Innhald
Publisert:
Oppdatert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Over 3 milliardar til den offentlege tannhelsetenesta
I 2013 blei over 3 milliardar kroner brukt på den offentlege tannhelsetenesta i fylkeskommunane. Stadig fleire vaksne betalande bruker den offentlege tannhelsetenesta. Tannhelsa til born og unge ser ut til å ha blitt styrka ytterlegare, samstundes som skilnadene mellom fylka minkar.
2013 | Prosentvis endring | ||
---|---|---|---|
Absolutte tal | 2012 - 2013 | 2009 - 2013 | |
Tannhelsetilstand | |||
Gjennomsnittleg tal på tenner med karieserfaring per 12-åring | 1,0 | -9,1 | -28,6 |
Gjennomsnittleg tal på tenner med karieserfaring per 18-åring | 4,2 | -4,5 | -10,6 |
SIC-indeks for 12-åringar | 2,9 | 0,0 | .. |
Årsverk | |||
Tannlegeårsverk, avtalte (offentleg og privat) | 4 012,4 | 1,3 | 10,2 |
Tannpleiarårsverk, avtalte (offentleg og privat) | 859,70 | 3,1 | 16,9 |
Tannlegespesialistar (offentleg og privat) | 447 | 6,7 | 12,1 |
Aktivitet | |||
Prioriterte personar, undersøkt/behandla | 851 614 | 1,7 | 5,2 |
Barn og ungdom 3-18 år, undersøkt/behandla | 698 562 | 0,8 | 4,0 |
Eldre langtidssjuke og uføre i heimesjukepleie, undersøkt/behandla | 34 550 | 8,5 | 20,3 |
Eldre langtidssjuke og uføre på insititusjon, undersøkt/behandla | 33 443 | 3,6 | 5,2 |
Vakse betalande klientell, undersøkt/behandla | 196 084 | 2,8 | 13,0 |
2013 | Prosentvis endring | ||
1000 kroner | 2012 - 2013 | 2009 - 2013 | |
Utgifter | |||
Brutto driftsutgifter, tannhelsetenesta totalt | 3 075 724 | 4,7 | 18,2 |
Brutto driftsutgifter, pasientbehandling | 2 375 178 | 3,2 | 14,0 |
Brutto driftsutgifter, fellesfunksjonar | 700 546 | 10,3 | 35,1 |
Den offentlege tannhelsetenesta sorterer under fylkeskommunane, og målt i brutto driftsutgifter var dei totale utgiftene til tannhelsetenester i fylkeskommunane på 3,1 milliardar kroner i 2013. Det representerer ein auke frå 2012 på 4,7 prosent. Til samanlikning har auken i utgifter i den siste femårsperioden, 2009-2013, vore på over 18 prosent. Dei største utgiftene i den offentlege tannhelsetenesta er knytte til pasientbehandling, men det er utgiftene som ikkje er direkte avhengige av pasientbehandling som aukar mest relativt sett.
I 2013 brukte fylkeskommunane 2,4 milliardar kroner på mellom anna personell, materiell og kjøp av tenester som er direkte relaterte til pasientbehandling, som er 3,2 prosent meir enn i 2012. Frå 2009 til 2013 har desse utgiftene gått opp 14 prosent. Når det gjeld utgifter som ikkje er direkte knytte til pasientbehandling, som til dømes drift av lokale, utstyr og leiing/administrasjon, var desse på vel 700 millionar kroner i 2013. Det inneber ein vekst frå 2012 på 10,3 prosent.
Fleire årsverk i både offentleg og privat sektor
Pasientbehandlinga i tannhelsetenesta blir i all hovudsak utført av tannlegar, tannpleiarar og tannlegespesialistar. Talet på årsverk i den offentlege fylkeskommunale sektoren er stigande for tannlegar og tannpleiarar og har halde seg stabilt for tannlegespesialistar. I 2013 var det i alt 1 226 avtalte tannlegeårsverk i fylkeskommunane. Dette er ein liten oppgang på i underkant av 1 prosent frå 2012. I den siste femårsperioden har veksten vore på om lag 7,5 prosent. Når det gjeld tannpleiarårsverka, gjekk desse opp frå 455 i 2012 til 469 i 2013, som gir ein vekst på vel 3 prosent. For tannlegespesialistane var det 46 årsverk i den offentlege tannhelsetenesta både i 2013 og 2012.
Den private tannhelsetenesta har eit anna pasientgrunnlag og oppdrag enn den offentlege. Denne skilnaden kjem mellom anna til syne i sysselsettinga. I 2013 var det i alt 3 234 avtalte tannlegeårsverk i privat sektor. Det svarer til ein vekst på vel 2 prosent frå 2012. Omtrent den same utviklinga gjeld for tannpleiarårsverka i sektoren. I 2013 var det 391 avtalte tannpleiarårsverk, noko som inneber ein auke på 3 prosent frå 2012. Medan tala i offentleg sektor heldt seg uendra for tannlegespesialistar, viser tala ein auke på 7,5 prosent i privat sektor, frå 373 årsverk i 2012 til 401 året etter.
Noko høgare dekningsgrad
Fordi fylkeskommunane i Noreg etter tannhelsetenestelova skal sørgje for at tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, i rimeleg grad er tilgjengelege for alle som bur eller oppheld seg i fylket, er det vanleg å sjå dekningsgraden for tannhelsepersonell for den offentlege og private sektoren samla. Ei samanlikning av tala mellom 2012 og 2013 viser ein oppgang i dekningsgraden for alle dei tre yrkesgruppene.
I 2013 var det 1 146 innbyggjarar per tannlegeårsverk i offentleg og privat sektor samla. Det inneber at det var sju færre innbyggjarar per tannlege i 2013 enn i 2012, og at dekningsgraden har blitt høgare dei siste to åra. Også når det gjeld tannpleiarar, har dekningsgraden blitt høgare i den same perioden. I 2013 var det 5 943 innbyggjarar per tannpleiarårsverk i offentleg og privat sektor samla, som er ein nedgang frå 2012 på 114 innbyggjarar.
For tannlegespesialistar viser tala ein endå større betring i dekningsgraden enn for allmenntannlegar og tannpleiarar: I 2013 var det 11 422 innbyggjarar per tannlegespesialistårsverk, medan det i 2012 var ein lågare dekningsgrad med 12 050 innbyggjarar. Tala viser elles at det er fylkesvise forskjellar i dekningsgrad for alle dei tre yrkesgruppene, og at forholdet mellom tannpleiarar og tannlegar kan variere mykje mellom fylka.
Både talet på prioriterte pasientar og vaksne betalande som er blitt undersøkte, aukar i den offentlege tannhelsetenesta
Den offentlege tannhelsetenesta skal først og fremst sørgje for tannhelsetenester til pasientgrupper som er prioriterte etter tannhelselovgivinga. Det inkluderer til dømes barn og ungdom, psykisk utviklingshemma og grupper av eldre, langtidssjuke, uføre på institusjon og mottakarar av heimesjukepleie. I den siste femårsperioden har delen av pasientar i prioriterte grupper som har vore undersøkte og behandla, halde seg stabil på i overkant av 60 prosent. Vel 850 0001 pasientar frå prioriterte grupper blei behandla i 2013, som er 1,7 prosent fleire enn i 2012. I femårsperioden vi her ser på, har auken vore på vel 5 prosent.
Vaksne pasientar som ikkje er i nokre av dei prioriterte gruppene, soknar i utgangspunktet til den private tannhelsetenesta. Fleire nyttar likevel offentlege tenester. I 2013 var det i underkant av 257 000 vaksne betalande pasientar under tilsyn i den offentlege sektoren. Av desse var det om lag 196 000 som blei undersøkte og behandla. Det er ein auke på 3 prosent frå 2012. Av alle som blei undersøkte og behandla i den offentlege tannhelsetenesta, utgjorde vaksne betalande pasientar 18,7 prosent i 2013, ein liten auke frå 2012. Tala viser elles store fylkesvise forskjellar når det gjeld kor stor del dei vaksne betalande pasientane utgjer av det totale pasientgrunnlaget i den offentlege sektoren.
Fleire born og unge utan hol i tennene
Den offentlege tannhelsetenesta skal mellom anna prioritere gratis undersøking og behandling av born og unge. Tala for dei som faktisk er undersøkte den siste femårsperioden i desse aldersgruppene, viser at det blir stadig færre med hol i tennene. Tendensen er klar sjølv om ikkje alle born og unge i alle aldersgrupper blir kalla inn og møter til time kvart år, og trass i at det er fylkesvise variasjonar i rutinane for innkallingar til time.
I 2013 blei om lag tre fjerdedelar av 5-, 12- og 18-åringane i Noreg undersøkte/behandla eller registrerte i den offentlege tannhelsetenesta, og delen som ikkje har hol i tennene i det heile, aukar. Av 5-åringane som blei undersøkte, var det 82,9 prosent som korkje hadde tenner som trong behandling, eller tenner som hadde vore behandla tidlegare (DMFT=0). Tilsvarande tal var 81,3 prosent i 2012 og 79,9 prosent i 2009. For 12-åringane som blei undersøkte i 2013, var det 56,5 prosent med DMFT=0. Tilsvarande tal var 54,5 prosent i 2012 og 48,9 prosent i 2009. For 18-åringane var det 19,8 prosent med DMFT=0 i 2013. Tilsvarande tal var 18 prosent i 2012 og 15,5 prosent i 2009.
Det har vore ein nokså jamn nedgang i kariesførekomsten i tennene blant 12- og 18-åringar dei siste 25 åra. I 2013 var gjennomsnittstalet på hol blant 12-åringar 1, som er ein liten nedgang frå 2012. For 18-åringar var gjennomsnittstalet på hol 4,2, som òg er ein reduksjon frå 2012. I 2013 hadde 12-åringane i Vest-Agder fylkeskommune færrast hol, medan det blant 18-åringane var færrast hol i Hedmark. Finnmark var det fylket som rapporterte flest hol både for 12- og 18-åringane. Samstundes har skilnaden mellom Finnmark og resten av fylkeskommunane minka for båe aldersgruppene i den siste femårsperioden.
1 Tallet er rettet 15. august 2014.
Kontakt
-
Trond Ekornrud
E-post: trond.ekornrud@ssb.no
tlf.: 48 13 70 09