Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Framleis kraftig auke i ordretilgangen
Ordretilgangen i industrien synte sterk vekst gjennom heile 2006. Positiv utvikling både i heime- og eksportmarknaden var årsaka til dette. Samla ordrereservar nådde eit svært høgt nivå i 4. kvartal.
Samla ordretilgang i industrien var 21,2 prosent høgare i 4. kvartal 2006 enn i den same perioden i 2005, medan ordrereservane hadde ein vekst på 46 prosent i det same tidsrommet. Oppgangen i ordretilgangen var knytt til næringar som transportmiddelindustri, metallindustri, kjemikaliar og kjemiske produkt og metallvareindustrien.
Veksten i transportmiddelindustrien hang saman med ein markert oppgang i innanlandsk ordretilgang. Samla ordrereservar har hatt ein auke på 85,5 prosent sidan 4. kvartal 2005 og var rekordhøge for denne næringa.
Endringane i metallindustrien var knytt til ein ytterlegare auke i ordretilgangen innanfor ikkje-jarnhaldige metall. Her var det ein oppgang på 44 prosent i 4. kvartal 2006 samanlikna med den same perioden i 2005. Gode eksportprisar i 2006 har medverka til denne utviklinga. Ordrereservane auka med 11,9 prosent i det same tidsrommet.
Ordretilgang og ordrereservar i næringa kjemikaliar og kjemiske produkt var svært høge i 4. kvartal 2006. Det var ein vekst på 34,3 prosent i tilgangen, medan reservane auka med 15,8 prosent samanlikna med 4. kvartal 2005.
Ordretilgangen i metallvareindustrien viste ein klar auke i 4. kvartal 2006, og den var 34,9 prosent høgare enn i den same perioden i 2005. Samla ordrereservar i næringa har hatt ein auke på 46,4 prosent i det same tidsrommet.
For internasjonale samanlikningar viser SSB til EUROSTAT (EU).
Verdiendring i ordretilgang og -reserve. Prosent |
Næring | Tilgang (trend) 1 | Reserve (ujusterte) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2.kv.06 - 3.kv.06 | 3.kv.06 - 4.kv. 06 | 4.kv.05 - 4.kv.06 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Total | 19,3 | 9,8 | 46,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemiske råvarer | 35,2 | 26,4 | 14,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallindustri | 36,0 | 32,6 | 11,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskinindustri | 28,6 | 12,0 | 106,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oljeplattformer | -3,3 | -6,3 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av endringa fra førre kvartal omrekna til årsvekst. |
Tabeller
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42