9323_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/skattlign/aar
9323
493 milliardar i skatt
statistikk
2007-02-14T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattlign, Skattelikninga (opphørt), selskapsskatt, personskatt, skattefrådrag (for eksempel boligsparing, Finnmarks-frådrag, godtgjerslefrådrag), skattetypar (for eksempel inntektsskatt, formuesskatt, kommuneskatt)Skatt for næringsvirksomhet, Skatt for personer, Virksomheter, foretak og regnskap, Inntekt og forbruk
false

Skattelikninga (opphørt)2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

493 milliardar i skatt

Personar og selskap fekk utlikna til saman 493 milliardar kroner i skatt for inntektsåret 2005. Dette var 70 milliardar kroner meir enn året før, og 57 milliardar av auken stod selskapa for.

Feil i denne statistikken er retta i seinere publiseringar

Nye ordningar i petroleumsbeskatninga blei innført frå og med 2005, og påverkar tal i skattestatistikk for selskap, og oversyn over skattelikninga. Tala i denne artikkelen reflekterer ikkje endringane som er gjort. For nye og oppdaterte tal, sjå skattestatistikk for selskap med tilhøyrande tabellar (2009) (frigitt 20. desember, retta 25. januar 2011) og oversyn over skattelikninga med tabellar (2008) (frigitt 16. februar 2008, retta 25. januar 2011).

For meir informasjon om rettingane og bakgrunnen for desse, sjå eigen artikkel, " Retting av skattestatistikk - utbetaling av skatteverdi ".

Brutto utlikna skatt utgjorde til saman 537 milliardar kroner, medan frådrag og nedsetjingar i skatt utgjorde vel 44 milliardar. Dette gav 263 milliardar kroner i utlikna skatt for personar medan selskapa vart likna for 231 milliardar.

Meir til fylka - mindre i fellesskatt

Utlikna fylkesskatt utgjorde nær 19 milliardar kroner, noko som var ein auke på 23 prosent samanlikna med året før. Utlikna inntekts- og formuesskatt til kommunane var på 89 milliardar kroner, ein auke på 7 prosent samanlikna med 2004. Vridinga i utlikna skatt mellom kommune og fylke skuldast endringar i fordeling av skattøyre mellom kommune, fylke og stat. Skatteprosenten til kommunane var framleis 13,2 i 2005, fylka fekk auka skatteprosenten frå 2,6 til 3, medan fellesskatten blei redusert frå 12,2 til 11,8 prosent.

Auke i skattefrådrag

Samla frådrag i skatt utgjorde vel 44 milliardar, ein auke i samla frådrag på 14 milliardar kroner samanlikna med 2004. Auken skuldast i hovudsak auke i godtgjerslefrådraget for personar på 10 milliardar kroner i 2004 til vel 27 milliardar i 2005.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på uttrekk frå Skattedirektoratet sitt register over likninga for personar og selskap.

Tabeller: