8041_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/osi/arkiv
8041
Høg ordretilgang i industrien
statistikk
2006-02-10T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
osi, Ordreindeks for industri (opphørt), ordretilgang, ordrereserve, hjemmemarked, eksportmarkedIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Ordreindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2005

Publisering av statistikken Ordreindeks for industri er opphørt fra og med 1. kvartal 2018. En årsak er at statistikken tidligere var en del av Eurostats forordning om korttidsstatistikk, men dette kravet ble fjernet i 2012. Det publiseres imidlertid indikatorer for ordretilgang og ordrebeholdning i Konjunkturbarometer for industri og bergverk.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høg ordretilgang i industrien

Ordretilgangen i industrien auka sterkt i fjerde kvartal 2005 samanlikna med tredje kvartal. Auken er særleg kraftig for produsentar av oljeplattformer og modular, men òg maskinindustrien rapporterte god ordretilgang.

Ordretilgang og ordrereservar totalt. Ujustert. 1995=100

Rekordhøg ordretilgang innanfor enkelte næringar

Produsentar av oljeplattformer og modular rapporterte om høg ordretilgang frå 3. til 4. kvartal 2005. Dette kjem hovudsakleg av eit par store kontraktar, og næringa sin ordretilgang var over dobbelt så stor som i same kvartal i 2004. For ordrereservane gav tilsvarande samanlikning ein oppgang på nesten 67 prosent. Maskinindustrien rapporterte òg om ein kraftig auka ordretilgang i 4. kvartal 2005.

Ordretilgangen i næringa for transportmiddel auka i 4. kvartal 2005 samanlikna med kvartalet før. Næringa sin ordretilgang var likevel 6,1 prosent lågare enn i 4. kvartal 2004. Ordrereservane hadde ein auke på 32 prosent i same tidsrom. Ordretilgangen i næringa er prega av sesongvariasjonar.

Bra kvartal for elektroteknisk og optisk industri

Rapporterte tal for 4. kvartal 2005 viste ein høg ordretilgang i elektroteknisk og optisk industri, og den var 24,9 prosent høgare enn 4. kvartal 2004. Ordrereservane hadde då ein auke på 33 prosent.

Innanfor ikkje-jernhaldige metall var det rekordhøge ordrereservar i 4. kvartal 2005. Desse var 11,5 prosent høgare enn i 4. kvartal 2004. Dette er skapt av ein sterk auke i ordretilgangen i same tidsrom.

For internasjonale samanlikningar viser Statistisk sentralbyrå til EUROSTAT (EU).

Verdiendring i ordretilgang og -reserve. Prosent
 
NæringTilgang (trend) 1Reserve (ujusterte)
2. kv. 2005-3. kv. 20053. kv. 2005-4. kv. 20054. kv. 2004-4. kv. 2005
 
Total20,915,833,7
Kjemiske råvarer12,312,11,6
Metallindustri5,55,914,4
Maskinindustri23,712,557,1
Oljeplattformer53,633,366,6
 
1  Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av endringa frå førre
kvartal omrekna til årsvekst.
 

Tabeller

Tabeller til publiseringen