116783_not-searchable
/helse/statistikker/tannhelse/aar
116783
Fleire vaksne betalande i offentleg tannhelseteneste
statistikk
2013-07-09T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
tannhelse, Tannhelsetenesta, tannstatus, karies, tannleger, tannpleiere, tannlegesekretærer, driftsutgifterKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Tannhelsetenesta2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire vaksne betalande i offentleg tannhelseteneste

Frå 2011 til 2012 har dei samla utgiftene til den offentlege tannhelsetenesta i fylkeskommunane halde seg på litt under 3 milliardar kroner. Det er fleire vaksne betalande som bruker den offentlege tannhelsetenesta, og tannhelsa til born og unge ser ut til å ha blitt styrka ytterlegare.

Tannhelsetenesta, nøkkeltal
20122011 - 20122008 - 2012
Absolutte talProsentvis endringProsentvis endring
Rettet 5. september 2013.
Tannhelsetilstand
Gjennomsnittleg tal på tenner med karieserfaring per 12-åring1,10,0-21,4
Gjennomsnittleg tal på tenner med karieserfaring per 18-åring4,42,3-6,4
SIC-indeks for 12-åringar2,9-3,3..
20122011 - 20122008 - 2012
Absolutte talProsentvis endringProsentvis endring
Årsverk
Tannlegeårsverk, avtalte (offentleg og privat)3 961,3-2,26,7
Tannpleiarårsverk, avtalte (offentleg og privat)834,001,010,7
Tannlegespesialistar (offentleg og privat)419-7,48,8
20122011 - 20122008 - 2012
1000 kronerProsentvis endringProsentvis endring
Utgifter
Brutto driftsutgifter, tannhelsetenesta totalt2 937 0591,219,2
Brutto driftsutgifter, pasientbehandling2 302 0160,316,6
Brutto driftsutgifter, fellesfunksjonar635 0434,729,5
20122011 - 20122008 - 2012
Absolutte talProsentvis endringProsentvis endring
Aktivitet
Prioriterte personar, undersøkt/behandla837 4090,71,5
Barn og ungdom 3-18 år, undersøkt/behandla693 2690,50,5
Eldre langtidssjuke og uføre i heimesjukepleie, undersøkt/behandla31 8334,013,4
Eldre langtidssjuke og uføre på insititusjon, undersøkt/behandla32 2763,30,8
Vakse betalande klientell, undersøkt/behandla190 6773,412,7

Den offentlege tannhelsetenesta sorterer under fylkeskommunane, og målt i brutto driftsutgifter var fylkeskommunane sine totale utgifter til tannhelsetenester på 2,94 milliardar kroner i 2012. Det representerer ein auke frå 2011 på 1,2 prosent . Til samanlikning har auken i utgifter i den siste femårsperioden frå 2008 til 2012 vore på over 19 prosent. Dei største utgiftene i den offentlege tannhelsetenesta er knytte til pasientbehandling, men det er utgiftene som ikkje er direkte avhengige av pasientbehandling, som aukar mest relativt sett.

I 2012 brukte fylkeskommunane 2,3 milliardar kroner på mellom anna personell, materiell og kjøp av tenester som er direkte relaterte til pasientbehandling, noko som er ein auke på 0,3 prosent frå 2011. Frå 2008 til 2012 har desse utgiftene gått opp 16,6 prosent. Når det gjeld utgifter som ikkje er direkte knytte til pasientbehandling, som til dømes drift av lokale, utstyr og leiing/administrasjon, så var desse på drygt 635 millionar kroner i 2012. Det inneber ein vekst på 4,7 prosent frå 2011 til 2012.

Fleire årsverk i offentleg sektor, færre i privat

Pasientbehandlinga i tannhelsetenesta blir i all hovudsak utført av tannlegar, tannpleiarar og tannlegespesialistar. Talet på årsverk i den offentlege fylkeskommunale sektoren er stigande for alle desse yrkesgruppene. I 2012 var det i alt 1 218 avtalte tannlegeårsverk i fylkeskommunane, noko som representerer ein auke på om lag 4 prosent frå 2011. I den siste femårsperioden, frå 2008 til 2012, har dessutan veksten vore på nesten 10 prosent. Når det gjeld tannpleiarårsverka, gjekk desse opp frå 439 i 2011 til 455 i 2012, noko som òg gir ein vekst på oppunder 4 prosent. For tannlegespesialistane var det 46 årsverk i den offentlege tannhelsetenesta i 2012. Dette tilsvarar ein oppgang på tilnærma 3 prosent i perioden.

Den private tannhelsetenesta har eit anna pasientgrunnlag og oppdrag enn den offentlege, noko som mellom anna kjem til syne i sysselsettinga. I 2012 var det i alt 3 163 avtalte tannlegeårsverk i privat sektor. Dette gir ein reduksjon på 5 prosent frå 2011. Den same utviklinga er å finne for tannpleiarårsverka i sektoren, sjølv om nedgangen ikkje er like stor. I 2012 var det 380 avtalte tannpleiarårsverk, noko som inneber ein reduksjon på 2 prosent frå 2011. Når det gjeld tannlegespesialistar, viser tala ein liten auke i offentleg sektor, medan det har vore ein stor nedgang i privat sektor frå 2011 til 2012.

Noko lågare dekningsgrad

Fordi fylkeskommunane i Noreg etter tannhelsetenestelova skal sørgje for at tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, i rimeleg grad er tilgjengelege for alle som bur eller oppheld seg i fylket, er det vanleg å sjå dekningsgraden for tannhelsepersonell for den offentlege og private sektoren samla. Ei samanlikning av tala mellom 2011 og 2012 viser ein liten nedgang i dekningsgrad for alle dei tre yrkesgruppene.

I 2012 var det 1 153 innbyggjarar per tannlegeårsverk i offentleg og privat sektor samla. Dette er ein auke på 46 innbyggjarar per tannlegeårsverk frå 2011, noko som inneber at det har blitt ein lågare dekningsgrad dei siste to åra. Den same utviklinga finn ein for tannpleiarar. I 2012 var det 6 057 innbyggjarar per tannpleieårsverk, som er ein oppgang på 19 innbyggjarar per tannpleieårsverk, og difor ein lågare dekningsgrad.

For tannlegespesialistar viser tala ein endå større nedgang i dekningsgrad enn for allmenntannlegar og tannpleiarar. I 2012 var det 12 050 innbyggjarar per tannlegespesialistårsverk, medan det i 2011 var ein høgare dekningsgrad med 11 028 innbyggjarar. Tala viser elles at det er fylkesvise forskjellar i dekningsgrad for alle dei tre yrkesgruppene.

Talet på undersøkte prioriterte pasientar held seg stabilt, men fleire vaksne betalande

Den offentlege tannhelsetenesta skal først og fremst sørgje for heilt eller delvis tannhelsetenester til pasientgrupper som er prioriterte etter tannhelselovgivinga. Det inkluderer til dømes barn og ungdom, psykisk utviklingshemma og grupper av eldre, langtidssjuke, uføre på institusjon og mottakarar av heimesjukepleie. Den siste femårsperioden frå 2008 til 2012 har delen av pasientar i prioriterte grupper som har vore undersøkte og behandla, halde seg stabil på om lag 54-55 prosent.

Vaksne pasientar som ikkje er i nokre av dei prioriterte gruppene, soknar i utgangspunktet til den private tannhelsetenesta, men fleire nyttar likevel offentlege tenester. I 2012 var det over 272 000 vaksne betalande pasientar under tilsyn i den offentlege sektoren, noko som er ein auke på om lag 5 prosent frå 2011 og i underkant av 19 prosent frå 2008.

I same femårsperioden utgjer undersøkingar og behandlingar av denne pasientgruppa ein stadig større del av dei totale undersøkingane og behandlingane som blir utførte i den offentlege tannhelsetenesta. I 2012 utgjorde tenestene som blei utførte for vaksne betalande, 18,5 prosent av dei totale undersøkingane og behandlingane i offentleg sektor, medan dei i 2008 utgjorde 17 prosent. Tala viser òg at det er store fylkesvise forskjellar når det gjeld kor stor del vaksne betalande utgjer av undersøkingar og behandlingar i den offentlege tannhelsetenesta.

Fleire born og unge utan hol i tennene

Den offentlege tannhelsetenesta skal mellom anna prioritere gratis undersøking og behandling av born og unge. Sjølv om ikkje alle born og unge i alle aldersgrupper blir kalla inn og møter til time kvart år, og trass i at det er fylkesvise variasjonar i rutinane for innkallingar til time, viser tala for dei som faktisk er undersøkte den siste femårsperioden, at det blir stadig fleire utan hol i tennene.

I 2012 blei om lag tre fjerdedelar av 5-, 12- og 18-åringane i Noreg undersøkte/behandla eller registrerte i den offentlege tannhelsetenesta. Av femåringane som blei undersøkte, var det 81,3 prosent som korkje hadde tenner som trong behandling, eller tenner som hadde vore behandla tidlegare (DMFT=0). Tilsvarande tal var 80,7 prosent i 2011 og 78,7 prosent i 2008. For tolvåringane som faktisk blei undersøkte i 2012, var det 54,5 prosent med DMFT=0. Tilsvarande tal var 54,7 prosent i 2011 og 47,7 prosent i 2008. Når det gjeld 18-åringane, var det i 2012 ganske nøyaktig 18 prosent med DMFT=0. Dette er ei betring frå 17,7 prosent i 2011 og 15,7 prosent i 2008.

Det har vore ein nokså jamn nedgang i kariesførekomsten i tennene blant 12- og 18-åringar dei siste 25 åra. I 2012 var gjennomsnittstalet på hol blant 12-åringar 1,1, det same som i 2011. For 18-åringar var gjennomsnittstalet på hol 4,4, som er ein liten oppgang frå 2011. I 2012 hadde Hedmark fylkeskommune færrast hol, medan Finnmark fylkeskommune hadde flest hol både for 12- og 18-åringar.