53528_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifformue/aar
53528
Meir gjeld - lågare renteutgifter
statistikk
2011-04-14T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk
no
ifformue, Hushalda sine inntekter og formue, hushaldsinntekt, hushaldstypar (for eksempel aleinebuande, par med og utan barn), formue, gjeld, formuesrekneskap, bankinnskott, studiegjeldInntekt og formue , Inntekt og forbruk
false

Hushalda sine inntekter og formue2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir gjeld - lågare renteutgifter

Hushald med gjeld over tre gonger samla inntekt auka frå 2008 til 2009. Samstundes hadde færre hushald renteutgifter på meir enn 15 prosent av samla inntekt. Dette må sjåast i samanheng med utviklinga i renta.

Delen hushald med renteutgifter større enn 15 prosent av samla hushaldsinntekt. 2006-2009

Nominell utlånsrente auka frå 4 prosent i 2004 til 7,3 prosent i 2008 for så å gå ned til 4,3 prosent i 2009.

Delen av hushald med renteutgifter som oversteig 15 prosent av samla hushaldsinntekt, vart halvert frå 2008 til 2009. I 2008 hadde 22 prosent av alle hushalda renteutgifter som oversteig 15 prosent av inntekta, medan dette i 2009 berre gjaldt for 10 prosent av hushalda.

Unge hushald i etableringsfasen har den høgaste rentebelastninga sett i høve til samla inntekt. Blant par med små barn hadde 16 prosent av hushalda ei renteutgift som oversteig 15 prosent av samla inntekt. I 2008 var dette tilfelle for over 40 prosent av småbarnsfamiliane.

Fleire med relativt høg gjeld

Stadig fleire hushald har ei gjeld som overstig tre gonger samla inntekt. Frå 2004 til 2009 har delen av hushalda med samla gjeld høgare enn tre gonger inntekta auka frå 9 til 14 prosent. Samstundes har hushald utan gjeld gått ned frå 19 prosent til 17 prosent.

Prosentdelen hushald med gjeld større enn tre gonger samla hushaldsinntekt. Hushaldstypar. 2004-2009

Det er dei unge hushalda som har høgast gjeld sett i høve til samla hushaldsinntekt. Blant unge par utan barn, der eldste person er under 30 år, hadde nær 25 prosent ei gjeld som oversteig tre gonger inntekta. Gjennomsnittleg gjeld for denne gruppa var på 1,3 millionar kroner i 2009.

Høgast gjeld finn me blant par med små barn, med gjennomsnittleg gjeld på 1,9 millionar kroner. Her hadde nær eitt av fire hushald ei gjeld som var høgare enn tre gonger inntekta.

Mange hushald har ein økonomisk buffer

Mange hushald har pengar på bok som gjer at dei kan møte uventa utgifter. I 2009 hadde nær seks av ti hushald bankinnskot som minst svarar til grunnbeløpet i folketrygda, det vil si 72 000 kroner.

Forklaringar

Gjeld

Gjeld til norske og utanlandske fordringshavarar samt partseigar sin del av bustadselskapets gjeld.

Samla inntekt

Hushaldets samla yrkesinntekter, kapitalinntekter, skattepliktige overføringar (til dømes pensjonar frå folketrygda, tenestepensjonar, dagpengar ved arbeidsløyse og sjukepengar) og skattefrie overføringar (barnetrygd, kontantstøtte, bustøtte, sosialhjelp med vidare).

Skattepliktig realkapital

Omfattar mellom anna faste eigedomar, skog, driftslausøyre og andre eigedelar i næring, innbu og lausøyre.

Skattepliktig brutto finanskapital

Omfattar mellom anna bankinnskot, partar i aksjefond, aksjar og andre verdipapir samt skattepliktig formue i utlandet.

Statistikkgrunnlaget

Frå og med inntektsåret 2004 er inntektsstatistikken for hushald ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald busette i landet ved utgangen av året. Personar i studenthushald er ikkje med. I tillegg til alle registrerte kontante inntekter hushalda mottek, omfattar statistikken òg alle gjelds- og formuespostar frå likninga. Det er såleis likningsverdiar som ligg til grunn for all verdifastsetjing av formuen. Dette betyr at for fleire formuesobjekt viser statistikken klart lågare verdiar enn det som er den faktiske verdien. Dette gjeld framfor alt for eigedommar, til dømes eigen bustad. I tillegg blir formuesverdiane påverka av endringar i skattereglar. Det er gjort nærare greie for datagrunnlaget i Om statistikken .

Tabeller: