9329_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/skattlign/aar
9329
356 milliardar i utlikna skatt
statistikk
2004-03-05T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattlign, Skattelikninga (opphørt), selskapsskatt, personskatt, skattefrådrag (for eksempel boligsparing, Finnmarks-frådrag, godtgjerslefrådrag), skattetypar (for eksempel inntektsskatt, formuesskatt, kommuneskatt)Skatt for næringsvirksomhet, Skatt for personer, Virksomheter, foretak og regnskap, Inntekt og forbruk
false

Skattelikninga (opphørt)2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

356 milliardar i utlikna skatt

Direkte utlikna skattar for personar og selskap utgjorde til saman 356 milliardar kroner for inntektsåret 2002. Dette var 4 milliardar kroner mindre enn året før. Selskapa stod for heile reduksjonen i utlikna skatt.

Brutto utlikna skatt var på 385 milliardar kroner, medan frådrag og nedsetjingar i skatt utgjorde 29,5 milliardar kroner. Personar hadde ein auke i utlikna skatt på 7,4 milliardar til 229,2 milliardar kroner i 2002. Samla utlikna skatt gjekk likevel ned då selskapa hadde ein nedgang på 11,8 milliardar kroner. Utlikna skatt for selskapa utgjorde 126,4 milliardar.

Bruttoskatt, skattefrådrag og utlikna skatt. 2001 og 2002.
Millionar kroner
  2001 2002
  Brutto
skatt
Skatte-
frådrag
i alt
Utlikna
skatt
Brutto
skatt
Skatte-
frådrag
i alt
Utlikna
skatt
I alt      379 884        19 928        359 956        385 077        29 491        355 586
Personar  228 873 7 089  221 784  245 838 16 622  229 216
Selskap  151 011 12 839  138 172  139 239 12 869  126 370

Auke i kommuneskatten - nedgang i fylkesskatten

Utlikna skatt på inntekt og formue til kommunane var på 72,2 milliardar kroner i 2002, dette er ein auke på 3 milliardar eller vel 4 prosent frå året før. Utlikna fylkesskatt utgjorde 10,3 milliardar, ein nedgang på 25,4 milliardar frå året før. Grunnen til nedgangen er at skattesatsane mellom kommune, fylke og staten har endra seg. Medan 6,9 prosent av skatt på allmenn inntekt gjekk til fylke i 2001, var denne delen 1,9 prosent i 2002. Tilsvarande satsar for kommune- og fellesskatten var respektive 12,2 og 8,9 prosent i 2001 mot 12,4 og 13,7 prosent i 2002. Berre selskap som produserer elektrisk kraft svarar skatt til kommune- og fylkesskattelikning i form av naturressursskatt. Denne utgjorde vel 1,5 milliardar kroner eller om lag det same som året før.

215 milliardar i utlikna skatt til staten

Utlikna fellesskatt til staten var på 104,7 milliardar kroner medan inntektsskatt til staten var på 108,2 milliardar kroner. Inntektsskatt til staten er i hovudsak toppskatt for personar og sokkelskatt for oljeselskapa, og var på respektive 15,6 milliardar kroner og 92,6 milliardar kroner i 2002. Medan inntektsskatten gjekk ned var det ein auke i utlikna fellesskatt på 27 prosent frå året før. Fellesskatten auka for personar medan det var ein nedgang i fellesskatten for selskapa.

10 milliardar meir i skattefrådrag

I 2002 fekk skattytarane til saman 29,5 milliardar kroner i skattefrådrag, ein auke på nærare 50 prosent frå året før. All auken kjem i hovudsak av auke i godtgjerslefrådraget for personar. For selskapa var skattefrådraga nær uendra samanlikna med 2001 og utgjorde 12,9 milliardar kroner.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på uttrekk frå Skattedirektoratet sine likningsregister for personar (forskotspliktige) og selskap (etterskotspliktige).

Tabeller: