Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
423 milliardar i skatt
For inntektsåret 2004 vart det utlikna 423 milliardar kroner i skatt. Dette var 58 milliardar kroner meir enn året før, og nær 45 milliardar av auken stod selskapa for.
Brutto utlikna skatt utgjorde til saman 452 milliardar kroner, mens frådrag og nedsetjingar i skatt utgjorde 29 milliardar. Dette gav 250 milliardar kroner i utlikna skatt for personar, mens selskapa vart likna med 173 milliardar.
Meir til kommunane - mindre til fylka
Utlikna skatt til primærkommunane var på 84 milliardar kroner, ein auke på 8 prosent samanlikna med 2003. Fylkesskatten utgjorde 15 milliardar kroner, noko som var 2,5 milliardar kroner mindre enn året før. Vridinga i utlikna skatt mellom kommune og fylke kjem av endringar i fordeling av skattøre mellom kommune, fylke og stat. Skatteprosenten til kommunane auka frå 13 i 2003 til 13,2 i 2004, fylka fekk redusert skatteprosenten frå 3,24 til 2,6, mens fellesskatten auka frå 11,76 til 12,2 prosent.
Nedgang i skattefrådrag
Samla frådrag i skatt utgjorde 29 milliardar, der personar fekk 23 milliardar og selskap 6 milliardar. Dette er ein samla nedgang i skattefrådrag på nærmare 7 milliardar kroner frå året før. Nedgangen kjem i stor grad av at inntekter på aksjar og andre eigedelar vart skattefrie for selskap i 2004. Godtgjerslefrådraget for personar auka med 2 milliardar kroner til vel 17 milliardar i 2004.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken byggjer på utdrag frå Skattedirektoratet sitt register over likninga for personlege og etterskotspliktige skattytarar.
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42