Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
360 milliardar i utlikna skatt
For inntektsåret 2001 vart det utlikna nærare 360 milliardar kroner i skatt. Dette var 16 milliardar meir enn året før. Auken var størst for forskotspliktige skattytarar med 11,9 milliardar kroner.
Brutto utlikna skatt utgjorde til saman 379,9 milliardar kroner medan frådrag og nedsetjing i skatt utgjorde 19,9 milliardar kroner. Frådrag og nedsetjing i skatt vart redusert med 5,1 milliardar kroner i høve til 2000. Dette kjem i hovudsak av fjerning av forsørgjarfrådraget og redusert frådrag for godtgjersle for forskotspliktige skattytarar. Brutto utlikna skatt for forskotspliktige skattytarar utgjorde 228,9 milliardar kroner og for etterskotspliktige skattytarar 151 milliardar kroner. Frådrag og nedsetjing i skatt utgjorde 7,1 milliardar for forskotspliktige og 12,8 milliardar for etterskotspliktige skattytarar.
Bruttoskatt, skattefrådrag og utlikna skatt, etter skattytergruppe. 2000 og 2001.
Millionar kroner |
Skattytargruppe | 2000 | 2001 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Brutto skatt | Skattefrådrag i alt | Utlikna skatt | Brutto skatt | Skattefrådrag i alt | Utlikna skatt | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Heile landet | 368 741 | 24 992 | 343 749 | 379 884 | 19 928 | 359 956 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Personlege skattytarar i alt | 224 338 | 14 443 | 209 895 | 228 873 | 7 089 | 221 784 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Etterskotspliktige | 144 403 | 10 549 | 133 854 | 151 011 | 12 839 | 138 172 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
13,7 prosent auke i skatt til kommunane
Talet på skattytarar ved kommune- og fylkesskattelikninga utgjorde til saman 3 821 439, ein auke på 28 805 skattytarar. Utlikna skatt til kommune og fylke utgjorde 104,8 milliardar kroner, ein auke på 12,7 milliardar kroner, eller 13,7 prosent, i høve til året før. Etterskotspliktige skattytarar svarar berre naturressursskatt som kraftprodusentar ved kommune- og fylkesskattelikninga med til saman 1,6 milliardar kroner. Formuesskatten til kommune og fylke utgjorde 5,2 milliardar kroner, eller 0,3 milliardar meir enn året før.
Uendra skatt til staten
Talet på skattytarar ved statsskattelikninga var på 3 302 492, ein auke på 13 141 skattytar i høve til 2000. Oversynet over statskattelikninga syner at utlikna skatt til staten er uendra frå inntektsåret 2000, og utgjorde 200,8 milliardar kroner. Medan utlikna inntektsskatt til staten har auka med over 8 milliardar kroner frå 2000, var det ein tilsvarande nedgang i utlikna fellesskatt. Inntektsskatt til staten var på 116,2 milliardar medan fellesskatten var på 82,4 milliardar kroner. Både forskotspliktige og etterskotspliktige skattytarar syner nedgang i utlikna fellesskatt. Formuesskatten til staten utgjorde 2,2 milliardar kroner, som er om lag det same som året før. Medlemsavgifta til folketrygda for forskotspliktige skattytarar utgjorde 54,3 milliardar kroner, ein auke på 3,3 milliardar samanlikna med inntektsåret 2000.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken byggjer på uttrekk frå Skattedirektoratet sine likningsregister for forskotspliktige og etterskotspliktige. Forskotspliktige skattytarar er personar med skattepliktig inntekt/formue til ein eller fleire kommunar. Gruppa inneheld òg utlendingar og nordmenn busette i utlandet, og som vart likna for fast eigedom i Noreg. Etterskotspliktige skattytarar er selskap som har utlikna skatt på inntekt/formue. Eigarane eller aksjonærane i eit selskap, eventuelt ein institusjon, foreining eller liknande, må ha eit avgrensa ansvar for gjelda i selskapet for at dei skal bli rekna som etterskotspliktige skattytarar.
Tabeller:
- Tabell 1 Oversyn over skattelikninga, etter skattytargruppe og fylke. Bruttoskatt, skattefrådrag og utlikna skatt. Medrekna kontinentalsokkelen. 2001. Millionar kroner
- Tabell 2 Oversyn over skattelikninga, etter skattytargruppe og fylke. Kommune og fylkesskattelikninga. 2001. Millionar kroner
- Tabell 3 Oversyn over skattelikninga, etter skattytargruppe og fylke. Statsskattelikninga samt utlikninga til folketrygda. Medrekna kontinentalsokkelen. 2001. Millionar kroner
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42