Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
1 av 4 som mottar heimesjukepleie, nyttar gratis tannhelsetenester
Mottakarar av heimesjukepleie har krav på gratis undersøking og behandling i den offentlege tannhelsetenesta. Om lag 1 av 4 nyttar seg av denne retten. Totalt blei over 1 million undersøkt og behandla i den offentlege tannhelsetenesta i 2015. Dei fleste er barn og unge.
2015 | Prosentvis endring | ||
---|---|---|---|
Absolutte tal | 2014 - 2015 | 2011 - 2015 | |
Tannhelsetilstand | |||
Gjennomsnittleg tal på tenner med karieserfaring per 12-åring | 0,9 | -10,0 | -18,2 |
Gjennomsnittleg tal på tenner med karieserfaring per 18-åring | 3,9 | -2,5 | -9,3 |
SIC-indeks for 12-åringar | 2,6 | -3,7 | -13,3 |
Årsverk | |||
Tannlegeårsverk, avtalte (offentleg og privat) | 3 948,7 | ||
Tannpleiarårsverk, avtalte (offentleg og privat) | 924,40 | ||
Tannlegespesialistar (offentleg og privat) | 445 | ||
Aktivitet | |||
Prioriterte personar, undersøkt/behandla | 864 860 | -0,4 | 4,0 |
Barn og ungdom 3-18 år, undersøkt/behandla | 714 875 | -0,4 | 3,7 |
Eldre langtidssjuke og uføre i heimesjukepleie, undersøkt/behandla | 34 216 | 1,6 | 11,8 |
Eldre langtidssjuke og uføre på insititusjon, undersøkt/behandla | 33 000 | 1,8 | 5,6 |
Vakse betalande klientell, undersøkt/behandla | 200 999 | -1,0 | 9,0 |
2015 | Prosentvis endring | ||
1000 kroner | 2014 - 2015 | 2011 - 2015 | |
Utgifter | |||
Brutto driftsutgifter, tannhelsetenesta totalt | 3 313 400 | 0,7 | 14,2 |
Brutto driftsutgifter, pasientbehandling | 2 538 522 | 0,0 | 10,6 |
Brutto driftsutgifter, fellesfunksjonar | 774 878 | 3,1 | 27,8 |
Mottakarar av heimesjukepleie er ei av dei prioriterte gruppene som har krav på gratis undersøking og behandling i den offentlege tannhelsetenesta. I 2015 var det 23 prosent av alle heimesjukepleiemottakarar som blei undersøkt og behandla. Denne delen har halde seg stabil på mellom 22 og 25 prosent dei siste åra. Det er likevel store fylkesvise forskjellar. Det er i Buskerud og Sogn og Fjordane vi finn den største delen av heimesjukepleiemottakarar som nyttar seg av tilbodet, medan delen er lågast i Østfold og Oppland.
Institusjonsbebuarar er ei anna prioritert gruppe som har krav på gratis undersøking og behandling. Institusjonsbebuarar inkluderer eldre, langtidssjuke og uføre i langstidsopphald på institusjon. I denne gruppa var delen undersøkt og behandla nærmare 3 av 4 i 2015.
Det er kommunen gjennom heimesjukepleia som har ansvar for å informere brukarane om retten til gratis tannhelsetenester. Det er mogleg å velje vekk tilbodet om tenester i det offentlege, sjølv om ein som heimesjukepleiemottakar har rett til gratis tenester. Dei fleste vaksne nyttar seg av tannhelsetenesta i privat sektor.
1 av 10 18-åringar har meir enn ni hol i tennene
Barn og unge under 18 år utgjer den største av dei prioriterte gruppene i den offentlege tannhelsetenesta, og har krav på gratis tenester. I 2015 fekk om lag 3 av 4 av alle 18-åringar undersøking og behandling. Av desse hadde om lag 10 prosent fleire enn ni hol i tennene DMFT>9. Dei fleste hadde mellom eitt og fire hol; ein gjennomsnittleg 18-åring hadde 3,9 hol i tennene i snitt. Det er grunn til å understreke at ikkje alle barn og unge i alle aldersgrupper blir innkalla til time kvart år, og at det er fylkesvise variasjonar i rutinane for innkalling til time. Dette påverkar delen barn og unge som har blitt undersøkt og behandla i dei ulike fylka.
Finnmark er det fylket der flest 18-åringar hadde hol i tennene. Der hadde ein 18-åring i snitt 5,3 hol i tennene. I tillegg er Finnmark det fylket som har den høgaste delen 18-åringar med mange hol. 15 prosent av dei behandla 18-åringane hadde fleire enn ni hol i tennene.
Finnmark har lenge vore eit fylke som har skilt seg ut når det gjeld delen barn og unge med hol i tennene. Over den siste ti års perioden er likevel skilnaden mellom Finnmark og resten av landet blitt mindre. I Finnmark er mellom anna delen 18-åringar med meir enn ni hol i tennene redusert frå 23 prosent i 2005 til 15 prosent i 2015. I same periode har delen som er behandla utan hol gått opp frå 7 prosent til 11 prosent.
Oslo har flest 5-åringar med hol i tennene
I 2015 var det om lag 3 av 4 av alle 5-åringar som fekk undersøking og behandling i den offentlege tannhelsetenesta. Blant desse hadde ein gjennomsnittleg 5-åring 0,7 hol i tennene. Det er akkurat like mange hol som i 2014.
I Oslo har ein gjennomsnittleg 5-åring 1,1 hol i tennene. Det er flest hol per 5-åring i landet, trass i at det er ein reduksjon frå 2014. Oslo har i tillegg den lågaste delen 5-åringar utan hol DMFT=0. Samstundes har Oslo hatt ein auke i delen 5-åringar som har fått behandling mellom 2014 og 2015. Det betyr at det i 2015 var fleire 5-åringar med relativt sett færre hol i tennene enn i 2014.
Minste auken i samla utgifter til offentlege tannhelsetenester på ti år
Samla utgifter i tannhelsetenesta var på 3,3 milliardar i 2015. Det er ein auke på 0,7 prosent frå 2014, den minste sidan 2005. Sjølv om den største utgiftsposten er pasientbehandling, har ein stadig større del av dei samla utgiftene dei siste åra gått med til fellesfunksjonar. Sidan 2008 har denne delen auka frå 20 til 23 prosent. Endringa i utgifter til pasientbehandling er negativ mellom 2014 og 2015. Det er veksten i utgifter til fellesfunksjoner på 3 prosent som fører til den så vidt positive veksten i samla utgifter.
Kontakt
-
Trond Ekornrud
E-post: trond.ekornrud@ssb.no
tlf.: 48 13 70 09