Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skatteauke på 31 milliardar
Eit oversyn over skattelikninga viser at det blei utlikna 253 milliardar kroner i skatt for inntektsåret 1999. Dette var 31 milliardar meir enn året før. Auken i utlikna skatt fordelte seg med 11 milliardar kroner på forskotspliktige og 20 milliardar på etterskotspliktige skattytarar.
Dei totale utlikna skattane kom opp i 195,3 milliardar for forskotspliktige skattytarar og 58 (tallet er rettet 19. april 2001 kl. 1315) milliardar for etterskotspliktige. Den sterke auken i utlikna skatt for etterskotspliktige skattytarar kjem i stor grad frå verksemda på norsk kontinentalsokkel. Auken der var på 14,6 milliardar, medan den var på 5,8 milliardar for landbasert verksemd.
Forskotspliktige skattytarar er personar med skattepliktig inntekt/formue til ein eller fleire kommunar. Gruppa inneheld òg nordmenn og utlendingar som er busette i utlandet, og som blir likna for fast eigedom i Noreg.
Etterskotspliktige skattytarar er selskap som har utlikna skatt på inntekt/formue. Eigarane/aksjonærane i eit selskap, eventuelt ein institusjon, foreining eller liknande, må ha eit avgrensa ansvar for gjelda i selskapet for at dei skal bli rekna som etterskotspliktige skattytarar.
Auka inntektsskatt til kommune og fylke
Eit oversyn over dei einskilde skattane viser at inntektsskatt til kommune og fylke utgjorde 83,8 milliardar kroner for forskotspliktige og etterskotspliktige skattytarar samla. Det var ein auke på 9,5 milliardar kroner. For etterskotspliktige skattytarar omfattar inntektsskatten til kommune og fylke berre naturressursskatt for kraftprodusentar på til saman 1,5 milliardar kroner.
Fellesskatten var på 77,4 milliardar kroner for begge skattytargruppene samla. Inntektsskatten til staten utgjorde 37,5 milliardar kroner, ein auke på 15 milliardar kroner. Inntektsskatten til staten er for personlege skattytarar hovudsakleg toppskatt, medan den for dei etterskotspliktige hovudsakleg er sokkelskatt. Utlikna sokkelskatt for selskap som driv utvinning av olje og gass, var på 24,7 milliardar i 1999, ein auke på 14,6 milliardar kroner frå 1998.
I 1999 blei det i alt utlikna 48,3 milliardar kroner i medlemsavgifter til folketrygda.
Totalt utlikna formuesskatt til kommune og stat kom opp i drøye 6 milliardar kroner, ein auke på over ein halv milliard frå året før.
830 millionar meir i skattefrådrag
I 1999 fekk skattytarane meir enn 17,7 milliardar kroner i skattefrådrag. Dette var ein auke på 0,8 milliardar sidan 1998. Personlege skattytarar fekk åleine nesten 12 milliardar, medan etterskotspliktige fekk 5,8 milliardar kroner i frådrag. For personlege skattytarar utgjorde frådrag for godtgjersle, nedsettjing av skatt for skattytarar med lita skatteevne og forsørgjarfrådraget til saman 10,4 milliarder kroner. Finnmarksfrådraget utgjorde 557 millionar kroner. Skattytarar som nytta aksjesparing med skattefrådrag (AMS) og bustadsparing for ungdom (BSU), fekk redusert skatten sin med 775 millionar kroner.
For etterskotspliktige skattytarar utgjer frådrag for godtgjersle 4,9 milliardar og frådrag for naturressursskatt 854 millionar kroner.
Tabeller:
- Tabell 1 Oversyn over skattelikninga, etter skattytargruppe og fylke. Kommune- og fylkesskattelikninga. 1999. Millioner kroner
- Tabell 2 Oversyn over skattelikninga, etter skattytargruppe og fylke. Statsskattelikninga samt utlikninga til folketrygda. Inkl. kontinentalsokkelen. 1999. Millionar kroner
- Tabell 3 Oversyn over skattelikninga, etter skattytargruppe og fylke. Bruttoskatt, skattefrådrag og utlikna skatt. Inkl. kontinentalsokkelen. 1999. Millionar kroner
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42