar 2001. Samla ordrereservar er gått opp om lag 42 prosent samanlikna med same tidspunkt året før.

Kraftig auke i ordretilgang for transportmiddelindustrien

Ordretilgangen er no større enn for toppåret 1997, og denne gongen òg er det den innanlandske etterspurnaden som i størst grad medverkar til veksten. I førre kvartal rekna ein med ein kraftig auke i aktivitetsnivået fordi verftsstøtta fall bort, noko som viste seg å halde stikk. Samstundes er det indikasjonar på at næringa kjem til å rapportere vesentleg lågare tal alt i komande kvartal. Totale ordrereservar syner ein markant auke samanlikna med førre kvartal.

Nedgang for metallindustrien

Ordretilgangen for metallindustrien viser ein nedgang samanlikna med 3. kvartal 2000, og ligg nå 14 prosent lågare enn på tilsvarande tidspunkt året før. Tilgangen av ordrar innanfor produksjon av ikkje-jernhaldige metall syner ein reduksjon på 26 prosent for tilsvarande periode. Ordrereservane har vore bortimot stabile for dei tre første kvartala i 2000, men er nå på veg ned.

Andre næringar

Kjemiske råvarer held fram i ein positiv trend, i 4. kvartal er det òg ein auke i ordretilgangen. Ordreservane held seg på eit lågt, men stabilt nivå.

Ordretilgangen for oljeplattformer og modular har flata noko ut, men held seg framleis på eit høgt nivå. Reservane syner ein merkbar stigning for 4. kvartal 2000 og er no 20 prosent høgare enn på same tidspunkt året før.

Verdiendring i ordretilgang og -reserve. Prosent
  Tilgang (trend)1 Reserve (ujustert)
Næring 2. kv.-3. kv. 2000      3. kv.-4. kv. 2000 4. kv. 1999-4. kv. 2000
Total 36,4 29,4 41,6
Kjemiske råvarer 34,7 23,9 32,4
Metallindustri 2,0 -2,7 -4,0
Maskinindustri 39,1 26,6 29,4
Oljeplattformer 56,7 24,5 19,9
1  Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av endringa frå førre kvartal.