8049_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/osi/arkiv
8049
Høgare ordretilgang i industrien
statistikk
2005-02-11T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
osi, Ordreindeks for industri (opphørt), ordretilgang, ordrereserve, hjemmemarked, eksportmarkedIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Ordreindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2004

Publisering av statistikken Ordreindeks for industri er opphørt fra og med 1. kvartal 2018. En årsak er at statistikken tidligere var en del av Eurostats forordning om korttidsstatistikk, men dette kravet ble fjernet i 2012. Det publiseres imidlertid indikatorer for ordretilgang og ordrebeholdning i Konjunkturbarometer for industri og bergverk.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare ordretilgang i industrien

Ordretilgangen har auka for industrien. Statistikken for 4. kvartal 2004 syner at samla ordretilgang i industrien var om lag 16 prosent høgare enn på same tid i 2003. Betra tilgangstal frå transportmiddelindustrien medverka sterkt til utviklinga. Samla ordrereservar heldt fram med å stige.

Ordretilgang og ordrereservar totalt. Ujustert. 1995=100

Høgt aktivitetsnivå i transportmiddelindustrien

Samla ordretilgang i transportmiddelindustrien steig for andre kvartal på rad. Hovudårsaka til dette var auka etterspurnad innanfor skipsbygging. Ordretilgangen er no om lag 38 prosent høgare enn på same tid i 2003. Ordrereservane heldt fram med å stige i 4. kvartal.

Positiv trend for metallvareindustrien

Samla ordrereservar i metallvareindustrien gjekk noko ned i 4. kvartal 2004, men ligg framleis på eit høgt nivå. Samla ordretilgang er 26,1 prosent høgare enn på same tid i 2003. Ordrereservar og ordretilgang er inne i ein positiv trend.

Pluss for produsentar av kjemikaliar og kjemiske produkt

Næringa kjemikaliar og kjemiske produkt rapporterer om auke i samla ordrereservar samt noko redusert ordretilgang i 4. kvartal 2004. Produsentar av kjemiske råvarer melder om eit tilsvarande bilete.

Svakare tal frå metallindustrien

Data frå metallindustrien syner at samla ordretilgang heldt fram med å falle i 4. kvartal 2004. Samla ordreservar minka for første gong sidan 2. kvartal 2003, men var framleis på eit høgt nivå. Lågare etterspurnad i eksportmarknaden er årsak til dette.

Verdiendring i ordretilgang og -reserve. Prosent
Næring Tilgang (trend)1 Reserve (ujusterte)
2. kv.-3. kv. 2004 3. kv.-4. kv. 2004 4. kv. 2003-4. kv. 2004
Total 14,1 7,0 22,0
Kjemiske råvarer 10,1 -1,8 320,0
Metallindustri -2,8 -10,5 2,7
Maskinindustri 3,4 -7,0 6,0
Oljeplattformer 54,2 35,8 2,0
1  Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av endringa
frå førre kvartal omrekna til årsvekst.