243854_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243854
Produksjonsnedgangen held fram inn i 2016
statistikk
2016-03-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 1,0 prosent fra des. 2015 til jan. 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Produksjonsnedgangen held fram inn i 2016

Produksjonen i norsk industri gjekk ned 1,0 prosent i perioden november 2015-januar 2016 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Det er framleis den låge produksjonen innanfor olje- og gassrelatert industri som bidrar mest til nedgangen. Frå desember 2015 til januar 2016 var det ein nedgang på 1,0 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Januar 2016 / Desember 2015November 2015 - Januar 2016 / August 2015 - Oktober 2015Januar 2016 / Januar 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,0-3,2-0,2100,0
Utvinning og utvinningstjenester-0,5-4,71,671,4
Bergverksdrift-7,2-11,4-26,60,5
 
Industri-1,0-1,0-6,323,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,51,93,04,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-2,11,57,32,4
Metallindustri2,30,90,71,2
Maskinindustri-2,0-1,0-12,83,0
Bygging av skip og oljeplattformer6,0-2,7-17,91,8
 
Kraftforsyning9,20,611,74,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 115,5 (2005= 100) i perioden november 2015-januar 2016, mot 116,7 i tremånadersperioden før.

Tremånadersendring: Nedgang i maskinreparasjon og -installasjon

Sesongjusterte tal viser ein nedgang i industriproduksjonen på 1,0 prosent i perioden november 2015-januar 2016 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Det er framleis den låge aktiviteten blant leverandørar til olje- og gassektoren som forklarar mykje av nedgangen, som særleg er knyta til den reduserte investeringsaktiviteten i norsk olje- og gassektor. Næringa maskinreparasjon og -installasjon bidrar mest til den totale nedgangen i industrien, med ein nedgang på heile 9,0 prosent i denne perioden. I tillegg var det ein nedgang innanfor bygging av skip og oljeplattformer og trelast- og trevareindustri.

Det var óg einskilde næringar med ei produksjonsauke i same periode: Næringsmiddel- og drikkevareindustri, papir- og papirvareindustri og kjemiske råvarer.

Månadsendring: Lågare produksjon i januar 2016 enn i desember 2015

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen fall 1,0 prosent frå desember 2015 til januar 2016. Nedgangen omfattar store delar av industrien og kjem innanfor ei rekke næringar, men særleg innanfor metallvareindustrien og maskinindustrien. Produksjonsnedgangen som var gjeldande i siste halvår av 2015 held dermed fram i 2016. For meir informasjon om utviklinga i industriproduksjonen i 2015, sjå SSBs eiga artikkel om oljerelatert produksjonsnedgang i 2015.

I motsetning til store delar av 2015 var det ei kjærkomen produksjonsoppgang på 6,0 prosent for bygging av skip og oljeplattformer frå desember 2015 til januar 2016. Oppgangen kan knytast til auke i bygging av skip hjå nokre toneangivande aktørar.

Tolvmånadersendring: Tydeleg fall i Noreg mot uendra i eurosona i desember 2015

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 7,7 prosent frå desember 2014 til desember 2015. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog saman med maskinindustrien mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona var om lag uendra med ein liten nedgang på 0,4 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Tydeleg nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned heile 3,2 prosent i perioden november 2015-januar 2016 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Utvinninga av råolje gjekk ned 2,2 prosent, medan produksjon av naturgass fall 7,6 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i januar 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Innanfor utvinningstenester var det ein nedgang i produksjonen på 6,5 prosent i perioden november 2015-januar 2016 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Verksemdene innanfor denne næringa leverer tenester til olje- og gassektoren, og produksjonsnedgangen har sterk samanheng med lågare investeringsaktivitet innanfor denne sektoren.

Sesongjusterte tal viser at norsk kraftforsyning på si side hadde ein produksjonsoppgang på 0,6 prosent i same periode, medan bergverksdrift gjekk ned med 11,4 prosent.

Tal for utvinningstenester finst i StatistikkbankenÅpne og lesLukk

Frå og med publiseringa for oktober 2015 vil tal for utvinningstenester bli publiserte. Utvinningstenester er i samsvar med SN 2007 grupperte under næringshovudområdet B Bergverksdrift og utvinning. Verksemda innanfor næringa leverer mellom anna tenester knyta til boring av leite-, avgrenings- og produksjonsbrønnar, og andre tenester knyta til aktivitet offshore som mellom anna installering av flytande og faste konstruksjonar over og under havflata. Tidsserien er frå og med år 2010. Næringa har alltid vore inkludert i aggregatet Utvinning og utvinningstenester, men no vil tidsserien og bli publisert med eige tal i Statistikkbanken og tabellar.

Oppdaterte vekter for PII i 2016Åpne og lesLukk

Vekter i produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) er oppdaterte no ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2014. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2015 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Oljedirektoratet.

Vektene til industrinæringane næringsmiddelindustri, metallindustri samt næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri var mellom anna dei som gjekk mest opp frå 2015 til 2016. Vektene for bygging av skip og oljeplattformer og metallvareindustrien var blant dei som gjekk mest ned frå 2015 til 2016. Vekta til utvinningstenester gjekk ned frå 2015 til 2016, mens vektene utvinning av råolje gikk opp og utvinning av naturgass gikk ned.

 

ProduktivitetsfaktorarÅpne og lesLukk

Oppdaterte produktivitetsfaktorar for produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) blir tekne i bruk frå og med 2016. Desse opplysningane er henta frå årleg nasjonalrekneskap. Faktorane bygger på årleg volumendring i bruttoprodukt per utført timeverk for dei aktuelle næringane og er eit gjennomsnitt for dei 5 siste åra.