243850_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243850
Fortsatt nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2016-09-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk opp 3,7 prosent fra juni til juli 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fortsatt nedgang i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon gjekk ned med 1,0 prosent i perioden mai-juli 2016, samanlikna med tremånadersperioden før. Framleis er det næringar nært knytt til oljesektoren som bidreg mest til denne nedgangen. Samstundes var det ein auke i industriproduksjonen på 3,7 prosent frå juni til juli.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Juli 2016 / Juni 2016Mai 2016 - Juli 2016 / Februar 2016 - April 2016Juli 2016 / Juli 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft5,5-1,00,5100,0
Utvinning og utvinningstjenester6,8-0,50,871,4
Bergverksdrift16,94,07,90,5
 
Industri3,7-1,0-0,623,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.1,9-0,81,24,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-6,45,94,32,4
Metallindustri3,61,411,51,2
Maskinindustri1,4-5,4-18,13,0
Bygging av skip og oljeplattformer3,52,64,81,8
 
Kraftforsyning-1,3-5,81,04,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 114,7 (2005=100) i perioden mai-juli 2016, mot 115,9 i perioden februar-april 2016.

Tremånadersendring: Maskinindustrien bidreg mest til nedgangen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1,0 prosent i perioden mai-juli 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Maskinindustrien bidrog mest til dette, følgja av maskinreparasjon og -installasjon, med ein nedgang på høvesvis 5,4 og 7,1 prosent. Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri hadde og ein nedgang i denne tremånadersperioden, samanlikna med den føregåande.

Samstundes trekk oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i den andre retninga med ein oppgang på 5,9 prosent. Vidare har bygging av skip og oljeplattformer hatt ein oppgang også denne tremånadersperioden, samanlikna med den føregåande.

Den petroleumsretta leverandørindustrien hadde samla sett ein nedgang på 3,7 prosent i same periode. For meir om dette aggregatet, sjå eigen vedleggsboks og tidligare artikkel om ny gruppering av petroleumsretta leverandørindustri og utvinningstenester.

Månadsendring: Oppgang i fleire næringar

Sesongjusterte tal viser ein auke i industriproduksjonen på 3,7 prosent frå juni til juli 2016. Oppgangen kjem etter ein klar nedgang frå mai til juni. Fleire næringar bidrog til auka, men dei største bidraga kom frå næringsmiddel- og drikkevareindustri, samt gummi, plast og mineralsk industri. Høg etterspørsel hos produsentar av plastprodukt låg bak auka i gummi, plast og mineralsk industri. Bygging av skip og oljeplattformer hadde og ei auke frå juni til juli. I motsett retning trakk næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, der produksjonen gjekk ned med 6,4 prosent.

Tolvmånadersendring: Nedgang i Noreg mot ein auke i Eurosona

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 6,5 prosent frå juni 2015 til juni 2016. Maskinindustri og maskinreparasjon og -installasjon bidrog mest til denne nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 0,7 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: nedgang i den samla produksjonsindeksen

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall med 1,0 prosent i perioden mai-juli 2016, samanlikna med førre tremånadersperiode. Utvinning av råolje gjekk opp 1,3 prosent, medan utvinning av gass hadde ein nedgang på 3,1 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i juli 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester hadde ein oppgang på 1,7 prosent i perioden mai-juli 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Norsk kraftforsyning hadde på si side ein nedgang på 5,8 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein oppgang på 4,0 prosent.

Nye indikatorar for leverandørindustriÅpne og lesLukk

Det er etablert nye indikatorar for petroleumsretta leverandørindustri i statistikkbanken. Disse indikatorane bygger på den analytiske grupperinga som ble presentert i artikkelen Sterk vekst for leverandørindustri og utvinningstenester 2010-2013. Dei tre analytiske grupperingane som vil bli publisert månadlig er:

• Petroleumsretta leverandørindustri og utvinningstenester

• Petroleumsretta leverandørindustri (berre leverandørnæringar dekte av næringshovudområde C Industri)

• Industri unntatt petroleumsretta leverandørindustri

Ei nærmare forklaring av næringar som er dekka av grupperingane finns i artikkelen Sterk vekst for leverandørindustri og utvinningstenester 2010-2013.

 

Oppdaterte tal for olje- og gassproduksjonen januar til juni 2016Åpne og lesLukk

For å få inkludert produksjonsvoluma for to olje- og gassfelt som starta produksjon på norsk sokkel i 2016 har det vært nødvendig oppdatere indeksane for høvesvis utvinning av råolje og utvinning av naturgass. Oppdateringa er gjennomført for månadene januar til juni 2016. Dette fører til at produksjonen av olje og naturgass er justert opp i årets to første kvartalar. Oppdateringa verker og inn på totalindeksen (PII) og varetypen energivarer.