9327_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/skattlign/aar
9327
9 milliardar meir i skatt
statistikk
2005-03-08T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattlign, Skattelikninga (opphørt), selskapsskatt, personskatt, skattefrådrag (for eksempel boligsparing, Finnmarks-frådrag, godtgjerslefrådrag), skattetypar (for eksempel inntektsskatt, formuesskatt, kommuneskatt)Skatt for næringsvirksomhet, Skatt for personer, Virksomheter, foretak og regnskap, Inntekt og forbruk
false

Skattelikninga (opphørt)2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

9 milliardar meir i skatt

Samla utlikna skatt etter frådrag i skatt for personar og selskap utgjorde 364, 8 milliardar kroner i 2003. Dette var 9,2 milliardar kroner, eller 2,6 prosent, meir enn året før. Frådrag i skatt utgjorde 35,9 milliardar kroner, ein auke på vel 6,4 milliardar samanlikna med 2002.

Av samla utlikna skatt etter frådrag i skatt vart 235,8 milliardar utlikna på personar, medan selskapa sto for 128,9 milliardar kroner.

Meir skatt til kommunane

Utlikna skatt etter frådrag i skatt til kommunane utgjorde 95,7 milliardar kroner i 2003. Dette er 13,2 milliardar kroner meir enn året før. Auken var størst for fylkeskommunane med 7,6 milliardar kroner. Utlikna statsskatt vart redusert frå 215,2 milliardar i 2002 til 209 milliardar i 2003. Ei viktig årsak til auken i utlikna skatt til kommunane er endringa i fordelinga av inntektsskatten mellom kommunane og staten. Skatteprosenten til primærkommunane auka frå 12,4 i 2002 til 13 i 2003, medan tilsvarande endring i skatteprosenten til fylkeskommunane var 1,9 i 2002 til 3,24 i 2003.

3,7 prosent auke i medlemsavgifta

Medlemsavgifta til folketrygda (etter skattereduksjon ifylgje paragraf 17) utgjorde 60,1 milliardar i 2003, ein auke på 2,2 milliardar kroner frå året før.

Frådrag i skatt

Samla skattefrådrag utgjorde 36,9 milliardar kroner i 2003, mot 29,5 milliardar i året før. Tre fjerdedelar av samla skattefrådrag i 2003 er godtgjerslefrådrag eller frådrag for skatt utlikna på aksjeutbytte. Dette utgjer 26 milliardar kroner i 2003, ein auke med nesten 22 prosent frå året før.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på Skattedirektoratets likningsregister for personlege skattytarar og likningsregister for etterskotspliktige skattytarar.

Tabeller: