243856_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243856
Framleis nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2016-04-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk opp 0,7 prosent fra januar 2016 til februar 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningfebruar 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i industriproduksjonen

Produksjonen i norsk industri gjekk ned 1,1 prosent i perioden desember 2015-februar 2016 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Låg produksjon innanfor olje- og gassrelaterte næringar bidrog mest til nedgangen. Frå januar til februar 2016 var det ein oppgang på 0,7 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Februar 2016 / Januar 2016Desember 2015 - Februar 2016 / September 2015 - November 2015Februar 2016 / Februar 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,4-2,3-1,8100,0
Utvinning og utvinningstjenester0,0-3,7-0,871,4
Bergverksdrift7,6-9,6-15,10,5
 
Industri0,7-1,1-6,023,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,41,20,94,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri1,15,35,92,4
Metallindustri1,70,34,41,2
Maskinindustri-5,1-4,9-18,63,0
Bygging av skip og oljeplattformer-1,2-2,0-19,61,8
 
Kraftforsyning0,73,07,94,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 115,2 (2005= 100) i perioden desember 2015-februar 2016, mot 116,5 i tremånadersperioden før.

Tremånadersendring: Fall i maskinindustri og maskinreparasjon og -installasjon

Sesongjusterte tal viser eit fall i industriproduksjonen på 1,1 prosent i perioden desember 2015-februar 2016 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Låg aktivitet blant leverandørar til olje- og gassektoren forklarar mykje av nedgangen vi framleis ser, og heng saman med den reduserte investeringsaktiviteten i norsk olje- og gassektor. Maskinindustrien og maskinreparasjon og -installasjon bidrog mest til den totale nedgangen i industrien, med ein nedgang på høvesvis 4,9 og 7,0 prosent i denne perioden. Samstundes var det ein nedgang innanfor bygging av skip og oljeplattformer og metallvareindustrien.

Produksjonsnedgangen som var gjeldande i siste halvår av 2015 held dermed fram inn i dei første månadane av 2016. Meir informasjon om utviklinga i industriproduksjonen i 2015 finn du i SSB-artikkelen om oljerelatert produksjonsnedgang i 2015.

Samstundes, som ein kan sjå av figur 2, er det teikn til at den totale nedgangen i industriproduksjonen flatar noko ut, etter ein periode med markant fall sidan hausten 2014. Dette skuldast mellom anna ei produksjonsauke innanfor næringsmiddelindustrien og næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i perioden desember 2015-februar 2016, samanlikna med den føregåande tremånadersperioden.

Månadsendring: Atterhalden produksjonsauke frå januar til februar 2016

Sesongjusterte tal viser ein liten auke på 0,7 prosent i industriproduksjonen frå januar til februar 2016. Oppgangen kjem hovudsakleg frå næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri mv., der ei brei oppgang innanfor fleire undergrupper i næringa forklarar veksten. Samstundes bidrog næringar som trelast- og trevareindustri og papir- og papirvareindustri til den månadlege auka i industrien.

Produksjonsnedgang innanfor maskinindustrien på 5,1 prosent i same periode dempa den totale produksjonsauka i industrien. Lågare produksjon hos nokre toneangivande produsentar forklarar mykje av nedgangen.

Tolvmånadersendring: Markert nedgang i Noreg mot ei auke i eurosona i januar 2016

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 6,3 prosent frå januar 2015 til januar 2016. Bygging av skip og oljeplattformer og maskinindustrien bidrog mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 4,0 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Markert nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall 2,3 prosent i perioden desember 2015-februar 2016 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Utvinninga av råolje gjekk ned 3,8 prosent, medan produksjon av naturgass gjekk ned 1,9 prosent. Fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i februar 2016 kan du finne i denne pressemeldinga frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester hadde ein produksjonsnedgang på 6,1 prosent i perioden desember 2015-februar 2016 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Verksemdene innanfor denne næringa leverer tenester til olje- og gassektoren, og produksjonsnedgangen har sterk samanheng med lågare investeringsaktivitet innanfor denne sektoren.

Sesongjusterte tal viser at norsk kraftforsyning på si side hadde ein produksjonsoppgang på 3,0 prosent i same periode. Bergverksdrift derimot måtte sjå ein nedgang på 9,6 prosent.

Tal for utvinningstenester finst i StatistikkbankenÅpne og lesLukk

Frå og med publiseringa for oktober 2015 vil tal for utvinningstenester bli publiserte. Utvinningstenester er i samsvar med SN 2007 grupperte under næringshovudområdet B Bergverksdrift og utvinning. Verksemda innanfor næringa leverer mellom anna tenester knyta til boring av leite-, avgrenings- og produksjonsbrønnar, og andre tenester knyta til aktivitet offshore som mellom anna installering av flytande og faste konstruksjonar over og under havflata. Tidsserien er frå og med år 2010. Næringa har alltid vore inkludert i aggregatet Utvinning og utvinningstenester, men no vil tidsserien og bli publisert med eige tal i Statistikkbanken og tabellar.